Kronikk

Ung mann søker vaksen kvinne

Petter (39) og Vendela (52) er suksessparet som viser veg.

Kirsebom og Pilgaard

Det heitaste kjærleiksparet på aldersfronten er Petter Pilgaard og Vendela Kirsebom. Beundra av mange og latterleggjorde av andre, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Cafe Bräunerhof/Wien. Ein av dei legendariske kafeane der det meste ser ut som det alltid har gjort. Stolar og bord frå 50-talet. Den gamle kakedisken. Den sure kelneren. Bordet med avisene.

Fleire kjem til. Ein ung mann i slutten av tjueåra og ei vaksen kvinne – ho ein stad rundt 50. Det som ser ut som eit kvardagsleg kafébesøk mellom mor og son, viser seg å vere noko anna. Den vaksne kvinna og den unge mannen er eit par. Auga deira strålar mot kvarandre. Dei ser lukkelege ut.

Eg gløymer kakestykket og tek meg sjølv i å glo uforskamma. Er eg fordomsfull? Er det noko eg ikkje har fått med meg?

Vendela og Petter utfordrar grensene og klisjeane om samliv og kjærleik.

No og då fell vaksne kvinner for yngre menn – og motsett: Unge menn forelskar seg i den modne kvinnekroppen. Stor aldersforskjell er ikkje eit hinder for seksuelle relasjonar mellom vaksne menneske, eller djup kjærleik, for den saks skuld. Kva som er utslagsgivande for at vi tenner på kvarandre, varierer, og er høgst individuelt: lukt og utsjånad, humor og kunnskap, modning og tryggleik. Men òg pengar (!) og status – og alder.

Det heitaste kjærleiksparet på aldersfronten er realitykjendis Petter Pilgaard og tidlegare supermodell Vendela Kirsebom. Dei er beundra av mange og latterleggjorde av andre. Dei utfordrar grensene og klisjeane om samliv og kjærleik, kva som er sosialt akseptert, og kva som ikkje er det.

Eg gløymer kakestykket og tek meg sjølv i å glo uforskamma.

Apropos latterleggjering: Under Se og Hørs kjendisfest tidlegare i år gjer konferansieren eit spøkefullt nummer utav aldersforskjellen mellom supermodellen og den yngre kjærasten. Seinare står supermodellen fram på TV. Ho har tårer i augekroken. Er lei seg. Andre att tvilar på kjærleikshistoria mellom dei. «Sjølvsagt er vi saman på ekte», forsikrar dei til Dagbladet.

Så er dei vel det, då.

Noko er i endring. Statistisk sentralbyrå skriv at ekteskapa mellom yngre menn og eldre kvinner utgjorde 14 prosent av alle inngåtte ekteskap i 1966. I 2008 var kvinna eldre enn mannen i kvart femte inngåtte ekteskap. Eg les: «Og relativt sett har aukinga vore størst for gruppa hvor kvinna er fire år eldre eller meir.»

Petter og Vendela er suksessparet som viser veg. Likevel høyrer vaksen-kvinne/ung-mann-para enno til det sjeldne – og dei får mykje merksemd. Mykje uønskt merksemd. Biologien gjer vaksne menneske i stand til å elske på tvers av store aldersforskjellar. Kulturen, derimot, set usynlege grenser for kva som er innanfor. Framleis finst fordommar og stereotype førestillingar om dei utradisjonelle relasjonane, om kvinnene særleg, men òg om dei unge karane.

Biologien gjer vaksne menneske i stand til å elske på tvers av store aldersforskjellar. Kulturen, derimot...

Fordom 1: Den romantiske forteljinga mellom han og henne ber i seg eit mål: Kjærleiken mellom dei skal føre til noko: Familieauke. Born. Og difor skingrar det i kaffikoppar på kafear i Wien når godt vaksne kvinner legg seg etter yngre menn. Kvifor spele bort sæden på ei som er for gamal til å få born? Er det ødipuskomplekset som spelar den unge mannen eit puss?

Fordom 2: Bak dei utradisjonelle partnarvala finst sjølvsagt eit grisete og simpelt motiv, ei bakanforliggjande forklaring. Sjølvstendige og oppvakte kvinner søkjer ikkje hekling og rolege TV-kveldar med dei unge hanane. Nei, dei oppvakte kvinnene saknar høgdepunkta frå ungdomstida. Jamgamle menn er slitne og kan ikkje tilby det dei ein gong kunne. Kvifor ikkje byrje på nytt med ein yngre mann?

Er det ødipuskomplekset som spelar den unge mannen eit puss, tenker dei.

Fordom 3: Er det sikkert at kjærleiken mellom dei er ekte? Er det på liksom? Kva ser den unge og vitale mannen i ei aldrande dame utan framtid? Er det pengar i biletet? Lovnad om opphald i eit nytt land? Har ho eit svakt hjarte? Eller dreier det seg om dei mindre spekulative forklaringane: Får han seg ikkje kvinnfolk på sin eigen alder, får han like godt ta til takke med gamlemor.

Dei vondsinna fordommane er seige å hanskast med. Då gir det meir meining å skumme over sjølvrealiseringssidene på internettet. Dei er det mange av. Ifylgje dei søker den unge mannen eldre kvinner som gir dei emosjonell tryggleik, som kan dele av erfaring og livsvisdom, kvinner som er sikre på seg sjølve.

Konsekvensane kan vere store for dei som bryt med tradisjonelle kjønnsroller.

På KK sine nettsider les eg om ein amerikansk forskingsstudie om kvinner og sexlyst. Den fortel at sexlysta er større hjå kvinner når fruktbarheita går ned, enn hjå dei yngre kvinnene som framleis er fruktbare. Dessutan går tala på fødande kvinner i Europa ned. Reproduksjon er ikkje den einaste innsalsfaktoren for framtidspara. Livet er fint – også utan born.

Kjærleiken mellom Petter og Vendela er vakker, men aldersujamne forhold byr òg på utfordringar. Fråvær av barn er eit smerteleg faktum for nokre, men òg sosiale utfordringar. Til dømes kjensla av å vere til overs og utanfor alderssjiktet til den yngre – eller eldre – partnaren. Over tid er sjansane for at dei som er gifte med ein mykje eldre eller yngre ektefelle, blir mindre tilfreds enn dei som er gifte med ein eller ei som er på same alder.

Når mannen skryter på seg kvinnfolk, ler vi med. Gjer kvinna det same, er ho ei hore.

Konsekvensane kan vere store for dei som bryt med tradisjonelle kjønnsroller: Ei kjensle av utanforskap, einsemd, redsel for latterleggjering. Kanskje er den moralske aksepten for å bryte sosiale normer større for menn og blant menn enn hjå kvinner. Når mannen skryter på seg kvinnfolk, ler vi med. Gjer kvinna det same, er ho ei hore.

Aldersvariasjonar er uttrykk for personlege val, og for fridomen i vår tid – fridomen til å ta dei vala vi sjølv vil, uavhengig av tradisjon og kultur – og alder.

Ven deg til det fyrst som sist.

Dette er en redigert versjon av leiaren i siste utgåve av Syn og Segn.