Jente med langt, brunt hår og hvit t-skjorte står med ryggen til, lyst opp av et rosa lys på svart bakgrunn

Svindel­offer blir sittande att med gjelda

Ein svindlar som blir dømt, slepp som regel å betale. Det kjem fram i ein ny rapport.

– Min største draum er at lånet blir sletta, så eg kan byrje livet mitt på nytt. Eg vil nå målet mitt om å kjøpe leilegheit eller eit hus.

Det seier ho me kallar «Jasmin».

Ho er ein av 12 personar som Shakeel Muzaffar er tiltalt for å ha svindla for til saman over ti millionar kroner. Jasmin blei ifølge tiltalen lurt for 962.450 kroner.

Rettssaka mot Muzaffar blei utsett, for han var vekke. Han blei internasjonalt etterlyst. NRK fann han i Romania, og der sa han at han ikkje har lurt nokon.

Skulle det bli ein dom i saka, er det likevel ikkje sikkert at Jasmin blir kvitt gjelda si.

Ein bunke med brev og papir ligg på ein sofa med ei kodebrikke til banken i ein plastpose på toppen. Dette er det ein fornærma har att etter han gav kodebrikka si til ein som sa han skulle hjelpe han med å få lån.

Rekningar, inkassokrav, dokumentasjon. Ei kodebrikke. Dette har ein av dei fornærma i saka mot Shakeel tatt vare på som bevis på kva personen har opplevd.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Rekningar, inkassokrav, dokumentasjon. Ei kodebrikke. Dette har ein av dei fornærma i saka mot Shakeel tatt vare på som bevis på kva personen har opplevd.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Bankbrikka er brikka

Fleire av dei som har gått til sak mot Shakeel, var unge menneske som håpa at Muzaffar skulle hjelpe dei med bustadlån.

Han skal ha fått tillit ved å bli vener med dei fornærma. Difor skal dei ha gitt han personopplysningar og bankbrikka si.

Det er dei ikkje åleine om.

I ein ny rapport frå Universitetet i Oslo (UiO) har forskarane sett på 292 svindelsaker der det har vore misbruk av elektronisk identitet.

I sju av ti saker brukte svindlaren bankbrikka til den fornærma.

Fire av ti svindeloffer hadde sjølv gitt sikkerheitsinformasjon til svindlaren.

Over halvparten blei svindla av ein som står dei nær.

Illustrasjon av kodebrikke som viser koden 47890

Aldri del BankID-en

Dei som gir frå seg bankbrikka til andre, er sjølve ansvarlege når ho blir misbrukt. Det er beskjeden frå Finans Norge, som representerer bankane.

– Aldri, aldri, aldri del BankID-en din med nokon, seier forbrukerpolitisk direktør Gry Nergård i Finans Norge.

Det kan nemleg få konsekvensar.

Portrett av Gry Nergård som er forbrukarpolitisk direktør i Finans Norge.

– I dei tilfella det er tatt opp lån med nokon andre sin BankID, er det eigentleg banken som er svindla. Men banken kan rette eit erstatningskrav mot den som eig BankID-en, om personen har medverka på ein eller annan måte til at svindelen kan skje.

 Men burde ikkje banken eigentleg ha retta kravet mot svindlaren?

– Jo, det kan ein gjere. Men i veldig mange tilfelle er svindlaren forsvunnen over alle haugar. I alle fall har pengane forsvunne.

BankID-eigaren kan måtte betale eigenandel dersom personen har vore grovt uaktsam, og ein kan også bli gjort ansvarleg for heile lånesummen, ifølge Nergård.

Ho presiserer at ingen skal betale dersom banken ikkje kan bevise at den som eig BankID-en har utvist skyld.

Likevel: Rapporten frå UiO viser at i alle sakene der det var ein dom mot ein svindlar, måtte offeret betale.

– Det var eit veldig interessant funn at etterforsking og oppklaring kanskje ikkje har reell betydning, seier Amelia Svensson som er ein av dei som har skrive rapporten.

Amelia Svensson og Ellen Bennin Brataas står i en trappeoppgang

Amelia Svensson (til venstre) og Ellen Bennin Brataas er to av dei som har skrive rapporten. Mira Sofie Stokke er også medforfattar.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Amelia Svensson (til venstre) og Ellen Bennin Brataas er to av dei som har skrive rapporten. Mira Sofie Stokke er også medforfattar.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Få saker blei etterforska

Den ferske UiO-rapporten er den første i Noreg om temaet. Den viser også at ei svindelsak sjeldan hamnar i retten:

Av svindelsakene som blei melde til politiet, blei berre ein av ti etterforska og oppklart.

Økokrimsjef Pål Lønseth seier at norsk politi må førebygge svindelhendingar betre.

Han innrømmer også at det ikkje er nok ressursar i politiet til å «ta» dei svindeltiltalte som oppheld seg i utlandet.

– Vi må bli endå betre på å straffeforfølge dei sakene der vi har moglegheit til å få tak i ein gjerningsmann. Ofte sit dei utanlands.

Lønseth seier at politiet og Økokrim vil auke innsatsen mot digital svindel framover.

Etter at NRK konfronterte Shakeel Muzaffar i Romania, har politiet endå ikkje pågripe han.

Ny lov i januar

Gry Nergård i Finans Norge seier endringar i bransjen vil gjere det vanskelegare å gjennomføre svindel med BankID framover.

– Vi har mellom anna laga ei bransjenorm. Ho inneheld ein del tiltak for å førebyggje at svindel skjer, avdekkje det når det skjer, og følgje opp dei som er utsett for svindel.

Ho påpeikar at det kjem ny finansavtalelov i januar 2023, som legg det økonomiske ansvar på banken hvis det skjer misbruk med BankID.

Petter Omland er likevel skeptisk. Han er jurist i ID-juristen som tilbyr gratis rettshjelp for personar som har vore utsett for ID-tjuveri.

Han seier lova vil gi svindeloffer betre vern, men er redd ho ikkje hjelper godt nok.

– Eg er spent på korleis lova blir følgt opp av bransjen i praksis, seier han.

Han meiner finansbransjen har ein lang veg å gå når det kjem til korleis dei behandlar personar som er utsette for svindel.

– Eg synest at dei er altfor opptekne av å krevje tilbake pengar uavhengig om grunnlaget for kravet deira er rett eller urett.

Petter Omland i IDjuristen snakkar i telefonen.

Petter Omland i ID-juristen gir gratis rettshjelp til personar som er utsette for BankID-svindel, og personar som ikkje får tilgang til BankID eller bankkontoen sin.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Petter Omland i ID-juristen gir gratis rettshjelp til personar som er utsette for BankID-svindel, og personar som ikkje får tilgang til BankID eller bankkontoen sin.

Foto: Patrick da Silva Sæther

– Det beste som kan skje

Enn så lenge hopar rekningane og krava seg opp for Jasmin og dei andre fornærma i saka mot Shakeel Muzaffar.

Den tiltalte er ikkje pågripen, og dermed blir det ikkje rettssak med det første.

– Det beste som kan skje er at han blir funnen. At det blir ei rettssak, og at han blir dømd for det han har gjort mot alle dei menneska som har blitt ramma, seier «Jasmin».

Meir om «AVSLØRT: Jakten på Shakeel»:

Kva er tala i denne saka basert på?

Studien «Rapport om misbruk av eID» er ein del av det større prosjektet «Samfunnssikkerhet og digitale identiter» ved Universitetet i Oslo (UiO).

Rapporten blei publisert i september 2022 og er den første rapporten som gir oversikt over korleis svindelkrav blir fulgt opp.

Arbeidet er leia av jusprofessor Marte Eidsand Kjørven.

Kva har forskarane sett på?

Forskarane har sett på 292 svindelsaker frå åra 2015 til 2021, der det har vore misbruk av elektronisk identitet.

I sakene har svindelofferet søkt hjelp hos rettshjelpstiltaka Jussbuss, JURK (Juridisk rådgivning for kvinner) eller Gatejuristen.

I rapporten er det fleire funn, blant anna:

Over halvparten av svindelsakene ble lagt bort av politiet.

Berre ein av ti saker blei etterforska og oppklart. Av desse enda åtte av ti med fellande dom mot svindlar.

I alle sakene der svindlar blei dømt, måtte offeret betale på kravet.

Fire av ti saker blei avgjorde ved at svindelofferet ikkje møtte opp i Forliksrådet, altså der ein skal kunne løyse konfliktsaker. Dermed måtte dei betale kravet sjølv.

Bilde av de fire journalistene i Avslørt redaksjonen

Tips oss

Vet du noe mer om denne saken? Avslørt-redaksjonen vil gjerne ha tips fra våre lesere. Send oss en e-post eller en kryptert melding via Signal, Whatsapp eller Secure Drop.

  • Signal: +47 413 63 428
  • WHATSAPP: +47 413 63 428