Hopp til innhold
Kronikk

Vernar vi Noreg i hel?

Det er blitt ein politikartrend å skulde på vern av natur. Men vi vernar oss ikkje i hel; vi vernar for lite i Noreg.

Gråfjell

Mennesket har påverka jordas natur meir i løpet av dei siste femti åra enn nokon gong tidlegare. No forsvinn artar mellom hundre og tusen gongar raskare enn det som er naturleg, skriv miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, som har faktasjekka debatten om naturvern.

Foto: NTB scanpix

Første gong eg høyrde påstanden om at vi vernar Noreg i hel, lo eg rått. Sidan har eg høyrt den gjenteke av politikarer, utbyggarar og næringslivsfolk. Høgre-leiar Erna Solberg har sagt at hekkande hubro hindrar bustadbygging. Ap-nestleiar Helga Pedersen følgde opp med å vise til at froskar, salamandrar, sommarfuglar og hubro kostar tid og pengar. KrF-leiar Knut Arild Hareide rasar over at ein augestikkar forseinkar vegutbygging på Vestlandet.

Men kva er sant? Eg bestemte meg for å gå systematisk til verks og undersøke. Vernar vi oss i hel?

Kor mykje er verna?

Nesten 17 prosent av Noreg er verna, som nasjonalparkar, landskapsvernområde eller naturreservat. Det aller meste av dette er fjell og andre lågproduktive område langt frå folk. Dei fleste kommunar har under 10 prosent vern, berre 17 kommunar har meir enn halvparten av arealet verna.

Senterpartiets stortingsrepresentant Irene Lange Nordahl hevda i NRKs Politisk kvarter 4. april at i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag er alt verna utanom vegane. Ok, tenkte eg, la oss sjekke.

Bård Vegar Solhjell, miljøvernminister (SV)

Lesja kommune er på Noregstoppen. Der er 76 prosent av arealet verna. Dei har to nasjonalparkar innanfor kommunegrensene.

Senterpartiets stortingsrepresentant Irene Lange Nordahl hevda i NRKs Politisk kvarter 4. april at i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag er alt verna utanom vegane. Ok, tenkte eg, la oss sjekke. Det riktige er at 25 prosent av arealet er verna. Eg tviler på at vegane utgjer tre firedelar av kommunen.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Stansar hubroen bygging?

At areal er verna, betyr ikkje at det er fritt fram i alle andre område. Heller ikkje at alt er forbode i verneområda. I dei aller fleste saker er det mogeleg å finne gode kompromiss mellom bruk og naturomsyn.

Det er utfordringar knytt til vern, men også ei stor oppside. I Nord-Gudbrandsdalen, der mange av vernekommunane ligg, er det ei årleg omsetning på opp mot 200 millionar kroner direkte knytt til nasjonalparkane, ifølge Transportøkonomisk institutt. Verneområda er eit gode for lokalsamfunna og næringslivet.

Nasjonalparkar er ein ting, kanskje sære artar er problemet? Både uglearten hubro og sommarfuglen klippeblåvenge har fått skulda for å hindre bustadbygging.

Eg har forsøkt å sjekke, og til no ikkje funne eit einaste døme på at hubro har stansa bustadbygging i Noreg, slik Erna Solberg hevda. Hubroen har stansa eit hyttefelt i Sirdal og nokre vindmøller på Jæren. Så er då også vår største ugle sterkt utryddingstrua mellom anna av kraftliner, vindmøller, skogbruk og andre arealinngrep.

Til no ikkje funne eit einaste døme på at hubro har stansa bustadbygging i Noreg, slik Erna Solberg hevda.

Bård Vegar Solhjell, miljøvernminister (SV)

Sommarfuglen klippeblåvenge har stansa eit bustadfelt i Halden og ført til at eit planlagt bustadfelt i Tvedestrand vart flytta. Tidlegare var denne sommarfuglen kjent frå 21 plassar. No er det berre desse to kjende plassane att. Når denne kritisk trua arten berre finst på to plassar i Noreg, bør det vere mogeleg å unngå bygging akkurat der.

Finst det folkeleg motstand mot vern?

Kva seier så statistikken? 12–14 prosent av motsegnene mot kommunale planar skuldast naturvern, friluftsliv, landskap og grønstruktur, altså naturomsyn og omsynet til vår bruk av naturen til rekreasjon. Det synest ikkje eg er mykje. Det er ein myte at mange planar blir stansa av naturvernomsyn. Men det er ingen myte at naturvern skal takast omsyn til i den kommunale planlegginga. Jo tidlegare dette kjem inn i prosessen, jo betre er det – både for planlegginga og naturen.

Er det så ein brei, folkeleg motstand mot vern til trass for dette? Ei spørjeundersøking frå 2012 utført av MMI viser at 6 prosent meiner det er verna for mykje, 50 prosent meiner det er verna passe mykje medan 28 prosent meiner det er verna for lite! Andre målingar stør opp om dette. Vern av natur har stor folkeleg støtte i Noreg.

Det er ein myte at mange planar blir stansa av naturvernomsyn.

Bård Vegar Solhjell, miljøvernminister (SV)

Mi erfaring er at stortingspolitikarar ikkje er representative for dette. Eg gjekk gjennom spørsmåla Miljøverndepartementet fekk frå Stortinget den siste perioden. Vanlegvis krev opposisjonen (det er dei som spør) ein meir offensiv politikk på alle felt, men eg hadde merka meg at dei spørsmåla eg fekk ofte var annleis. Gjennomgangen viser at langt fleire vil ha ein /mindre/ ambisiøs miljøpolitikk enn det motsette. 85 spørsmål etterlyser ein meir offensiv miljøpolitikk, medan så mange som 151 snarare ber om det motsette – mindre miljøvern. Mange spørsmål er sjølvsagt også nøytrale eller umogeleg å kategorisere.

Vi vernar for lite

Eg meiner eit av dei store problema i vår tid er at vi vernar for lite. Mennesket har påverka jordas natur meir i løpet av dei siste femti åra enn nokon gong tidlegare. No forsvinn artar mellom hundre og tusen gongar raskare enn det som er naturleg. I motsetning til tidlegare masseutryddingar er denne menneskeskapt. Kvar dag forsvinn 50 artar. Dersom det held fram, vil kvar tiande dyre- og planteart vere borte om 25 år.

Vern av natur har stor folkeleg støtte i Noreg.

Bård Vegar Solhjell, miljøvernminister (SV)

Noreg gjer ein stor innsats for å verne regnskog i andre land. Vi må også ta vare på våre eigne naturverdiar. Bevaring av artar, naturtypar og økosystem er vår viktigaste livsforsikring. Mindre mangfald gir ein meir sårbar og fattig natur.

Kva betyr det om ein liten augestikkar, bille eller sopp forsvinn? Vi veit ikkje konsekvensane av dei raske endringane, eller summen av at artar forsvinn og leveområde blir øydelagde.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Naturens eigenverdi

Dyr og planter har eigenverdi, men dei er også grunnlaget for mat, klede og medisin. Ei ganske tilfeldig jordprøve frå Hardangervidda viste seg å innehalde ein sopp som har fått stor betyding ved organtransplantasjonar. Soppen produserte eit stoff som vart kalla Cyclosporin A, og er grunnlaget for omsetning i milliardklassen i dag.

Eit av dei store problema i vår tid er at vi vernar for lite.

Bård Vegar Solhjell, miljøvernminister (SV)

Verda er full av døme på naturens verdi – biene si pollinering, regnskogen som sikrar naudsynt nedbør i store landbruksområde. Vi veit ikkje kor mange uoppdaga soppar eller vekstar som vi kan ha nytte av, men vi veit kor galt det kan gå dersom vi øydelegg den finstemte økologiske balansen i naturen.

I 2008 kollapsa Chiles lakseoppdrett i løpet av eit år. Anlegga låg for tett, sjukdom spreidde seg og vår fremste konkurrent mista 80 prosent av produksjonen i løpet av eit år.

I dag har vi stadig meir kunnskap om samanhengen i naturen. Den må vi bruke. Naturverdiane har mange sterke interesser i samfunnet mot seg. Det må vi leve med. Mytar og manglande kunnskap er også mogeleg å kurere. Men den farlegaste diagnosen for naturen er politikarar med kortsiktigheitssjuke. Det er diverre for mange politikarar som er kronisk ramma av den.