NRK Meny
Kronikk

Venleg helsing kunnskapsministeren

Ein stadig meir kommersialisert skuledag får konsekvensar. Og no blir den også gitt legitimitet av kunnskapsministeren.

Elevkalenderen

Denne skuledagboka fekk 150.000 elevar i vidaregåande skule utdelt. På side to helsar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen velkomen til skulestart. Det har fått kronikkforfattaren til å reagere. (Reklamen er sladda, red.anm.)

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Elevkalenderen for skuleåret 14/15, delt ut til 150.000 elevar i norske vidaregåande skular, har eit innhald som i utdeling i skulesamanheng er eit brot på opplæringslova. Denne skal sikre elevar eit skulemiljø fritt for kommersielt press og reklame som kan påverke haldningar, åtferd og verdiar.

Men når Torbjørn Røe Isaksen brukar dette forumet til å ønske elevane ein lærerik og fin haust, får motivasjonshelsinga frå ministeren ei innpakning som bryt lova han sjølv er sett til å forvalte.

Eit kroppsideal vi kjempar mot

Elevkalenderen 14/15 er produsert av Det skandinaviske medieselskap, og dei melder at dei har trykt 250.000 eksemplar i ulike versjonar rundt om i landet. Publikasjonen er gitt regionale preg, tilpassa marknad og annonsørar i nedslagsfeltet. Elevkalenderen vil nå målgruppa med eit vell av reklame og verdikupongar frå lokalt næringsliv, og altså helsinga frå Røe Isaksen på side to.

Kvifor gir han landsdekkande legitimitet til eit selskap som aukar det kommersielle presset overfor ungdom i skulekvardagen?

Kari A. Hasle, lektor ved Høgskulen i Volda

I Møre og Romsdal har publikasjonen alt vekt sterke reaksjonar frå elevar og lærarar, ikkje minst på grunn av framsidebiletet. Biletet kan tolkast på mange måtar. Den halvnakne smilande ungjenta med caps og oppkneppa dongerishorts, saman med ein påkledd, alvorleg og meir vaksen mann i briller gir tankar om eit kjønnsrollemønster, eit kvinnesyn og eit kroppsideal vi dagleg kjempar for å få elevar til å stå opp mot.

Kva signal tenkjer kunnskapsministeren at han sender unge jenter og gutar i Møre og Romsdal med dette som innpakning rundt eigne ord? Og kvifor gir han landsdekkande legitimitet til eit produkt og eit selskap som aukar det kommersielle presset overfor ungdom i skulekvardagen?

Forklaringsproblem

Læreplanens målformuleringar om arbeid for likeverd og likestilling er grunnleggande i undervisning. «Dette er ikkje ei bok som skulen står bak», uttalar lærar Ingrid Furgård ved Akademiet i Ålesund til NRK, og seier ho alt har brukt skuledagboka som undervisingstema i psykologi knytt til kjønnsrollemønster.

Men korleis kan vi forklare elevane våre at dette ikkje er ei bok skulen står bak når den vert delt ut i skulesamanheng og ministeren helsar dei med tittelen «Kjære elev», og at «vi i regjeringen jobber for at du skal få en best mulig skole?»

Mange unge jenter slit med eit negativt sjølvbilete, og talet på jenter som ikkje er nøgde med eigen kropp stig.

Kari A. Hasle, lektor ved Høgskulen i Volda

Situasjonen kan tolkast som eit skremmande uttrykk for ein stadig meir kommersialisert skulekvardag. Og konsekvensar av denne utviklinga kan vi alt ane.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Negativt sjølvbilete

I den nasjonale kartlegginga av 63.000 ungdommars liv og helse i Noreg i 2013, nyleg presentert av NOVA, spør ein: Kva skjer med jentene? Utviklinga av unge jenters psykiske helse vekkjer uro: 24 prosent av jentene på 10. trinn og i Vg1 erfarer depressive symptom, og omfanget av psykiske helseplager for jenter har auka over tid. Mange unge jenter slit med eit negativt sjølvbilete, og talet på jenter som ikkje er nøgde med eigen kropp stig.

Arbeidet med å verne om skulen som reklamefri sone krev auka innsats.

Kari A. Hasle, lektor ved Høgskulen i Volda

Sterkare krav til utsjånad og prestasjonar kan vere forklaringar. Rådet for psykisk helse rapporterer om store utfordringar i kapasiteten for skulehelsetenesta. I utdanningssystemet har vi stadig kontakt med unge jenter som kjenner på krav til seg sjølve som er heilt umoglege å nå.

Skulle aldri ha skjedd

Opplæringslova § 9–6 seier at skuleeigaren pliktar sørge for at elevane ikkje vert utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke haldningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skulens område, i lærebøker og andre læremiddel som vert nytta i opplæringa. Utdelinga av Elevkalenderen 14/15 i skulesamanheng skulle ifølgje Utdanningsdirektoratets «Veileder om reklame i skolen», aldri ha skjedd.

Skuleeigarar må sjå alvoret i dette klare brotet på opplæringslova, og sikre at elevar får ein skulekvardag som byggjer opp under grunnleggande verdiar i opplæringa. Arbeidet med å verne om skulen som reklamefri sone krev auka innsats. La dette vere siste året dette produktet vert spreidd i skulen ved skulestart, – med venleg helsing frå ministeren eller ei.