Kvar einaste dag tar vi fleire enn 90 millionar sjølvportrett.
I gamle dagar måtte eit portrett bli måla. Dei gamle direktørane i Christiania Sparebank heng framleis på veggen – i det som no er ein bar.

Portrettmåleriet i selfiens tidsalder

Kvar blei portrettmåleriet av? Vi har funne nokre døme.

For nokre år sidan, kjøpte investor og kunstsamlar Christian Ringnes eit bilete han blei glad i.

Christian Ringnes peiker på et portrettmåleri av seg sjølv

Biletet er måla av kunstnaren Spontan. Ringnes skjønte at biletet ville få affeksjonsverdi for han. Sidan har det hatt ein heidersplass på kontoret hans.

Christian Ringnes framfor et portrettmåleri av seg sjølv

«Eg likar at slagordet mitt er med! Silketørkleet også. Det er mykje humor i biletet, og eg synest det er morosamt å ha det på veggen. »

På jobb snakkar psykolog Steinar Bjartveit mykje om leiarutvikling. For ei tid tilbake fekk han og kollegaene ein ide som kanskje synest pretensiøs, men som dei meiner er stilig og i tråd med ideala frå renessansen:

Dei bestilte eit måleri av alle i firmaet, i ein klassisk komposisjon. Historiske personar som har vore viktige i leiarutvikling er også måla inn i biletet. Mellom anna kan du sjå Dante, Machiavelli og Nietzsche.

Biletet er eit døme på eit litt utradisjonelt portrett, for det inneheld i alt 24 personar..!

På måleriet er Steinar Bjartveit i kvit skjorte, med ryggen til. Verket går på omgang hos kollegaene, og nett no heng det i stova hos Steinar.

– Eg synest kunstnaren som har komponert dette er knallflink, seier han.

Den knallflinke kunstnaren er Helene Knoop.

 – Vi snakkar ikkje så mykje om portrettmåleriet lenger, seier ho.

Ho trur portrettmåleriet hadde ein høgare status før fotoapparatet kom. Når det er sagt, har ho mange bestillingar på nettopp portrettmaleri.

Knoop seier at portrettet framleis er aktuelt, fordi vi ofte tar bilete av oss sjølve og er opptatt av korleis vi tar oss ut på sosiale medium.

– Men det er noko helt anna å bli malt og sett gjennom auga til ein kunstnar, enn å ta eit bilete av seg sjølv.

No i haust har fleire norske kjendisar opplevd å bli sett gjennom auga til norske portrettkunstnarar. Ser du kven dette er?

Komikar Else Kåss Furuseth sat modell i Portrettmesterskapet, og fekk med seg eit bilete signert Valeria Duca heim.

Ho har valt bort eit bilete av Kong Haakon 7, til fordel for portrettet av seg sjølv.

«Eg likar fargane i biletet. Samstundes blir eg vemodig, fordi eg ser mamma og mormor i det. Det gir meg ein Kåss-feeling, på ein god måte.»

Heime hos kulturredaktør Danby Choi, heng resultatet etter ein bytur med kunstnaren William Heimdal.

Dei blei einige om at Danby skulle sitje modell for eit portrett. Det enda med at Danby kjøpte biletet og hengde det over spisestovebordet.

«Eg synest han har måla meg mykje finare enn eg er i røynda. »

Danby var først usikker på om det er lov å ha eit portrett av seg sjølv på veggen heime.

– Er det lov? I 2023?

– Eigentleg ikkje. Men så enda det opp her likevel.