Urix i alle kanalar

Det stormar tidvis rundt NRK si utanriksdekking. Svaret vårt er fleire korrespondentar, meir bakgrunn, meir av alt.

Urix

Hege Moe Eriksen (t.v.) og Gry Blekastad Almås blir sentrale i NRKs utanrikssatsing. Dei skal vere programleiarar for Urix – både på NRK2 og NRK P2.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK
Kommentarvignett ytring RIKTIG

NRK etablerer to nye korrespondentkontor og får med det ti korrespondentar. Vi styrkar nærværet i Europa, Asia og Latin-Amerika. Samtidig lanserer vi «Urix i alle kanalar», og sender med det eit tydeleg signal: Utanriksstoffet er midt i kjernen av allmenkringkastaroppdraget til NRK.

På NRK2 kl. 22.30 i kveld er Urix tilbake. I nytt studio, med nye programleiarar; Hege Moe Eriksen og Gry Blekastad Almås. Dei to skal også leie radioprogrammet «Urix på lørdag» saman med Tore Moland og Anders Tvegård – med premiere komande laurdag i NRK P2 klokka 11.

På Facebook og Twitter vil du kunne kommentere og kike oss i korta under emneknaggen #nrkurix.

Nye korrespondentkontor

Søndagsrevyen på NRK1 skal vidareførast som flaggskipet for utdjupande reportasjar frå korrespondentane og heimeredaksjonen. I tillegg leverer Norges største utanriksredaksjon kvar einaste dag nyhetsreportasjer og bakgrunn på tv, radio og nett.

At det er diskusjon rundt NRKs utanriksdekning er naturleg og bra.

Knut Magnus Berge, utanrikssjef NRK

Dei to nye korrespondentkontora er resultatet av ein lengre prosess i NRK, der målet er å styrke nærværet ute, i ei tid då andre mediehus trappar ned. Jobbane blir lyste ut no i september, og kontora skal etablerast i første halvdel av neste år.
Berlin-korrespondenten får ansvaret for både den tyskspråklege delen av Europa og dei austeuropeiske landa. Tysklands stadig meir sentrale rolle i EU og Europa, og utviklinga i Ukraina gjer plasseringa i Berlin naturleg.

Sørvest-Asia-korrespondenten får ansvar for eit område som strekker seg frå India/Pakistan/Afghanistan, via Iran/Irak til Syria og Tyrkia. Det er eit stort og viktig område. Målet er å styrke både Midtausten- og Asia-dekninga. Samtidig etablerer vi oss med fast frilanskorrespondent i Rio de Janeiro i Brasil.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Meir av alt

At det er diskusjon rundt NRKs utanriksdekking er naturleg og bra. I Kringkastingsrådet nyleg fekk vi både ros og ris for dekninga av Gaza-krigen i sommar. Mellom anna samla rådet seg om at vi ikkje hadde lukkast i å gje tilstrekkeleg kritisk bakgrunnsmateriale om Hamas i ein innleiande fase av krigen. Rådet oppmoda oss generelt om å tilby publikum meir analyse og bakgrunnsstoff. Det vi no gjer er eit svar på det: Ja takk, meir av alt.

Ja takk, meir av alt.

Knut Magnus Berge, utanrikssjef NRK

I det same kringkastingsrådsmøtet i august, gjorde mediekommentator Sven Egil Omdal ei oppteljing av ulike stoffkategoriar i Dagsrevyen. Han brukte juni månad som grunnlag, og fann at utanriks var det klart største stoffområdet i Dagsrevyen. Utgangspunktet er altså ikkje så verst. Samtidig meinte Omdal at vi burde styrke korrespondentnettet i Asia, Europa og Latin-Amerika. Det gjer vi.

Dialog med publikum

Dekninga vår av både Ukraina-krisa og det som skjer i Midtausten blir ettergått av ein kritisk heimleg opinion. Tidvis kan det storme i kasta. Derfor intensiverer vi vår dialog med publikum gjennom emneknaggen #nrkurix for våre konti på sosiale medier. Vi etablerer også såkalla profesjonelle Facebooksider der alle kan følge både korrespondentane våre og Urix, gje innspel og råd.

At engasjementet lever rundt NRK si utanriksdekking er bra. Og vi lyttar.
Svaret vårt er breiare dekning, fleire korrespondentar, meir bakgrunn.
Svaret er Urix i alle kanalar.