NRK Meny
Kronikk

Vi treng ein ny pårørandepolitikk

Tilstrekkeleg omfang av sjukeheimsplassar er viktig, men vi må slutte å kun telje sjukeheimsplassar.

pårørende eldre

Å ta vare på sine næraste skal ikkje vere berre for dei med romslege bankkontoar eller arbeidsgjevar, skriv Senterpartiets Liv Signe Navarsete og Kjersti Toppe i denne kronikken. Bildet er ein illustrasjon.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Journalist og forfattar Noralv Pedersen reiser ein svært viktig debatt med si bok «Når far treng meg». Boka peikar på at mange eldreomsorgsdebattar berre omhandlar institusjonell eldreomsorg. Ingen snakkar om pårørandeperspektivet og dei dilemma pårørande opplever. Pedersen kallar pårørandeomsorga eit svart hol i norsk helse- og omsorgspolitikk. Vi meiner Pedersen har rett.

Pårørande skal ha moglegheit til å kunne vere der for foreldre, barn eller andre som treng det, når dei treng det. Å yte omsorg i nære relasjonar er eit arbeid som samfunnet er heilt avhengig av. Når det er lagt godt til rette for det, kan omsorg i familiar, mellom generasjonar og blant gode venner vere eit givande som bidreg til auka livskvalitet – for alle.

Lovfesta dagtilbod for demente

Pårørande og frivillige bidreg i dag med nesten like mange årsverk som det offentlege i omsorga for sjuke og eldre. Men pårørande sin innsats har vore lite verdsett og respektert. Trong for avlasting har ikkje vore fanga opp. Undersøkingar viser at mange pårørande sjølv blir sjuke. Mange har fått økonomiske problem. Det er stor trong for ein ny pårørandepolitikk. Vi håpar valkampen vil handle like mykje om dette, som om tal på sjukeheimsplassar.

Vi håpar valkampen vil handle like mykje om dette, som om tal på sjukeheimsplassar.

Senterpartiet vil gje pårørande som yter omsorg for sine næraste rett til opplæring, avlasting og vikar ved sjukdom. Vi vil lovfeste dagtilbod for heimebuande demente, og sikre alle ein fast kontaktperson i kommunen.

Lønna permisjon ved foreldres sjukdom

Å ta vare på sine næraste skal ikkje vere berre for dei med romslege bankkontoar eller arbeidsgjevar. Senterpartiet vil difor styrkje omsorgslønnordninga, og gjere ho tilgjengelig for fleire. Ordninga må forenklast slik at tildeling og utmåling skjer etter dei same kriteria, uavhengig av kvar ein bur i landet. Å styrkje omsorgslønordninga vil vere ei satsing som vil kunne spare staten for utgifter i framtida. Det vil kunne utsetje institusjonsbehovet, og vere til beste for både pasient og pårørande som ynskjer å bidra.

Å styrkje omsorgslønordninga vil vere ei satsing som vil kunne spare staten for utgifter i framtida.

I dag har arbeidstakarar rett til inntil ti dagar fri utan lønn for å utføre omsorgsoppgåver for sine nærståande eldre. Senterpartiet meiner ein skal ha same rett til fri med løn når gamle mor eller far får feber og forvirring, som når toåringen har omgangssjuke. Vi vil difor fase inn ei ordning som tilsvarar dagens ordning med lønna permisjon ved barns sjukdom.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Oppretting av pårørandeorganisasjon

Pårørande treng eit talerøyr og ei felles røyst som kan ivareta deira interesser både i møte med styresmaktene og i dei daglege omsorgsoppgåvene. Det er i dag mange interesseorganisasjonar for ulike pasientgrupper og helseprofesjonar, men det finst ikkje ein overordna nasjonal pårørandeorganisasjon. Senterpartiet vil støtte initiativ til oppretting av ein slik paraplyorganisasjon.

Det er i dag mange interesseorganisasjonar for ulike pasientgrupper, men det finst ikkje ein overordna nasjonal pårørandeorganisasjon.

Verdighetssenteret i Bergen driv opplæring av frivilligheitskoordinatorar og pårørande. Senterpartiet vil vidareføre støtta til dette viktige arbeidet, og går til val på eit mål om at det skal finnast minst ein koordinator i kvar kommune for dei enkeltpersonane eller organisasjonane som ønskjer å engasjere seg som frivillig i omsorgsoppgåver. Slik innsats må skje i nært samarbeid med pårørande og fagfolka i helse- og omsorgstenesta.

Alt dette er tiltak som kan mobilisere til ein felles omsorgsdugnad, på tvers av generasjonar. Frivillige organisasjonar kan bidra sterkt til ein kvardag med innhald for dei mange med omsorgsbehov, både i og utanfor institusjon. I tillegg meiner Senterpartiet at Hagenutvalet sitt framlegg om ei solidarisk omsorgsteneste, der ungdom i vernepliktig alder blir stimulert til å bruke si tid og sin arbeidsinnsats for å løyse enkle oppgåver innan omsorgsfeltet, må utgreiast vidare.

Staten og dei frivillige

Noralv Pedersen set ord på ein debatt mange ikkje torer å ta: Kva omsorgsarbeid kan forventast av kvar enkelt av oss?

Fram til 2040 vil det bli om lag dobbelt så mange personar over 67 år som i dag.

I Noreg har vi samanlikna med mange andre land eit godt utbygd offentlig omsorgstilbod. Det skal vi vere stolte over. Dette må gjerast enno betre.

Men er omsorg kun er eit offentleg ansvar? Senterpartiet meiner at omsorg er alle sitt ansvar. For fram til 2040 vil det bli om lag dobbelt så mange personar over 67 år som i dag. Om vi ikkje gjer endringar i tenestene eller legg til rette for at folk held seg friske lenger, vil kvar tredje ungdom på landsbasis måtte velje helse- og sosialfagleg utdanning i 2035 for å dekke behovet. Det er korkje realistisk eller ønskeleg. Å institusjonalisere meir av omsorga vil ikkje løyse denne utfordringa. Staten må legge til rette – praktisk og økonomisk- for ei brei mobilisering av alle omsorgsressursar i samfunnet. Den frivillige og familiebaserte omsorga – som hittil har stått for halvparten av omsorgsarbeidet – vil vere heilt grunnleggjande også i tida framover.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Kan ikkje kun telje sjukeheimsplassar

Men vi treng og meir førebygging og ei fagleg omlegging av dei offentlege omsorgstenestene i retning av meir kvardagsrehabilitering i kommunane. Eldre med funksjonsnedsetjingar må få trening i å klare dei enkle kvardagsoppgåvene betre sjølv. Ei kraftig styrking av heimetenestene vil saman med auka bruk av omsorgsteknologi og tilrettelegging kunne gje fleire meir verdig omsorg og gjere at fleire kan bu lenger heime – med tryggheit for sjukeheimsplass om det blir behov for det.

Tilstrekkeleg omfang av sjukeheimsplassar er derfor viktig. Men vi må slutte å kun telje sjukeheimsplassar. Ein ny pårørandepolitikk og tilrettelegging for frivillig satsing må bli ein viktig del av ein moderne omsorgspolitikk.