NRK Meny
Kronikk

Utanrikspolitisk spagat

I praksis er ikkje menneskerettar og demokrati ei rettesnor i norsk utanrikspolitikk.

Jøran Kallmyr har fått bekreftelse fra høyeste hold i Etiopia

Tidlegare statssekretær Jøran Kallmyr reiste til Eritrea, eit av dei mest lukka autoritære regima i verda, og tok ministeren der på ordet då han sa at dei skal redusere den obligatoriske militærtenesta.

Foto: NRK

I utkastet til Høgre sitt nye partiprogram står det at skal «stillast tydelege krav til mottakarar av norsk bistand om vilje til å fremme menneskerettar, demokrati og rettsstatsutvikling.» Dette er på ingen måte kontroversielt. I utkast til nye partiprogram flaggar alle stortingspartia at fremjing av demokrati og menneskerettar framleis skal vere blant grunnsteinane i norsk utanrikspolitikk. Men det er skilnad på liv og lære.

Norske politikarar og embetsmenn skriv og snakkar gjerne om demokrati og menneskerettar, men sjølv om begge dei to siste regjeringane har flagga ein menneskerettsbasert utanrikspolitikk, så har ikkje det fått same budsjett- og politikkutslag som andre prioriteringsområde.

Skilnad på liv og lære

Lista over land som tek imot bistand frå Noreg gjev også grunn til å trekke fram skilnaden mellom liv og lære. Verken Etiopia, Malawi, Mosambik, Myanmar, Nepal eller Tanzania, som alle er mellom Noreg sine fokusland, kan seiast å vere føregangsland når det gjeld demokrati og menneskerettar.

Tre av dei afrikanske fokuslanda er styrt av parti som monopoliserer politisk makt gjennom valfusk og knebling av opposisjon og sivilsamfunn, medan det siste, Malawi, har vore prega av korrupsjon og dårleg styresett. Desse fokuslanda er eit bilete på ein større trend: dei siste ti åra har demokrati, godt styresett og menneskerettar blitt nedprioritert i ei rekke land. Gapet mellom dei som har makt og ikkje vert større. Den politiske ulikskapen aukar. Tilgang til politisk makt via valkanalen, organisasjonskanalen og ytringskanalen er i aukande grad ulikt fordelt.

I praksis er ikkje menneskerettar og demokrati ei rettesnor i norsk utanrikspolitikk.

Dette ser ikkje norske politikarar ut til å ha fått med seg. Tidlegare statssekretær Jøran Kallmyr reiste til Eritrea, eit av dei mest lukka autoritære regima i verda, og tok ministeren der på ordet då han sa at dei skal redusere den obligatoriske militærtenesta.

Ser betring når ein vil

Tidlegare statssekretær Morten Høglund reiste til Angola og vart sitert på at Noreg såg forbetring i menneskerettssituasjonen. I godt og vel ti år har norske politikarar frå heile det politiske spekteret innrømma den problematiske menneskerettssituasjonen i Etiopia i opposisjon, medan dei har jobba for å få på plass avtaler om tvangsretur og hylla landet som ei afrikansk suksesshistorie når dei har kome til regjeringsmakt.

Argumentet politikarane nyttar er at dersom vi kuttar bistanden og kontakten med desse landa, så mister vi høvet til å påverke dei i riktig retning. Det er sannsynlegvis rett. Vi må likevel tore å stille to spørsmål:

  1. Har denne påverknaden hatt nokon effekt, og er den i så fall positiv?
  2. Om svaret på spørsmål ein ikkje er «ja» to gonger, prioriterer vi eigentleg demokrati og menneskerettar då?

Vestlege land prioriterer menneskerettar og demokrati når det passar deira eigne interesser.

Det er legitimt å meine at demokrati og menneskerettar ikkje bør vere noko sentralt mål for norsk utanrikspolitikk. Men då må vi også gje opp det normative argumentet om at demokrati har ein universell eigenverdi. Sjølv om det verken er vitskapleg eller politisk semje om at demokrati og menneskerettar er den mirakelkuren som vil hjelpe alle menneske i alle land ut av fattigdom, så veit vi at det er av dei betre styringsmodellane som har vore prøvd ut til no.

Demokratiet har vist seg å vere den mest fredfulle måten å flytte makt mellom personar, grupper og generasjonar på. Det demokratiske styresettet har også vist seg å vere effektivt for å sikre at ein får ansvarlege leiarar ved makta. Ein kan likevel argumentere for at vi anten bør prioritere andre og meir akutte saker som til dømes «fattigdom» og «helse» – eller «norske interesser.»

Mottakarlanda innrettar seg

I praksis gjer vi det allereie. Leiarane i mottakarlanda har forstått dette lenge. Dei ser at så lenge dei kan vise til utteljing på alternative mål for bistanden – til dømes økonomisk vekst, fleire helsestasjonar eller utbytterik forretningssamarbeid for norske bedrifter – så er vi som regel villige til å fire på krava når det gjeld demokrati og menneskerettar. Dette er også i ferd med å bli gjengs oppfatning blant folk flest: vestlege land prioriterer menneskerettar og demokrati når det passar deira eigne interesser.

Argumentet politikarane nyttar er at dersom vi kuttar bistanden og kontakten med desse landa, så mister vi høvet til å påverke dei i riktig retning.

I sitt forsvar av Høgre sitt utkast til nytt partiprogram i Bistandsaktuelt seier Nikolai Astrup at for å unngå å bli lurt av mottakarland som snakkar varmt om menneskerettar, så må vi «ikke måle dem på hva de sier, men på hva de gjør.» Dette må også gjelde for oss sjølve.

Norske styresmakter må handle på ein måte som viser at vi meiner dette, til dømes gjennom kutt eller frys av midlar på andre bistandsområde eller krav til konkrete demokrati-tiltak. Vi må måle vår eigen menneskeretts- og demokratipolitikk på konkrete tiltak, ikkje berre på partipolitiske formuleringar.

Forfattarane representerer CMIs Forskingsprogram på Politisk Ulikskap (PINQ)

FØLG DEBATTEN: Twitter og Facebook