Jaktar levd liv

Italienske Luca vert aldri ferdig med å fotografera Noreg.

Italiensk-danske Luca Berti har reist landet rundt, frå nord til sør. Med det analoge kameraet sitt jaktar han norske bygdemotiv i svart-kvitt.

– Målet mitt er å dokumentera dei landlege kulturane og naturlandskapa i Noreg.

Han ser opp til fotografane Axel Lindahl (1841-1906) og Knud Knudsen (1832-1915). Begge reiste landet rundt for å dokumentera folk og landskap.

– Det er viktig å ta vare på kulturlandskap og tradisjonell arkitektur i distrikta. Her finst delar av unike kulturar som er i ferd med å forsvinna.

No er han i Hyllestad for å halda workshop med åttandeklassingane på Hyllestad skule. Han vil læra elevane å sjå dei vande omgivnadane sine med nye augo. Kva er det som gjer Hyllestad til Hyllestad?

Bileta deira skal vera i svart-kvitt, liksom Luca sine. Til sommaren skal dei henga side ved side på ei utstilling i bygda.

Elevane smett inn i kjellaren på det gamle skulebygget i Hyllestad. Vanlegvis får dei ikkje gå inn her, men i dag er eit unntak.

Då knipsar Malin Oppedal eit bilete av venninna Lene Marie Dale. – Ser det ikkje litt emo ut, spør modellen. – Ja, men det må jo vera litt sånn, svarer Malin.

I Kvernsteinparken like ved skulen, fiskar Malin opp mobilen igjen. Her vart det produsert kvernsteinar frå 700-talet fram til 1930-åra, og i dag står staden igjen som eit kulturminne.

– Eit kulturminne er vel noko gammalt som har vore på den same plassen veldig lenge, fortel Lene Marie.

Det er ikkje lett å vita kva som er spesielt nok til å fotografera. – Kanskje denne stien her, spør Eileen Eimind Thorsnes.

Eller?

– Var det nokon som såg på skogen litt annleis, spør Luca. Den eine eleven svarer kontant: «Nei, me har vore her for mykje.»

Men bileta fortel ei anna historie.

– Det var ei glede å verta kjent med elevane og sjå dei fotografera. Me har sådd eit lite frø, og så vil framtida seia om det veks, seier Luca.

– Eg håper elevane tenker igjennom det me har snakka om. At dei tek vare på lokalkulturen, tradisjonane og kulturminna.