Hopp til innhold

Kampen mot systemet

Det er lite gagn i å tvinga uføre ut i jobb når det ikkje er rå å få seg jobb. Når korkje stat eller kommune tar grep for å gjera det enklare for oss på arbeidsmarknaden, vert det heile håplaust.

Dame i rullestol

'Det finst ikkje nokre gode alternativ til dei som kan fungera i arbeidslivet, berre dei får hjelp. Hjelp som ingen vil ta ansvar for å gje', skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsbilete

Foto: unknown / SCANPIX

Kronikkvignett Ytring

La meg fyrst gjera ein ting klart, eg tykkjer det er uakseptabelt at alt for mange som kunne ha jobba, som i staden får bistand frå NAV. Latskap er ikkje ein sjukdom! Dette kostar den Norske velferdsstaten uhøyrde summar, både i pengar og tapt arbeidskraft. Rekninga for den store flyktningstraumen er berre lommerusk i forhold.

Nokre er for sjuke til at dei kan fungera i arbeidslivet. Eg trur dei fleste er einige i at desse bør få tilbod om uføretrygd. Problemet er at det ikkje finst nokre gode alternativ for dei som kan fungera i arbeidslivet berre dei får hjelp. Hjelp som ingen vil ta ansvar for å gje.

Det er mange uføre, inkludert meg, som vil jobba. Grunnen til at me må gå på NAV er enkel, me får oss ikkje jobb. Vegen til arbeid er hard for oss uføre.

Gjeld berre på papiret

Utdanning er nykelen til å få seg jobb, som dei fleste veit. I Noreg har alle lik rett på utdanning. Denne retten fungera berre på papiret. I praksis er dette ein rett som berre vert følgt opp av utdanningsinstitusjonane. Logisk nok, tenkjer du, men for å få ei utdanningskvardag til å gå opp må mange uformelle og formelle system vere på plass. Vi som treng litt ekstra hjelp må, i tillegg til alt det «vanlege», ta oss av direkte krangling med byråkratar, som avgjer kor mykje hjelp me får.

Her er mi erfaring med «lik rett til utdanning». Då eg var 9 år gammal, vart eg råka av ein sjukdom som heiter generalisert dystoni. Sjukdommen gjev meg kraftige spasmar i heile kroppen, og noko uklar tale. Dette har gjort meg avhengig av rullestol, og eg må ha hjelp til det meste i kvardagen, som til dømes å stå opp, personleg hygiene, laga mat og komma meg ut.

Når ein treng hjelp fra alt for mange aktørar, som ikkje veit kva ansvar dei har, vert systemet håplaust.

Rolf Andre Fosso

Utfordringane byrja då eg var 16 år, og måtte flytta for å få den utdanninga eg ville ha. Det vart eit brutalt møte med nye tilhøve. Korkje den nye kommunen eller skulen visste kven som hadde ansvar for å hjelpa meg. Resultatet vart at eg nesten ikkje fekk hjelp i det heile. Etter eit år valde eg å byta skule, noko som gjorde at eg flytta til ein ny kommune og skule, som gav meg enda mindre hjelp. Totalt måtte eg innom fire ulike skular for å få fullført vidaregåande. Vegen vart lang og hard, men eg klarte å få vitnemål som agronom med generell studiekompetanse.

Kommunen mangla vilje

Etter vidaregåande byrja eg på eit femårig masterprogram ved Noregs Miljø- og biovitskaplege universitet i Ås. Studiet var interessant og spennande, universitet var flinke til å legga til rette for meg, og eg treivst og godt sosialt. Ein vesentleg detalj mangla. Ås kommune mangla vilje til å yta nødvendig hjelp for å få kvardagen min til å gå opp. Ofte måtte eg få hjelp av venar og assistentar, som jobba på dugnad, noko som ikkje er haldbart i lengda. På grunn av den manglande hjelpa frå kommunen, vart eg nærmast tvinga til å avbryte studiane.

Når ein treng hjelp frå alt for mange aktørar, som ikkje veit kva ansvar dei har, vert systemet håplaust. Om eg må flytte for å få meg jobb, risikerer eg å komme til enda ein ny plass kor ting ikkje fungerer. Eg kan sjølvsagt hamne ein plass kor alt er på stell og, men det veit ein ikkje før etter ein har flytta.

Mange av oss har høg og brei kompetanse, men me får ikkje brukt den.

Rolf Andre Fosso

Ei statleg organ

Løysinga er å flytta makt frå alle dei ulike aktørane til eit statleg organ. Då er ein sikra å få den same hjelpa, uansett kor ein bur.

I dag bestemmer kommunane sjølv kor mykje, og kva slags, hjelp ein som meg kan få. Dette bestemmer dei med skjønn, basert på eit uklart lovverk, som kommunane kan tolka heilt forskjellig. Om ein får eit vedtak om hjelp frå ein kommune, har ikkje dette innverknad om ein flyttar til ein ny kommune, da må ein søke om hjelp på ny. Dette gjev ikkje meining. Behovet for hjelp endrar seg ikkje, sjølv om ein flyttar.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter og NRK Debatt på Facebook

Ta oss i bruk

Men det er ikkje berre kommunane som set pinnar i hjula på vegen for å skaffe seg jobb. Diverre er det og ein del fordommar mot å tilsetje folk med nedsett funksjonsnivå. Desse haldningane i arbeidslivet må endrast, derfor må det verte gunstigare å tilsetje personar med ei funksjonshemming. NAV har ei ordning kor arbeidsgjevarar kan kompenserast for å tilsetje funksjonshemma, med inntil to tredjedelar av løn- og sosiale utgifter. Ordninga er svært gunstig ordning for arbeidsgjevarane, så kvifor vert ikkje denne ordninga brukt meir? Svaret er truleg at altfor få veit om den.

NAV må verta betre til å opplyse om desse ordningane. Mange av oss funksjonshemma har høg og brei kompetanse, men me får ikkje brukt den. Vi treng ei god og heil oppfølging, både i utdanning og jobb, og stimulera arbeidsgjevarane til å ta oss i bruk. Då ville ein fått utretta mykje meir, både for oss og for skattebetalarane.