Hopp til innhold
Kronikk

Varmare, villare og mykje nærmare

Det var den sommaren då ferievêret var menneskeskapt. Her er oppgåva vi står att med: Korleis styrer vi eit samfunn vekk frå eit varsla samanbrot?

Firefighter fight fire near torching trees as a wildfire burns near Yosemite National Park

Vi kan berre gløyme ein retur til eit normalt klima, skriv kronikkforfattaren. Bildet viser ein skogbrann nær Yosemite nasjonalpark i California førre veke.

Foto: Handout / Reuters

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

Jo, det var den sommaren, den finaste eg kan hugse. Stabilt varmt vêr, late dagar og knapt ei bekymring utover om det var for langt å gå til iskiosken. Men så gav det seg aldri. Åkrane tørka og sprakk opp i mangel på regn. Skogar tok fyr. Kraftmagasina i fjellet tørka inn. Framleis er det skoleferie, men allereie står lauvtre og blåbærlyng i haustfargar.

Det finst ikkje normalt vêr lenger

Noko skjedde. Forteljingane om sommaren forandra seg. Fyrst var media fulle av historier om det solskinnet vi alle hadde lengta etter. Så byrja dei å rapportere om tørken, om bønder som måtte sende dyra sine til slakting, om dramatiske og alvorlege skogbrannar, om fisk som døydde i varmt vatn og om is som knapt har smelta fortare. Og så, endeleg, slapp klimaforskarane til med bodskapen sin: Sommaren hadde høgst sannsynleg ikkje vorte så ekstrem om det ikkje var for klimaendringane.

Det kjem ikkje til å komme noko politisk sak som betyr meir enn denne.

Og ingen bør tru at dette går over. Det er fint her og no, men dette er berre starten. Klimaet vert ikkje slik det var. Vêret vi kan vente oss er i så rask endring at å nytte ein «normal» er å lure seg sjølv. Det finst ingen normal lenger.

Kva skjer no?

Så kom ettertanken. Bekymringane. Kva skjer med kraftforsyninga, når vasskrafta manglar vatn? Då blir det mindre straum og høgare priser. Kva skjer med matsikkerheita, når tørke rammar i mange land samtidig? Vi er midt inne i ei av de største matforsyningskrisene i moderne tid, skriv styreleiaren i Nortura, vår største leverandør av kjøt og egg. Dette er heilt reelle problem for oss i Noreg no og i åra framover. Men det er verre andre stader.

Nett no kjempar meir enn 13.000 brannfolk mot dei største skogbrannane i Californias historie. Varmebølgja i Europa har fått asfalt til å smelte. Så høge temperaturar er ein direkte trugsel for liv og helse. I Australias mest folkerike delstat er tørken så alvorleg at statsministeren kallar situasjonen sjokkerande, djevelsk og tragisk. Der er det midt på vinteren. Og i Irak står halve jordbruksarealet utan avling etter tørken.

Er vi fanga i ein gryande dystopi?

Kva skjer med oss menneske, når det veks på oss ei krise som forskarane har varsla i 30–40 år? Er vi, som NRKs Kristin Solberg skildrar i eit råsterkt korrespondentbrev, fanga i ein gryande dystopi? Mange fleire menneske i verda flyktar no frå naturkatastrofar, enn frå krig og konflikt. Ein stor del av naturkatastrofane er heilt eller delvis menneskeskapte. Øydelagd miljø og sviktande avlingar er faktorar som gjer også mange av dei væpna konfliktane verre. Det er verkeleg alvor. Vi er sett på prøve som aldri før.

Ei gåve til norsk politikk

Det var den sommaren som sterkare enn nokon gong utfordra vår evne til å skilje stort og smått, og til å konsentrere oss om det store.

For norske politikarar bør situasjonen ikkje berre bli ein vekkar, men òg ei gåve. Det siste året har den norske politikken i heilt ubegripeleg grad handla om personkonfliktar og skandalar, polariserande retorikk og det reine surr. Eg kjenner norske politikarar i alle parti som ærlege og hardt arbeidande menneske med stor sans for kva som verkeleg betyr noko. Vel, dei kjem aldri til å få ei større sak på bordet.

Klimasaka handlar om levekåra til den generasjonen som lever no, og om levekåra til alle dei som skal leve på denne jorda i hundreår og tusenår etter oss. Alt anna enn at dette er det viktigaste vil stå fram skandaløst i ettertid.

Ja takk, begge delar!

Her er det store bildet: Vi må leggje om produksjon og forbruk slik at vi sluttar å bruke kol, olje og gass. Samstundes må vi gjere skog og jord til eit størst mogleg lager for karbon. Og vi må gjere alt dette på måtar som tar vare på alle dei naturressursane vi er avhengige av.

Vi må leggje om produksjon og forbruk slik at vi sluttar å bruke kol, olje og gass.

Vi kan ikkje lenger drive klimapolitikk med millimetermål. Mykje handlar om å seie ja: Kutte utslepp heime eller ute? Ja takk, begge delar. Kutte utslepp i trafikken, i industrien eller i landbruket? Tusen takk, alt saman. Naturleg karbonlagring i skogar, i tropiske strøk eller her heime? Absolutt! Og dessutan i både myr, åker og eng. Nye forbruksvanar eller ny teknologi? Hand i hand!

Dei mektigaste må gjere mest

Alle må lære av sommaren 2018. Vi treng løysingar som er på storleik med problemet vi står ovanfor. Det er ei leiarutfordring som gjeld frå statsministeren og nedover. Mange av klimatiltaka kan verke små kvar for seg, men kunsten–og leiarutfordringa–er å få dei til å bli store nok til saman.

Ingen politikar må gløyme, ein einaste dag, at samfunnet vårt må omstillast for å unngå eit varsla samanbrot. Ikkje la skandalar og partikjekling ta merksemda frå det som verkeleg betyr noko. Ikkje risiker at de vert sittande på gamleheimen om nokre år, og tenkje på den gongen de hadde makt til å gjere noko meiningsfylt med dette.

Skal vi klare denne jobben må dei mektigaste gjere mest.

Følg NRK Debatt på Facebook