To 16-åringar jobbar aleine under snøtunge bjørketre.
Vedbedrifta deira omsette for fleire hundre tusen kroner i 2022.
No har dei kjøpt ei dyr produksjonsmaskin. Kanskje for dyr?

To med sans for tre

Dei vil skape gull av ved.

I den iskalde bjørkeskogen mellom Etnedal og Nord-Aurdal traskar Kristian Lyseng og Sondre Tollehaug seg fram til eit tre.

Dei rettar på hjelmane og drar i gang motorsaga.

Kristian og Sondre er søskenbarn og er vane med kroppsarbeid frå dei var smågutar.

No må dei jobbe raskt for å halde varmen. Og for å skaffe pengar. Mykje pengar.

«Vi starta eigentleg kvar for oss, men fann ut at det gjekk mykje lettare når vi var saman om det.»

Kristian Lyseng

Valdresgutane har tatt eit stort steg for å gjere vedproduksjonen enda meir effektiv.

Dei har handla maskinutstyr for nesten ein million.

«Vi har investert i ein Vepak og fått ei gjeld på 750 000 kroner som må betalast. »

Kristian Lyseng

Vedpakkemaskina er blitt sjølve hjartet i den nyetablerte bedrifta.

Nesten kvar dag etter skuletid må dei jobbe.

«Vi har skaffa oss mykje arbeid, men no kan vi stable meir ved på kortare tid. »

Sondre Tollehaug

«Nokre trur at dei som driv med tømmer tener meir enn før, men det er heilt feil. Sjølv om prisen har gått i taket, så har utgiftene gjort det også. »

Kristian Lyseng

Gutane kan forsyne seg lenge i dei familieeigde skogsfelta i Steinsetbygda.

Dei gler seg til dei blir gamle nok til å sjølv stå som eigarar av Norsk Bjørkeved AS.

Far til Kristian følger med frå parkeringsplassen. Han dreiv sjølv i skogen då han var liten og er stolt over sonen og nevøen.

«Det mest imponerande er at dei tar dette så seriøst. »

Eivind Lyseng

«Dei har halde på sidan dei var ein neve store og er utruleg erfarne til å vere så unge. »

Eivind Lyseng

I dag må gutane bruke foreldra sine traktorar når trevirket blir lasta i skogen og blir køyrd til produksjonshallen der vedpakkemaskina står.

Sondre gler seg til han blir atten og kan vere herre over eigne maskiner.

«Vi har lyst å bli meir sjølvforsynte og eige traktoren sjølv.»

Sondre Tollehaug

Garasjen heime på garden til Kristian er full av vedsekkar klare for sal.

Kristian og Sondre treng ikkje bruke tid eller pengar på treningssenter.


Kvar vedsekk veg 14 kilo. Det har vore mange sekkeløft att og fram, og fleire skal det bli. Dei har kundar som ventar.

Hardt og tungt arbeid skremmer ikkje Kristian eller Sondre.

Heller ikkje at dei jobbar med farlege reiskap og maskiner.

Dei meiner sjølve at dei tar sikkerheita på alvor.

«Vi felte ei buske over ei straumleidning ein gong, det var ein farleg situasjon. Det går fint så lenge vi passar på kvarandre.»

Kristian Lyseng (16)

Med heilt fersk traktorlapp lempar dei vedsekkane oppi traktorskuffa før dei køyrer ut til kundane.

I nabobygda Skrautvål står ein kar og ventar.

Ola Knut Goflebakke likar pågangsmotet til dei unge vedprodusentane.

Han veit dei har fastpris, så det er ikkje vits i å prute.

«Dei kjem til å klare seg, desse to, i alle fall med dei straumprisane vi har no.»

Ola Knut Goflebakke, vedkunde

«Flinke karar. Dette er jo flotte greier. Lettvint å få veden tilkøyrt. Stor skryt til dei.»

Ola Knut Goflebakke

Valdresgutane trur vedbedrifta deira skal klare å kvitte seg med den store maskingjelda og kanskje vil dei og tene nok til å oppfylle andre ønske?

Målet er nemleg å sleppe å ta opp studielån når dei flytter heimanfrå – og kanskje oppfylle draumen om ei pause frå arbeid og kulde.

« Vi har prata om at vi vil dra på firmatur til Syden, berre vi to.»

Kristian og Sondre

Tekst og foto

Ruth Barsten og Aleksandr Nedbaev
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal