Det skal skje noko her for fyrste gong på lenge.
Det cubanske flagget blir hengt opp.
og skoa blir tatt på.
No skal dei endeleg...

danse saman igjen

– Det eg trudde var umogleg, var mogleg.

Aliochy Aragon

Rythm danseskule starta opp på slutten av våren 2020. For instruktør Aliochy Aragon har det vore ei spennande utfordring å starte ein danseskule midt under ein pandemi.

Meteren falt bort førre laurdag.

No kan dei ta kvarandre i henda, og by opp til pardans.

Du får dupere kontakt. Aragon meiner det er noko anna å danse saman med nokon enn det er å danse kvar for seg med ein meter avstand.

Med raudt skjerf og ein haug med smykkar, er han klar til å ta i mot menneske frå alle verdas land og aldrar.

Han vil dele sin cubanske og latinske kultur med dansarane.

– Det er ein viktig ting, smil og kos dykk, det er nøkkelen.

Aliochy Aragon

Så startar musikken.

Dei skal danse Bachata fusion.

Ein sosial dans frå den Dominikanske republikk. Det skal være intimt og tett. Dansen kan gå både fort og sakte.

Lejla Musovic har vore elev sidan starten.

«Du slepp deg totalt fri, du trenger ikkje tenke, du berre er. »

Lejla Musovic

Ho kan endeleg vere nær folk og kome i tett kontakt.

– Du utvekslar så mykje energi gjennom fysisk kontakt.

Lejla Musovic

«Bytt partnar.»

Aliochy Aragon, instruktør

Ingen skal danse med same person gjennom heile timen. Her skal du kome nær, og bryte intimgrensar med nye folk som du kanskje ikkje har noko til felles med.

«Ein knyter seg til folk på ein heilt anna måte, som går på tvers av kultur, språk og bakgrunn.»

Helene Fjågesund, elev

Dei møtest gjennom dansen. Dei er sosial utan å seie noko som helst.

Og då timen går mot slutten kan dei gi kvarandre noko mange har sakna.

Ein god klem

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal