NRK Meny
Normal

Vegen til lukke

Ti prosent av nordmenn vil ikkje fylgja med på verda dei bur i. Det tykkjer eg er eit utruleg lågt tal.

Mann leser aviser

Ein forskingsrapport viser at ti prosent av nordmenn er såkalla nyheitsvegrarar. 'Vanlegvis ville eg tenkt at uff, dette er trist, dette er skummelt. Alle – ALLE! – må fylgja med på nyhende; korleis skal ein elles vita kven ein skal røysta på når det er val? Men det tenkjer eg ikkje no som eg nett har hatt ferie,' skriv Ytring-spaltist Therese Sollien. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Tidlegare i sumar fekk eg eit e-brev frå redaktøren min. Kan du koma til Marienlyst og tala på radio den fyrste veka i august, spurde ho. Gjerne det, sa eg, det er den fyrste veka etter ferien og eg kjem til å vera kjempemotivert. Eg kjem til å ha så mykje på hjarta.

Det var ein stor tabbe. Det er så mange år sidan eg har hatt skikkeleg sumarferie at eg gløymde kva som hender når ein tek fri i heile juli og gjer ingenting: Ein vert dum. Totalt, fullstendig idiot.

Når eg ser attende på kva eg har skrive på Facebook i juli, ser eg at det berre er fjas. Badetemperaturar, fotball-EM, golfresultat – det ser ut til at eg har vore heilt hjernedaud.

Ingen heime

Då eg sette meg ned for å skriva denne teksta, kom det ingenting ut. Eg såg meg sjølv i spegelen for fyrste gong på mange dagar, og synet eg møtte, skremde meg. Blikket mitt var heilt tomt, det var om lag som å sjå på ei geit. Eg stirte rett ut i lufta, det var ingenting bakom augo. Ljoset var på, men det var ingen heime.

Når eg ser attende på kva eg har skrive på Facebook i juli, ser eg at det berre er fjas.

Det rare er at eg aldri har hatt det så bra nokon gong. Aldri har eg sove betre, aldri har eg vore mindre engsteleg. Det kom som eit sjokk. Heile livet har eg gått kring og trutt at vegen til lukke er gjennom stadig å freista å opplysa seg sjølv. Alt eg har trutt, syner seg å vera feil. Vegen til lukke er tydelegvis å vera heilt blåst. Ikkje sitja der og lesa bøker og aviser døgeret rundt. Ikkje minutt-for-minutt-dekning av den amerikanske valkampen, ikkje svevnløyse over kuppfreistnader i Tyrkia og påfølgjande innstramming av borgarrettar og nedsabling av rettsstaten, ikkje å lesa om gruelege terroråtak og freista å skjøna kva som driv desse galningane – nei då, heller vera ute og sykla i skogen, bada i ein sjø, sova lenge om morgonen, klappa hunden, sjå på fotball og ikkje uroa seg for anna enn kva ein skal finna på til middag. Milde måne.

Det rare er at dette er det berre ti prosent av innbyggjarane i Noreg som har fått med seg.

«Nyhetsunnvikere»

Tidlegare i sumar kom det ein rapport om nyhendevanane til nordmenn. Skal ein tru rapporten, har ti prosent av nordmenn «så lav kunnskap at det er grunn til bekymring med hensyn til demokratisk deltagelse for mange av disse». Jaha! Sett slikt – ti prosent av nordmenn vil ikkje fylgja med på verda dei bur i. Det tykkjer eg er eit utruleg lågt tal.

Det tykkjer ikkje forskarane. Dei kallar denne gjengen for «nyhetsunnvikere», og det tyder at dei er lite interesserte i det dei kallar «harde nyheter». Det tyder ikkje at dei går og gøymer seg når Dagsrevyen kjem på TV; dei er berre ikkje like interesserte i å fylgja med som mange andre er. Delen av nyhendevegrarar er størst mellom dei under 30 år. Menn er meir interesserte i harde nyhende enn kvinner, og kjønnsskilnadene er òg store mellom unge vaksne under 35 år, kan ein lesa.

Vegen til lukke er tydelegvis å vera heilt blåst. Ikkje sitja der og lesa bøker og aviser døgeret rundt.

Vanlegvis ville eg tenkt at uff, dette er trist, dette er skummelt. Alle – ALLE! – må fylgja med på nyhende; korleis skal ein elles vita kven ein skal røysta på når det er val? Men det tenkjer eg ikkje no som eg nett har hatt ferie. Er det så viktig å røysta i det heile teke, tenkjer eg no. I staden undrast eg på kva eg skal finna på til middag i dag.

Plikt å ha det uhyggjeleg

Det er godt at ferien er over. Neste år er det val, og då har ein faktisk ei plikt til å vita kva som går føre seg i verda før ein legg røystesetelen i urna. Dersom me ikkje vil ha populistiske, solariumsbrune flåkjeftar til statsoverhovud, må me skjøna kva som hender i verda før me røystar.

Det er jammen bra at valet er i september, og ikkje i august. No skal eg gå og lesa ei avis. Det er kanskje ikkje så hyggjeleg, men det er heilt naudsynt. Sidan eg har røysterett, er det plikta mi å ha det uhyggjeleg innimellom.

HØYR Ytring på radio – kvar søndag kl. 11.03 på P2 eller i nettradio når du vil.