Ho vart født inn i borgarkrigen i Sierra Leone
Den blodige og brutale krigen ramma landet hardt
Krisene fortsette å kome, men årets TV-aksjon kan bidra med avgjerande hjelp

Diamantlandet som vil skine igjen

«Eg trur kroppen min hugsar dei makabre tinga. Eg kan hugse at eg var veldig uroleg frå tidleg alder.»

Regina Tucker

Mellom 1991-2002 var det borgarkrig i Sierra Leone. Den tok livet av fleire hundre tusen menneske. Regina Tucker, betre kjent som Myra, vart født i det krigsherja landet i 1994.

«Det var ein veldig utrygg situasjon for både barn og vaksne. Den redselen låg i lufta, og vart overført til barna. »

Regina Tucker

Bakgrunnen for krigen var ulovleg handel med diamantar, også kjent som «bloddiamantar».

«Eg var veldig redd da eg var liten, og eg har framleis fysiske reaksjonar på grunn av at det fyrste året av livet mitt var omringa av krig.»

Regina Tucker

Landet, som ligg på vestkysten av Afrika, har vore prega av krig, hjerneflukt og epidemi dei siste tretti åra.

For sjølv om borgarkrigen tok formelt slutt i 2002, skulle konsekvensane prege landet i mange år etterpå.

  • Landet mista helsearbeidarar, lærarar og andre yrke som var viktige for dei
  • Det var store øydeleggingar på infrastrukturen som vegar og elektrisitet
  • Mellom 2014-2016 tok Ebola-viruset livet av tusenvis av menneske, inkludert helsearbeidarar. Helsesystemet vart kraftig svekka, og det er framleis kritisk mangel på helsearbeidarar den dag i dag.
  • Sierra Leone har høg mødre- og barnedødelegheit. Malaria herjar landet. Og korona-utbrotet hadde stor negativ innverknad.

Sjølv om ting er i ferd med å snu treng dei framleis hjelp til å byggje seg opp igjen. I år går årets TV-aksjon til Leger Utan Grenser, som blant anna arbeider i Sierra Leone.

Leger Uten Grenser er ein organisasjon som gir livreddande helsehjelp og medisin til dei som treng det mest. Dei har jobba i Sierra Leone sidan 1986 og driv eit stort sjukehus i Kenema-provinsen.

«Sjølv om landet er i ferd med å kome seg etter koronaen har levekostnadane og levebrødet vore utfordrande, og det er ei enorm arbeidsløyse i landet. »

Abdulai Sesay

Abdulai Sesay er frå Sierra Leone, og er assistent for «Head of Operations» for Leger Uten Grenser sitt prosjekt i Kenema. Han fortel at på grunn av mangel på finansiering er helsesektoren, og spesielt helsetilboda i distrikta utfordra.

«Trass i støtta frå Leger Uten Grenser og andre organisasjonar er det mangel på viktige medisinske forsyningar i distrikta.»

Abdulai Sesay

Midla frå TV-aksjonen gir Leger Uten Grenser moglegheit til å behandle fleire barn mot malaria og andre farlege infeksjonssjukdommar. I tillegg skal dei gi helsehjelp, lære opp helsearbeidarar og drive førebyggande arbeid i avsidesliggande område.

For Regina Tucker er TV-aksjonen ekstra spesiell i år. Inntektene går blant anna til heimlandet hennar og ho står bak årets låt for aksjonen med «Kan ikke falle».

«Det er ei ære. TV-aksjonen minnar oss på at sjølv om vi har det bra, er det folk der ute som treng hjelp.»

Regina Tucker

«Kan ikke falle» handlar nettopp om å hjelpe til når ein ikkje strekk heilt til i livet, og ramlar. Artisten trong nokon som kunne strekke ut ei hand og løfte ho opp.

«Å trenge hjelp er universelt. For det er ingen som klarer livet aleine.»

Regina Tucker

Myra veit alt om kor livsendrande det kan vere å få hjelp. Da ho var 1 år bestemte familien seg for å flykte. Dei kom etter kvart til flyktningleiren i Liberia - saman med fleire tusen andre.

Der vart dei kjent med to kvinner frå Noreg som hjelpte dei med å få flyktningstatus, og som vidare førte dei til Noreg.

«Det er vanvitig sterkt å tenke på at utan dei to damene, og utan midla dei hadde, så hadde ikkje dette vore mitt liv.»

Regina Tucker

«Det har betydd ekstremt mykje. Det er som å få ei ny sjanse i livet. Det var antan det eller døden. Anten krig eller håp. »

Regina Tucker

Artisten har ei sterk tilknyting til heimlandet sitt, og ho har lyst til å besøke landet ho kjem frå. Enn så lenge er ho glad for å strekke ut ei hand frå her.

«Eg håpar at Sierra Leone skal få skine som den diamanten det er. »

Regina Tucker

Journalist

Oda Elise Svelstad

Fotograf

Ulrik Kramer
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal