Årets største mysterium

Møt årets karakterar og bli med på gjetteleiken.

Hemmelegheiter. Løgner. Hint. Maskorama står endeleg for tur!

Og førre veke kom den fyrste «avsløringa».

Ein nisse ...

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

... og ei havfrue skal vere med i årets sesong!

Maskorama. OBS IKKJE BRUK FØR TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Fortsett å scrolle og du vil få sjansen til å møte alle Maskorama-karakterane.

Jan Thomas

Spekulasjonane byrja for fullt og detektiv Jan Thomas trur han allereie veit kven havfrua er.

Benedicte Adrian i Stjernekamp 2017

– Kva heiter ho som syng med ho som spelar piano? spør Jan Thomas i Maskorama-podkasten.

– Du tenker på Benedicte Adrian? svarer programleiar for podkasten, Sarah Natasha Melbye.

– Ja, eg berre fekk den kjensla nå, fortel Jan Thomas.

Designar Kjell Nordstrøm
Ulrik Kramer/NRK

Har Jan Thomas rett? Det er det få som veit. Denne mannen høyrer til den inste sirkelen som sit med fasiten.

Ulrik Kramer/NRK

Kjell Nordstrøm, tidlegare kjent som Baron von Bulldog, har designa kostyma og jobbar tett på deltakarane.

Ulrik Kramer/NRK
Idear til nye karakterar og skisser er noko eg held på med heile året. Eg har ei hemmeleg bok der eg stadig skriv inn nye idear.
Ulrik Kramer/NRK

Alt startar med ei enkel skisse – som med Elgen i førre sesong. I den hemmelege boka si har Nordstrøm 40–50 skisser av ulike karakterar som deltakarane kan plukke ut frå. Allereie i januar startar det praktiske arbeidet.

Ulrik Kramer/NRK
Og så er det veldig viktig at deltakarane blir forelska i ein figur.
Ulrik Kramer/NRK
Ein skal jo flytte DNA-et sitt inn i den. Dei er ganske jævlige å ha på seg. Det er varmt. Tungt. Du må vere glad i figuren din om du skal orke det.
Ulrik Kramer/NRK

Han har mykje han må tenke gjennom.

Ulrik Kramer/NRK
Dei skal synge, danse, puste. Vi må sørge for at dei verken mistar balansen eller svimar av. Å få det tekniske til å fungere er vanskeleg.
Ulrik Kramer/NRK

Han sper gjerne på med artige, finurlege detaljar – som både kan hjelpe og villeie publikum. For eksempel stråa som er brukt i fjorårets Fugleskremselet:

Ulrik Kramer/NRK
Dei kjem faktisk frå finansministeren sin eigen gard.
Elgen frå Maskorama

Men av og til kan det gå frykteleg gale. Og hans største mareritt vart i fjor nesten verkelegheit. Geviret til Markus Bailey heldt på å ramle av under generalprøva rett før sending.

Då var eg redd. Eg tenkte: «No kjem geviret til å knekke av som vengene på eit fly.»

Det gjekk bra, men alt kan skje. Også i år. Tida er inne for å sjå årets Maskorama-karakterar.

Bamsen

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Frosken

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Snømonsteret

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Nøkken

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Heldiggrisen

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Dragen

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Nissen

Maskorama. OBS SPERREFRIST TORSDAG 28.10.21 KL. 08

Havfrua

Maskorama. OBS IKKJE BRUK FØR TORSDAG 28.10.21 KL. 08
Maskorama-podkasten med Sarah Natasha Melbye

Høyr meir om årets karakterar i Maskoramapodkasten i NRK Radio.