Før myldra det av folk. Nå står kroa tom.
Nokre av dei gamle bygga rommar noko heilt anna.
Andre er jamna med jorda.

Kva skjedde med vegkroene?

Berre nokre få er att.

Langs vegen mellom Hamar, Gjøvik og Lillehammer ligg vertshuset V-E6.

Dette er eitt av svært få som er igjen av sitt slag.

Der pryder framleis eit stort, raudt «Veikro»-skilt den store bygninga som vart bygd tidleg på 90-talet.

Sidan då har vegkroa stått i ein storm av utfordringar.

– Hadde eg visst kor tøft det skulle bli, hadde eg nok gitt meg for lenge sidan.

Anne-Marie Sagen, dagleg leiar

Koronapandemien kom med sine utfordringar med permisjonar og nedstenging, ifølgje Sagen.

Då pandemien endeleg byrja å avta, venta nye hinder.

Rekordhøge prisar både på straum og matvarer gjorde det dyrare å drifte kroa.

Samstundes måtte folk flest spare meir pengar.

Færre enn nokon gong tok turen innom dei tradisjonelle vegkroene for ein porsjon biffsnadder eller karbonadar.

Men vegkroene byrja å bli borte lenge før pandemien traff Noreg i 2020.

På 1960-talet skulle Noreg bli bygd ut for den raskt veksande biltrafikken. Samstundes vart det sett opp større serveringsstader for dei vegfarende – såkalla vegkroer.

Ein av dei som tidleg kasta seg på dette nye konseptet var Olaf Frich.

Til å byrje med var kaféen i Dombås ein tradisjonell kafe, men etter kvart likna den meir på ei typisk vegkro.

Sidan då har Frich's utvida og har no serveringsstader fleire plassar.

Trass i det er firmaet langt forbi si stordomstid når det gjeld vegkroverksemd.

Øyvind Frich tok over verksemda til bestefaren i 2001. Han meiner at berre rundt ein fjerdedel av vegkroene på 70-, 80- og 90-tallet framleis eksisterer.

Han seier at mange av drivarane har gått konkurs, eller rett og slett ikkje orka meir.

– Vi gir alt vi kan, til slutt har vi ikkje meir å gi. Og så døyr vi.

Øyvind Frich, eier av Frich's Spisesteder

Kva meiner vi med tradisjonelle vegkroer?

Ei vegkro er ein kafeteria, ein restaurant eller eit vertshus der kundane først og fremst er reisande som stansar for eit måltid undervegs.

Med begrepet "tradisjonell vegkro" meiner vi vegkroer som serverer tradisjonell norsk mat, enten som einaste alternativ eller i tillegg til annan type mat.

Jan Otto Svendsen og Per G. Ottosson opna si første vegkro i 1983. I løpet av dei neste to tiåra vart konseptet deira noko «alle» visste om.

By The Way var namet på kjeden som i 2001 hadde 18 restaurantar langs norske vegar.

Brått var gullalderen forbi.

Omsetjinga dalte og makkerparet måtte reagere. I løpet av dei neste fire åra selde dei fire av restaurantane sine.

– Vi byrja å sjå konturane av ein bransje som hadde stordomstida bak seg, og vi måtte å selje før det var for seint, seier Svendsen.

Hausten 2006 tok sveitsiske Marché International over dei då 14 restaurantane. To av desse vart avvikla, og dei 12 som var att vart til Marché.

Etter litt over ti år trakk Marché seg ut av den norske marknaden.

Då vart alle dei 12 vegkroene erstatta av Burger King-restaurantar.

Både Jan Otto Svendsen og Øyvind Frich meiner det finst fleire årsaker til at så mange av dei tradisjonelle vegkroene har forsvunne.

  • Stadig utbygging av vegar har flytta trafikken ut av sentrum.
  • Serveringsindustrien er i stadig utvikling, og det er mogleg å servere mat utan fagkompetanse.
  • Vegfarande har det meir travelt med å koma seg fram enn før.

Men spesielt ei hending fryktar Frich på sikt vil bety spikaren i kista for vegkrotradisjonen.

Det han kallar for «vegkrodødaren».

I 2001 vart det innført eit momsskilje for spisestader som inneber at gjestar som et på restauranten må betale 25 prosent meirverdiavgift, eller moms.

Dei som i staden vel å ta maten med seg, treng berre å betale 15 prosent moms.

– Det er som ei straff for å drive denne type verksemd.

Øyvind Frich

– Momsen som Frich pratar om er blodig urettferdig.

Kristin Krohn Devold, daglig leiar i NHO Reiseliv

NHO Reiseliv meiner serveringsstadane burde bli behandla likt når det gjeld moms, uavhengig av korleis dei vel å servere mat.

For å endre på ordninga må det politisk vilje til, ifølgje Krohn Devold.

Statssekretær Erlend Grimstad (Sp) seier at momsen er viktig for å finansiere velferda. Inntekta er med på å betale for blant anna skule, helse og politi, ifølgje han.

– Å redusere satsen ville koste Noreg anslagsvis mellom fire og seks milliardar kroner i året.


MDG på si side ønskjer lik moms for alle, ifølgje stortingsrepresentant Rasmus Hansson.

– Det vil gje fleire jobbar og betre økonomi i bransjen, og det er betre at folk sit saman og hygger seg med god matkultur, enn at dei køyrer etter vegane med mat i plast og papp, seier han.

– Det er utruleg at mine kundar må betale 25 prosent moms, medan hos naboen treng dei berre å betale 15.

Frank Asle Mathisen, dagleg leiar i A Bite Of Norway

Mathisen tok over gamle Tunet kro på Fåvang i 2021. Han beskriv ein bransje med urettferdige konkurransevilkår.

Trass i det har han våga å satse på det som har teke knekken på så mange.

Han fortel om ein blytung oppstart.

Med kroa A Bite Of Norway ønskjer han å utfordre ein teori han har om at nordmenn ikkje er stolte nok av eigen matkultur.

Dersom maten er god, har kroa livets rett, meiner han.

– Overlever eg dei fem første åra her, skal eg starte elghakk-utsalg på Nedre Manhattan i New York. Då er ingen ting umogleg.

Fram til 2016 gjekk E6 rett forbi vertshuset Sinclair i Kvam, og det var ein populært stoppestad midt mellom Oslo og Trondheim.

No fortviler innbyggjarane over at kroa er stengd.

– Eg har vore fast inventar på Sinclair i alle år.

Tor Kolloen, innbyggjar i Kvam

Kolloen beskriv eit godt miljø blant vegfarande, og ikkje minst for lokalbefolkninga.

– Sjå! No står det berre og forfell. Det er trist, seier han.

– Vegkroene skildrar Noreg på eit visst tidspunkt i historia. Men – det er ikkje alt som maktar å overleve. Det er heller ikkje alt som skal overleve.

Steinar Bryn, tidlegare kulturforskar

På 1980-talet forska Bryn på amerikanisering i Noreg. Han trur innverknaden frå amerikansk kultur har fått nordmenn til å oppfatte tid annleis.

Vi opplever ikkje lenger tida som langdregen, men i staden som augneblink etter augneblink, meiner han.

– Augneblinken blir prioritert framfor det som tek tid. Nå ønskjer vi raske løysingar og snarvegar.

– På 80-talet kom eit sug etter det amerikanske. Så fekk vi «drive thru» og ekspedisjonen vart raskare. Dermed fall nokre av funksjonane til vegkroene bort.

Stor konkurranse har tvinga gamle Øyer Gjestegård til å omstille seg.

Sjølv om det framleis står "kro" på skiltet, stemmer det ikkje heilt for den drifta som er der nå.

– Vi har valt å ta attende namnet, sjølv om dette ikkje lenger er ei vegkro.

Irene Lien, direktør på Hafjell Hotell.

Sjølv om det er ope for vegfarande, er restauranten i hovudsak knytt til Hafjell Hotell som ligg i det same bygget.

Lien fortel at det ikkje hadde vore mogleg å overleve berre på vegkrodrift.

– Folk tek seg ikkje tid til å stoppe lenger. "Vegkro-generasjonen" er utdøyande.

Men nokre gir seg ikkje.

Anne-Marie Sagen på Vertshuset V-E6 beskriv det å drive vegkro som ei skrekkblanda fryd.

Sjølv om ho veit at ho går ei usikker framtid i møte, går ho smilande inn i det ukjende.

– Eg held ut fordi eg elskar jobben min, den tradisjonelle husmannskosten og å jobbe med menneske.