Gjennnom holet, under tusen meter is, gøymer eit skummelt svar seg.
I dette isaudet har forskaren Svein (70) jakta svar heile arbeidslivet - til skjegget blei kvitt som isen.
No skal Svein fortelje om funna - utan å skremme vetet av ungane våre.

- Kan Antarktis knekke i to?

Heime i Bergen følgjer Svein med på data frå sensoren tusen meter under isen i Antarktis - der han har målt verdas kaldaste vatn.

Han tenkjer på turane til Antarktis. Vakande i teltet, omringa av uendeleg is,  trudde han i det lengste på å lande eit positivt svar.

Svein bada bekymringslaus på isen - inntil han fann ut kva som skjer i djupet under.

Det endrar verda. For alltid.

Dei små pingvinane forsvinn i det store biletet.

Men trugsmålet råkar ikkje berre dei.

Med klimaendringar strøymer varmare vatn inn under isbremmane, som held isen på Antarktis på plass.

Vi styrer mot eit tippepunkt. Ei endring umogleg å snu.

Der bremmane gir etter, is renn i havet, smeltinga eskalerer og havet stig ...

Heime kling eit gamalt høyrespel i minnet, ei fæl hending - som gav mareritt.

Gutungen Svein høyrde på ei radioforteljing om ein katastrofe i Nederland.

Stormfloda la store delar av det flate landet under vatn - eit par tusen menneske drukna.

- Denne historia skremde meg veldig, seier Svein, men ho skapte òg heltehistorier og håp.

Håp gjennom frivillige som redda liv.

Svein har funne ut at det som skjer i Antarktis gjer at kraftige stormfloder berre er tiår unna å ramme oss - oftare enn før  ...

For Svein er forskinga livsverket. Verkstaden er proppa med utstyr til Antarktis-turar.

Kven tek over idet han gir seg, spør han seg. Han bekymrar seg for den viktige jobben og bodskapen.

Alt må bærast vidare.

Svein ville fortelje, utan å skremme, slik han blei skremd som gutunge.

Han fekk laga ein teikneserie -  for å få fram håpet med kunnskap og handling.

Svein og kollega Kristin Richter er på veg til 4. klasse ved Kolltveit skule.  Dei ber  på skumle nyheiter, ein teikneserie og isklumpar.

Han dreier på globusen, peikar lengst sør på kloden, der er Antarktis.

La oss seie hatten er Antarktis, seier Svein, øvst ligg enormt med is på land.

Rundt ligg tjukke isbremmar på vatn og held landisen på plass.

Havstraumane sender allereie varmare vatn under bremmane.

Kva skjer om dei brest?

Då kollapsar ismassane og raser i havet.  Pingvinane mistar plassen dei bur.  Ikkje berre det: 

Havet stig.

Ein gut rekk opp handa og spør bekymra:

– Kva om all isen på land fell i vatnet - blir det veldig høgt då?

– Då stig havet 60 meter - over Sotrabrua, fortel forskarane.

– Men det skjer ikkje di levetid. Heller ikkje barnebarna dine si tid. Du skal ikkje bekymre deg, seier dei.

– Kan Antarktisk knekke i to, spør ei av jentene.

–  Godt spørsmål, seier Svein.

Han forklarer:

I Vest-Antarktis ligg isen på fjellgrunn, under havnivå.

– Vi frykter denne kan knekke av. Skjer det, er det ein katastrofe, seier Svein.

Då stig havet tre meter. Og allereie i dette århundret heile ein meter.

Om det skjer, veit vi ikkje, det forskar vi på.

Is smeltar og sig allereie i havet, nokre isbremmar vil losne.

- Når de er like gamle som meg - om 60 år -  vil havet ha stige med litt over ein halvmeter.

Kanskje ikkje så farleg for oss her i Noreg.

Mykje verre for andre.

Som Nederland, landet Svein hugsar blei begravd i vatn då han var liten.

Det finst fleire andre land i verda som kan bli oversvømt.

Som teikneserie-figuren Svein seier det:

Det får alvorlege følgjer. Sender millionar av menneske på flukt.

– Skal vi lukke augene for dei, spør Svein.

Her i Noreg blir naust, bygningar og områder nær sjøen oversvømt.

Med dårleg vêr og vind får vi fleire stormfloder. Bryggen i Bergen blir då ståande under vatn.

Det skjer oftare om vi og verda brukar like mykje kol, gass og olje som no.

– Kan vi gjere noko, spør Svein.

– Sleppe ut mindre sånne gassar, seier guten, som var bekymra. 

– Ja, alle må bidra til å sleppe ut mindre av klimagassar, som varmar opp kloden, seier Svein.

– Håpet ligg i handling, at vi gjer noko, for dei største isbremmane er stabile.

Svein og ungane går ned mot kaia.

– Alle må ha redningsvest, ropar læraren.

Svein viser ungane kor høgt havet står - den dagen dei blir like gamle som han er.

Halvmeteren og vel så det, ikkje så farlig - for oss.

– Kan vi få ta selfie med deg, Svein, spør 4. klassingane.

I bakgrunnen kjem det frå ei av jentene:

– Eg vil bli forskar.