Lviv, Ukraina: 23 år gamle Anastasia har uhelbredeleg kreft.
Kjærasten Vladimir er soldat. Han skal kjempe i krigen.
Dei veit det truleg er siste gangen dei ser kvarandre.

Anastasia har fått lov til å bu hjå vener i Warszawa. Vladimir skal tilbake til Kyiv. Han får ikkje lov til å forlate landet.

Det er Jan Erik Hovaukholen som skal køyre Anastasia frå Lviv til Polen. Han er ein av nordmennene som jobbar frivillig i Ukraina.

Før Hovaukholen kom til Lviv blei ambulansen fylt opp med medisinar donert av nordmenn og andre.

På veg til å hente Anastasia stoppar dei på eit barnesjukehus i Lviv

Der hjelper til og med legane til med å tømme ambulansen.

Medisinar, barnemat og klede hopar seg opp i resepsjonen.

Alt blir registrert. Det aller meste blir sendt austover med jernbanen til dei byane der øydeleggingane er størst.

Hovaukholen søker opp neste adresse. No skal han hente dødssjuke Anastasia.

Anastasia har fått hjelp til å leggje seg på båra. Nå ventar ein lang og smertefull ferd mot Polen.

Hovaukholen lovar å køyre så forsiktig som han kan dei sju timane det tek til Warszawa.

Døra går att. Bilen rullar av garde. Tilbake står Vladimir oppløyst i tårer.