Hopp til innhold
Kronikk

Vi treng eigen politikontakt

Frivillige kjem tett på ustabile personar med store hjelpebehov.

Rita Nottveit er avdelingsleder for Sikkerhet og Beredskap i NRK

Det må vere ei grense for kor stor risiko den frivillige innsatsen skal bere på vegner av oss alle, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Privat

Hadde du visst kor mørke tankar eg har, hadde du ikkje tort å sitje ved sida av meg, sa han til henne som nett hadde servert han ein vaffel.

Ho er ein av dei mange som er engasjert i frivillig arbeid. Heile 55 % av oss er det, ifølgje Frivillighetsbarometeret. Eg også. På landsbasis utgjer ulønt innsats heile 142 000 årsverk, ifølgje SSB.

Folk i frivillige roller og verv møter mange som er i sårbare og pressa situasjonar. Frivillige kjem tett på ustabile personar med store hjelpebehov.

Ho med vaffelen er med i ei gruppe pensjonerte kvinner og menn som framleis engasjerer seg til det beste for sine medmenneske. Dei representerer eit kontaktpunkt for mange i nærmiljøet. På faste dagar serverer dei vaflar til folk som kjem innom. Og inn kjem alle slags folk.

Risiko for tjuveri er godt kjent. Risikoen som følgjer gjesten som fortel at han i dag fekk så lyst å drepe, den er dei ikkje kjent med, og tankane begynner å kverne; Tenk om han gjer alvor av det? Tør eg hjelpe til her på senteret lenger? Å ringe 112 er for dramatisk.

Folk i frivillige roller og verv møter mange som er i sårbare og pressa situasjonar.

Vi veit at kombinasjonen drap og psykiatri vert fylgt av store overskrifter der det vert stilt spørsmål ved om den eine eller andre offentleg instans har gjort rett og har gjort nok. Det er viktige spørsmål å stille, men det vil sjeldan finnast berre eit svar. Slike spørsmål krev mange svar og krev at mange er ein del av løysinga.

Skal mange vere ein del av løysinga, må dei som har fagkunnskap dele av denne med dei som ikkje har fagkunnskap, og det må etablerast relasjonar og skapast eit samarbeid der det er naturleg å ta kontakt når det trengst.

Det må vere ei grense for kor stor risiko den frivillige innsatsen skal bere på vegner av oss alle. Det må finnast ei grense for kor mykje risiko du skal måtta tole når du engasjerer deg i frivillig arbeid.

Store organisasjonar og arrangement har ofte kontakt med politiet, men frivillige grupper treng alle eit lett tilgjengeleg kontaktpunkt i politiet! La oss kalle det frivilligheitskontaktar.

Frivillige grupper treng alle eit lett tilgjengeleg kontaktpunkt i politiet!

Gjennom formaliserte frivilligheitskontaktar kan risikoen delast og reduserast. Næringslivet har sine næringslivskontaktar. Dedikerte folk. Oversiktleg nettside med nødvendig kontaktinformasjon. Et naturleg kontaktpunkt for dialog. Frivilligheitskontaktar i politiet kan bygge på same mal, og ein slik kontakt kan bidra til lokalt samvirke i praksis!

Ein frivilligheitskontakt kan ikkje løyse alt, men kan vere ein del av løysinga. Terskelen for å kontakte politiet når det ikkje er akutt, kan vere høg. Terskelen for å ringe ein frivilligheitskontakt kan vere lågare.

Vi er stolte av frivilligheitskulturen i Noreg og det er stor semje om at frivillig innsats er ein verdi vi vil hegne om.

Der er ikkje berre risikoen i den lokale foreininga som står på spel. Om vi som samfunn ikkje klarer å fange opp fleire medborgarar med behov for hjelp, står også tilliten til våre myndigheitsorgan på spel, og i verste fall tilliten til kvarandre.

Næringslivet har sine næringslivskontaktar, no er det frivilligheitskontaktar vi treng!

(Kronikkforfattaren jobbar i NRK som ass.sikkerheitssjef, men skriv dette innlegget som privatperson.)