Kronikk

Verdas beste eldreomsorg

Austevoll blir første kommune i landet som legg heile pleie- og omsorgssektoren sin ut på anbod. Her forklarar ordførar Helge André Njåstad (Frp) kvifor.

Eldreomsorg, illustrasjonsbilde

'Kvifor gjer vi alt dette? Fordi dei eldre fortener det', skriv Helge André Njåstad. Han er ordførar i Austevoll kommune, som no legg heile pleie- og omsorgssektoren sin ut på anbod. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Konkurranseutsetjing er ikkje vanleg i mindre kommunar.

For å få interessentar til å konkurrere i ein kommune med nærare 5000 innbyggjarar, er ein av faktorane at kontrakten må vera av ein viss storleik. Difor har vi både sjukeheimsdrift og dei heimebaserte tenestene med i ein og same konkurranse.

Det er vi den fyrste kommunen i landet som gjer, og har difor brukt god tid på å utarbeide eit anbodsgrunnlag som både er godt for kommunen og som kan vera interessant for aktuelle selskap.

LES SAK FRÅ AUSTEVOLL: – Vi kan ikkje mislykkes

Best mogleg omsorg

Korleis blir vi i stand til å yte verdas beste eldreomsorg? Det er spørsmålet Austevoll kommunestyre no stiller. Vi er oppteken av at våre innbyggjarar skal ha det best mogleg, også når dei blir eldre. Dei skal få gode tenester når dei treng det og vårt mål er å tilby dei eldre, dei som bygde landet og vårt lokalsamfunn, ein verdig alderdom.

Korleis blir vi i stand til å yte verdas beste eldreomsorg? Det er spørsmålet Austevoll kommunestyre no stiller.

Helge André Njåstad, Frp-ordfører i Austevoll kommune

Difor har vi dei siste åra satsa mykje på å byggje nye, moderne sjukeheimsplassar. Sidan 2004 har vi bygd 52 nye plassar der einerom og hotellstandard er sjølvsagt. Vi byggjer nye omsorgsbustader med sjøutsikt på den beste tomta i kommunen. Kvifor gjer vi alt dette? Fordi dei eldre fortener det.

Det er òg bakgrunnen for at vi gjer endringar i måten å organisere tenesta på.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ynskjer betre kvalitetskontroll

Tidlegare gjorde Austevoll, som fleire andre mindre kommunar, det slik at forvaltning og drift av tenestene bleigjort utan eit tydeleg skilje. Den same instansen som tildeler tenester, utfører dei og kontrollerer kvaliteten.

Når det gjeld utførardelen av tenesteproduksjonen, har eit stort fleirtal i kommunestyret stemt for å invitere til konkurranse om å få lov å utføre tenestene.

Helge André Njåstad, Frp-ordfører i Austevoll kommune

Vi ynskjer å bli betre på det å tildele og kontrollere kvaliteten på tenestene vi gir til de eldre. Det er ei svært viktig oppgåve som ein kommune aldri kan sette bort til andre, men må vera profesjonell og god på. Difor etablerer vi eit «helseservicekontor» med god bemanning og høg kompetanse som skal sikre austevollingane sine rettar. Dei skal tildele rett tenestenivå og type, og ikkje minst, på vegne av innbyggjarane, kontrollere at tenesta vert utført skikkeleg.

Dette «helseservicekontoret» må ha avstand frå dei som utfører tenesta. Elles blir det vanskeleg å kontrollere og stille krav.

Når det gjeld utførardelen av tenesteproduksjonen, har eit stort fleirtal i kommunestyret (Frp, Høgre, Kristeleg folkeparti og Senterpartiet) stemt for å invitere til konkurranse om å få lov å utføre tenestene. Det er gjort mot Ap sine to røyster i kommunestyret.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Ikkje for å spare pengar

Vårt mål er at kommunen skal bli god på å gi eldre de teneste de skal ha, og kontrollere at dei faktisk får det dei har krav på. Så veit vi at det finst mange aktørar som er gode på å organisere, motivere og levere god eldreomsorg.

Difor spør vi om den beste av dei vil vera med oss i å skape verdas beste eldreomsorg. Dette gjer vi ikkje for å spara pengar, men for å gi betre eldreomsorg. Derfor er kvalitet vekta høgast i anbodsgrunnlaget. Alle kommunar må bruke pengane effektivt. Eg vil mykje heller gjere det med mål om å gi dei eldre betre tenestar.

Nokon må gå i front

Å vera fyrst ute er krevjande, men nokon må gå i front.

Vi håpar at det å vera fyrst bidreg til å auke interessa for nettopp denne avtalen. Både kommune og aktør er avhengig av at dette blir ein suksess slik at fleire kommunar kjem etter med same modell. Dei som tener på det er våre eldre som vil oppleve ein aktør som vil strekkje seg langt.

Å vera fyrst ute er krevjande, men nokon må gå i front.

Helge André Njåstad, Frp-ordfører i Austevoll kommune

Kontrakten er sett til seks år med opsjon på to år til. Lengda er sett slik for å gje aktøren ein lang horisont slik at det må tenkast på rekruttering til omsorgsyrka. Dette er ei utfordring både for kommunane og private tilbydarar av helsetenester, og noko vi i fellesskap må arbeida for å løyse. No vert det to aktørar i Austevoll som er oppteken av å framsnakke omsorgssektoren og arbeida aktivt for å sikre rekruttering – nemleg aktøren og kommunen sjølv.

Kvalitet er viktigast

Etter at kvalitet som er viktigast (60 prosent) er vurdert, konkurrerer aktørane også på pris som er vekta til 40 prosent. Det offentlege forvaltar skattebetalarane sine pengar og må difor heile tida ha fokus på kostnadseffektiv drift. Rådmannen skriv i si sak til kommunestyret at det er mogleg å forvente ei innsparing i storleik fem til åtte millionar på konkurranseutsetjing. Det er mykje pengar som kan brukast til å yta endå betre tenester til innbyggjarane.

Med toppmoderne bygningar og bygging av omsorgsbustader til eldreomsorg på den beste tomten i kommunen er vi tydeleg på kva som er viktigst.

Helge André Njåstad, Frps-ordfører i Austevoll kommune

Austevoll kommune er ein kommune som leverer gode tenester til våre innbyggjarar innanfor dei aller fleste område. Vi har mange dyktige tilsette som står på kvar einaste dag for austevollingane. Men vi vil stadig utvikle oss og vera i front for å sikre framleis gode tenester. Skilje mellom forvaltning og drift og konkurranseutsetjing med fokus på kvalitet, er tiltak på vegen for å skape ein god kommune.

LES OGSÅ: Når regjeringa vet best for deg og ditt barn

Ansvaret er kommunen sitt

Med toppmoderne bygningar og bygging av omsorgsbustader til eldreomsorg på den beste tomta i kommunen, er vi tydeleg på kva som er viktigast.

Ansvaret for å sikre våre eldre skikkelege tenester er alltid kommunen sitt. Og kommunen si viktigaste oppgåve er å sikre at det skjer. Men sjølve utføringa av tenesta vil vi la fleire konkurrere om å vera best til å gjera.

Difor inviterer vi aktørar til å saman med Austevoll kommune skape verdas beste eldreomsorg.