NRK Meny
Kronikk

Veltilpassa husdyr i pelsnæringa

Motstanden mot norske pelsdyrgardar er basert på myter. Om næringa blir vurdert ut frå fakta, kunnskap og realitetar om dyra og pelsdyrgardane, er vår framtid sikra.

Pelsdyroppdrett

I pelsdyrfôret brukar me biprodukt frå slakteri- og fiskeriindustrien. Næringa er slik ein viktig renovatør for samfunnet, skriv pelsdyroppdrettar Sigbjørn Kirkebøen.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB scanpix

Eit stort fleirtal av veterinærar som har tilsyn med mink og rev i norske pelsdyrgardar er positive til næringa, og meiner at dyra har god dyrevelferd.

Veterinærene har lang erfaring, og god kjennskap til kva forhold dyra våre lever under, korleis dyra reagerer på dei oppstallingsforholda dei har, og kjenner godt til kor liten skade- og sjukdomsfrekvensen er for våre dyr.

Pelsdyrnæringa er igjen aktuell, med motstandarane sine fakkeltog mot pelsdyroppdrett. Ein motstand som oftast er basert på usanning, men påstandar om at me har ville dyr i bur, og at det er nærast vanleg med mykje sjuke og skadde dyr.

Det er frustrerande og sårande for oss pelsdyroppdrettarar at dyrehaldet vårt år etter år vert slik framstilt, og dessverre ofte med ubalanserte oppslag i riksmedia. Me er svært lei den årelange trakasseringa av oss.

Veltilpassa husdyr

Pelsdyr i pelsdyrgardar kan ikkje samanliknast med sine artsfrendar i naturen. Dyra er domestiserte og oppavla gjennom snart 100 år. Pelsdyra står i dag fram som rolege og harmoniske.

Alle som besøkjer ein pelsdyrgård, og ikkje har særlege vrangforestillingar innprenta på førehand, ser det, og kan ikkje seie noko anna, dersom dei er ærlege.

Pelsdyr i pelsdyrgardar kan ikkje samanliknast med sine artsfrendar i naturen. Dyra er domestiserte og oppavla gjennom snart 100 år.

Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyroppdrettar

Fagmyndigheiten Mattilsynet sine tilsyn på pelsdyr, er skjerpa betydeleg inn dei siste åra. Kontrollane syner likevel svært få alvorlege tilfelle, og mengda skader og sjuke dyr er på eit lågt nivå, som i anna husdyrhald.

Næringa sjølv har innført tvungen sertifisering for alle pelsdyrbøndene, samt at alle pelsdyrgardar må ha minst 3 veterinærtilsyn i året, i tillegg til Mattilsynet sine kontrollar.

Forskingsbaserte forskrifter

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) er ein uavhengig vitenskapleg, fagleg komite, oppnemnt av statlege myndigheiter. På oppdrag frå desse gav VKM si faggruppe på dyrehelse og dyrevelferd, i 2008 ut ein rapport som omhandla velferd for pelsdyr.

Denne konkluderte med at «rev og mink har god velferd, og liten fare for liding under dagens driftsformer, men det er forbetringsmoglegheiter både med omsyn til hus og handtering av dyra».

VKM-rapporten vart så følgt opp av Mattilsynet og myndigheitene, og i 2011 kom ny forskrift for pelsdyr, basert på denne rapporten. Pelsdyra får her enda betre rettar og styrka velferd i fleksible oppstallingsmiljø, samt strenge krav til oss pelsdyrbønder, med ettersyn og godt stell for dyra.

Dyrehald og etikk

Enkelte meiner at pelsdyrhald ikkje kan drivast i samsvar med dagens krav til etisk dyrehald. Dette vert kopla til at me ikkje produserer mat, men pels til klede, og at dette er unødvendige produkt.

Pels frå dyr, er jo faktisk eit naturprodukt, og har vore brukt til klede frå tidenes morgon, og gjer nytte som varme og flotte plagg.

Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyroppdrettar

Kva med travsport, sirkusdyr, veskehundar eller dyr som blir avla opp til forskjellig show eller sport. Er dette då etisk dyrehald? Pels frå dyr, er jo faktisk eit naturprodukt, og har vore brukt til klede frå tidenes morgon, og gjer nytte som varme og flotte plagg.

Dyrevelferden må vel vera det overordna i godt etisk dyrehald, ikkje kva som vert produsert, i form av kjøtt, pels, skinn, eller til sport og kjæledyrformål.

Les også:

Lønnsam landbruksnæring

Pelsdyrhald er ein naturleg del av norsk landbruk. Eit lønnsamt landbruk gjer det mogleg å halde lokalsamfunn levande.

Pelsdyravl er i dag den einaste delen av norsk landbruk som er reelt lønnsam, utan produksjonsstøtte. Einaste støtte me får, er til pelsdyrfôret for å jevne ut transportkostnadane. Slik kan pelsdyrbøndene over heile landet ha mest mogleg lik pris for den største innsatsfaktoren i produksjonen.

I pelsdyrfôret brukar me biprodukt frå slakteri- og fiskeriindustrien. Næringa er slik ein viktig renovatør for samfunnet.

Norge eller Kina?

Revekull i bur

Pelsdyra er rolege og harmoniske.

Foto: Sigbjørn Kirkebøen

Norsk pelsdyroppdrett har dei strengaste reglane i verda, med sterkt fokus på dyrevelferd. Likevel er me konkurransedyktige med pelsdyroppdrett i heile verda, også lågkostlanda, dette fordi me har høg kvalitet på skinn, og god dyrehelse på dyra våre.

Om det vert slutt på pelsdyroppdrett i Noreg, vil produksjonen mest sannsynleg bli overteken av kinesiske oppdrettarar. Dei som støttar opp eit norsk forbod, meiner kanskje at det er betre og meir etisk rett med pelsdyroppdrett i Kina framfor i vårt eige land?

Dersom me kunne auke produksjonen her i landet vil altså fleire pelsdyr vera sikra gode levevilkår, og meir problemavfall vil bli nytta til pelsdyrfôr.

God framtidsnæring

Motstanden mot oss er også basert på ei myte om at me er ei lukka næring, og har noko å skjula. Me har derimot full openheit, arrangerer opne dagar, og er svært interesserte i at politikarar og folk flest kjem ut og ser på verkelegheita.

Realitetar og faktisk kunnskap om næringa må vera førande og det heilt avgjerande ved diskusjonar om framtida for næringa, og rammevilkår frå myndigheitene.

Det er difor ikkje overraskande, men likevel gledeleg å registrera at dei aller fleste som besøkjer pelsdyrgardane våre, seier at dei opplever eit heilt anna røyndomsbilete når dei får sjå på realitetane.

Dyrevelferd har høgste prioritet

Me pelsdyroppdrettarar er glade og stolte i arbeidet vårt. Det er svært oppmuntrande at gjennom dei siste 3 åra, har over 30 nye engasjerte unge bønder, starta opp med pelsdyroppdrett.

Dyrevelferd har høgste prioritet i arbeidet med dyra. Difor vil me kjempa for våre arbeidsplassar, og har god tru på at pelsdyr igjen kan bli ei god vekstnæring her i landet.

Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyroppdrettar

Dyrevelferd har høgste prioritet i arbeidet med dyra. Difor vil me kjempa for våre arbeidsplassar, og har god tru på at pelsdyr igjen kan bli ei god vekstnæring her i landet.

Dersom vår næring blir vurdert ut frå fakta, kunnskap og realitetar om dyra og pelsdyrgardane, er vår framtid sikra.