NRK Meny
Kommentar

Vi som elska OL

Magien frå Lillehammer kjem aldri til Sotsji, og neppe til Oslo. Verda har endra seg for mykje, og IOC for lite.

OL på Lillehammer

Vinter-OL på Lillehammer i 1994 vart magisk. Vi kjem aldri tilbake dit, meiner Knut Magnus Berge. Her frå 30-kilometeren der Thomas Alsgaard (biletet) blei olympisk meister.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Eg elskar eigentleg OL, og vil gjerne ha det i Noreg igjen. Men ikkje dei leikane vi no ser i Sotsji, der 300 milliardar kroner er svidd av. Gigantomanien er i ferd med å gi OL eit omdøme på nivå med Den Internasjonale Olympiske Komite (IOC). Tar ikkje IOC grep som avgrensar pengebruken i framtida, blir OL kvelt.

Det beste ein kan seie om Sotsji er at russisk homohets er kome på dagsordenen, men det var neppe meininga.

Lillehammer-nostalgi

15. september 1988: Heile Noreg held pusten. På TV-skjermen frå Seoul i Sør-Korea tar IOC-presidenten sats: «The decision is Lilyhammer». Det var ikkje til å tru. Lillehammer skulle få OL.

Vi klarte det, vi var best, det var blitt 'typisk norsk å vere god'.

Knut Magnus Berge

12. februar 1994, opningsseremoni: Eg er på plass i min gamle heimby, med akkreditering som fersk NRK-reporter. Heile nasjonen står bak OL – med marginale unntak. Men kunne vi klare eit slikt løft?

Det kunne vi. 16 magiske dagar – både i løypa og utanom. «Best Olympic wintergames ever», sa IOC-president Samaranch. Vi klarte det, vi var best, det var blitt «typisk norsk å vere god».

Gigantomanien tiltar

Også på Lillehammer var det overskridingar og debatt om pengar, men seinare har OL-kostnadane berre skote i vêret. Og skandalane har stått i kø, som då medlemmar i IOC blei kjøpt og betalt før Salt Lake City i 2002.

Korrupsjon og terrorfrykt har tatt plassen til vetter og troll.

Knut Magnus Berge

Då Jacques Rogge etterfølgde Samaranch lova han å stanse gigantomanien. I staden blei det verre, med Sotsji som lavmål så langt. Korrupsjon og terrorfrykt har tatt plassen til vetter og troll, og prognosane for Sør-Korea om fire år er dystre. Å skulle mobilisere for eit norsk OL i Oslo i 2022, er bratt motbakke.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ein vekkar eller tre

Det siste året bør vere ein kraftig vekkar for IOC. I fjor vår sa sveitsiske veljarar nei til Davos 2022, mens tyskarane sa nei til eit München-OL i ei folkerøysting i haust.

Dilemmaet for Noreg er at vi seglar opp som favoritt.

Knut Magnus Berge

Ingen stadar, utanom Norden, står vinteridrett sterkare enn i Mellom-Europa. På toppen av det heile sa svenske politikarar nei til Stockholm 2022 no på nyåret, dei meinte det blei for dyrt.

Dilemmaet for Norge er at vi seglar opp som favoritt til faktisk å få leikane, fordi viktige vintersportsnasjonar protesterer og trekker seg.

Tida går, IOC består

Det er lenge sidan Lillehammer. Men då nyheita om «Norway House» i Sotsji kom (12-millionar-kroners-huset der IOC skal smørjast og trakterast for å gi Oslo OL), var det eit underleg deja vu. Bilete frå 80-talet kom opp, av IOC-medlemmer som blir skyssa rundt. IOC var eit slags halvadeleg jetsett som strødde milde gåver over ivrige arrangørkandidatar.

Vel, tida går, mens IOC består. Metoden for å få tildelt OL er altså framleis å spyttslikke pampane i IOC. Norway House? Det kjennest veldig 1988.

OL i Oslo – eit overgrep?

Vi nordmenn er blitt rike og mette sidan Lillehammer. Vi undrar oss ikkje lenger på om vi vil klare eit slikt løft, spørsmålet no er snarare: Kven skal klare å arrangere OL om ikkje vi?

Landet er splitta.

Knut Magnus Berge

Den mobiliserande spenninga av å vere Askeladden i eventyret er borte, og landet er splitta. Motstanden aukar jo lenger nord ein kjem – i Tromsø ser mange på eit Oslo-OL nærast som eit overgrep.

Elskar OL, ikkje IOC

Med så stor motstand i folket blir det eit tungt løft for Oslo 2022. At OL sett utanfrå liknar eit utstillingsvindauge for meir eller mindre tvilsame regimer, gjer ikkje det heile lettare. No rasar heldigvis debatten.

Kanskje er eksessane i Sotsji så grensesprengande – og signala frå Mellom-Europa så sterke – at det tvingar fram nytenking, også i IOC. I så fall kan det vere håp om økonomisk- og politisk berekraftige OL i framtida? Eit slikt OL skulle eg gjerne sett i Noreg.

Så får heller Lillehammer vere eit magisk minne frå ei anna tid.