Hopp til innhold
Kronikk

Undring som drivkraft i skolen

Om ikkje lenge skal elevane mine opp til sentral skriftleg eksamen. Eg reknar med at bortimot halvparten vil stryke. Det er til å bli deprimert av.

Kjedelig i klasserommet

Korleis kan det ha seg at lærelyst og glød forsvinn så brått straks eleven går inn gjennom klasseromsdøra, spør lektor Einar Oltedal. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

Om ein månad pensjonerer eg meg som lektor i vidaregåande skole. Over ein periode på 40 år har eg veksla mellom arbeid i skolen og i næringslivet. Nesten alltid når eg har stått framfor klassen, så dukkar denne tanken opp: Korleis kan det ha seg at lærelyst og glød forsvinn så brått straks eleven går inn gjennom klasseromsdøra?

For alle som er interessert i skoleutvikling, så er eit av dei viktigaste spørsmåla: Kvifor må læring i klasserommet skje på ein måte som er heilt motsett av korleis vi lærer utanfor klasserommet? Dei fleste vil nok svare omtrent slik: Vi kan ikkje rekne med at elevane er motiverte nok til å lære «våre» fag, på «vår» måte og i «vårt» tempo. Derfor må vi bruke gulrot og pisk. Det er jo til elevens beste.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Eleven skal redde skolen

Eller er det det? Resultatet av denne ideen, som har prega skolen i generasjonar, ser vi av innsats og motivasjon til elevane, den blir mindre og mindre. Skolen har blitt ein fabrikk der elevane skal lære «ferdigheter». Dette forferdelege ordet som politikarane, med Kristin Halvorsen i spissen, nyttar så ofte. Der er som om dei vil fortelle alle elevar: Tru aldri at forståing, undring og glede kan bli det viktigaste.

Etter mi meining er det den motiverte elev som skal redde skolen, ikkje superlæraren. Ropet på læraren har vi fått fordi det er noko grunnleggjande feil med systemet skole.

Einar Oltedal, lærer

Etter mi meining er det den motiverte elev som skal redde skolen, ikkje superlæraren. Ropet på læraren har vi fått fordi det er noko grunnleggjande feil med systemet skole.

Dette har eg sett i nokre av mine eigne fag. At elevar jobbar i dagevis i juleferien med eit dataprosjekt, langt utover pensum, ikkje for å oppnå ein karakter, men av ekte interesse. Eller etter eksperimentering i elektronikk, at ei jente brått dukkar opp med ein flott elektronisk krets som «pappa» har laga, uten den minste oppfordring frå mi side.

Eit systematisk nedbrytingsarbeid

I mitt siste år i skolen har eg hatt høve til å samanlikne to svært ulike pedagogiske metodar. Eg har hatt tradisjonell matematikkundervisning i ein påbyggklasse. Så har eg også hatt ei gruppe i faget Teknologi og forskningslære (ToF).

Eg reknar med at bortimot halvparten vil stryke. Det er til å bli deprimert av.

Einar Oltedal, lærer

Eg starta optimistisk i haust i påbyggklassa, med å finne og å tette igjen hol i elevane si grunnleggjande forståing av matematikk. Men dessverre gjekk det ikkje mange veker før standardspørsmålet dukka opp: Får vi dette på prøva? Og etter første prøve: Kva karakter har dei andre fått. Og eg forstod at eg kjempa ein nyttelaus kamp mot systemet. Eit systematisk nedbrytingsarbeid som eg er pålagd.

Eg starta opp med 30 elevar, nå er det bare 22 igjen. Om ikkje lenge skal dei opp til sentral skrifleg eksamen. Eg reknar med at bortimot halvparten vil stryke. Det er til å bli deprimert av.

Feil i dagleg budskap

Vi kan kalle ein av desse elevane «Per». Han har store hol i matematikkunnskapane. Han slepar seg inn i klassen, sig ned på pulten, sløv i blikket. Men så møter eg Per igjen, på kveldsjobben. På skolen får han problem med å trekke to tal frå kvarandre, men her ekspederar han elegant kundar. Glød og energi tilbake. Eg blir så trist når eg tenker på kva skolen i 13 år har gjort med denne eleven; alle nederlaga, alle taparstempla. Men den aller største feilen skolen gjer med Per er gjennom det daglege budskapet: Du må aldri tru at du kan ta ansvar for di eiga læring.

Eg kan skjerme dei frå tyranniet som ligg i karakterar, lekser, rigid pensum og sentral eksamen. Elevane blir sjølvgåande; eg blir mentor og tilretteleggjar.

Einar Oltedal, lærer

Når eg går inn i ToF-klassen, er det som å kome inn i ei anna verd. Her kan eg legge ein heilt annan filosofi til grunn. Elevane får stor fridom til å eksperimentere og utforske. Eg kan skjerme dei frå tyrraniet som ligg i karakterar, lekser, rigid pensum og sentral eksamen. Elevane blir sjølvgåande; eg blir mentor og tilretteleggjar. Dei har ein motivasjon som eg aldri ser i andre fag.

Det sentrale blir å stimulere nysgjerrigheit, undring og eksperimentering. Elevane elskar faget. «Nå har vi gledd oss ei heil veke til neste time». I mine 40 år i skolen har eg aldri opplevd at matematikkelevar har sagt det same. Dette er ikkje læring mot neste prøve eller ein eksamen. Det er læring for livet.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Kan nyttast i alle fag

Eg er overbevist om at denne filosofien kan nyttast i alle fag, også i matematikk.

Men det ville snu opp ned på mye i skolen. I formålsparagrafane har ein lenge hatt fine formuleringar om å setje elevens utvikling som menneske i sentrum. I praksis er det andre interesser som dominerer, særleg snevre faginteresser. Men det sentrale skal ikkje vere korleis læraren formidlar «sitt» fag, men korleis han på best måte stimulerer til undring, kreativitet, og ansvar hos elevane.

Eller som den store filosof og matematikar Alfred North Whitehead sa for snart hundre år sidan: «There is only one subject-matter for education, and that is Life in all its manifestations».