Hopp til innhold
Kronikk

Ubehaget i fattigdomen

Det seiest at vi lærer av historia og unngår å gjere dei same feila om igjen. Men korleis var det eigentleg? Avskaffa vi fattigdom sist vi forbaud tigging?

Rom-kvinne tigger på Karl Johans gate

Ikkje ulikt tiggarar på 1700-talet, er det arbeidsløyse, naud og diskriminering rom-tiggarane oppgir som dei viktigaste grunnane for å tigge. Ei romkvinne tiggar på Karl Johans gate i Oslo.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Tiggarane er eit problem vi må bli kvitt, desse som «foretrækker at tigge istedenfor at arbeide» (Aftenposten 8.9.1901), desse som «har rett til å ta seg jobb her, men jeg vet ikke om det er interessant for dem.» (Telemarksavisa, 13.6.2014).

I samband med prosjektet «Når endene ikke møtes. Fattigdom før og nå» i Oslo byarkiv, har eg samla avisklipp om tigging frå 1840 til i dag og retorikken er den same gjennom 175 år.

Medan norske romanifolk som tigga blei omtalt som «snyltedyr i samfunnet» for eit knapt hundreår sidan (Aftenposten 12.8.1922), fløymer internett i dag over av hatretorikk mot romfolket: «Sigøynere er ikke mennesker, de er søppel!» (Dagsavisen 16.7.2012). Men korleis blir vi kvitt dei?

Lova tida sprang ifrå

Lausgjengarlova, som «tiden har løpt fra», slik justisminister Knut Storberget sa det like før lova blei oppheva i 2006, gjenoppstår no i ny drakt. Først med frivillig innføring av tiggeforbod i kommunane og deretter med forbod på nasjonalt plan. Eller «tiggarforbod», kan vi kanskje seie. Men kva slags tiggarar vil vi forby?

Tiggeforbodet gjenoppstår. Eller «tiggarforbod», kan vi kanskje seie.

Aina Basso, forfattar og historiker

Lausgjengarlova av 1900 lovfesta straff av tigging, drukkenskap og lausgjengeri med m.a. langvarig straffarbeid. Dette blei etter kvart utsett for kraftig kritikk, og høvet til å døme folk til straffarbeid og for alkoholmisbruk blei oppheva i 1970, fordi lova verka som ei klasselov mot dei dårlegast stilte i samfunnet. Tiggeforbodet blei derimot vidareført.

Skiljet mellom «verdige» og «uverdige» fattige gjorde at arbeidsløyse ikkje gav rett til offentleg hjelp, sjølv når det ikkje var arbeid å få. Latskapen måtte straffast.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Tukt og tvang

Heller ikkje i 1900 var det nytt å straffe folk fordi dei var fattige. Det hadde i hundrar av år vore stor fattigdom i Noreg, og allslags folk kunne hamne på betlarstien og deretter i tukthuset for å bli kurerte for fattigdomen sin.

Romfolk er sterkt diskriminerte i eigne heimland og dei blir diskriminerte her, no som før.

Aina Basso, forfattar og historiker

I dag vil vi bli kvitt tiggande romfolk, i tidlegare tider var det omreisande og tiggande romanifolk som var eitt av problema. I romanen Fange 59. Taterpige (2010), som er basert på ei verkeleg historie, skriv eg om romanijenta Maria, som blei sett i tukthuset på midten av 1700-talet. Ho var lausgjengar og tiggar, begge delar straffbart. Ho var også tater, noko som i seg sjølv var nok til å bli straffa etter dåtidas lovverk. Det var ikkje berre tigginga, men også den nomadiske kulturen ein ville til livs.

Vår første samfunnsforskar, Eilert Sundt kom gjennom arbeidet som konfirmasjonslærar på tukthuset i Kristiania kring 1850 i kontakt med mange av reisande slekt. Med han starta for alvor eit mørkt kapittel i den norske historia.

Målet med det statsstøtta prosjektet hans var å bli kvitt «fanteondet» og med dét tigginga og kriminaliteten ein meinte følgde, og i løpet av 1900-talet blei ei mengd romanifolk tvangsbusette, fråtekne borna og steriliserte. I 1951 fekk dei forbod mot å eige hest, berre få år etter at Hitler freista utrydde alle av romani-, roma- og sinti-slekt i rasehygienens namn.

Vi trur kanskje at slikt tankegods er historie, men denne mørke understraumen i norsk politikk lever dessverre enno.

Kampen for tilværelsen

Christian Krogh: «Kampen for tilværelsen» (olje på lerret, 1889).

Foto: Christian Krogh (1889) / Wikimedia Commons

Ubehaget i dei framande

Ikkje ulikt tiggarar på 1700-talet, er det arbeidsløyse, naud og diskriminering rom-tiggarane oppgir som dei viktigaste grunnane for å tigge. Romfolk er sterkt diskriminerte i eigne heimland og dei blir diskriminerte her, no som før.

Latskapen måtte straffast.

Aina Basso, forfattar og historiker

I august 2012 la Oslo kommune «sigøynere» ut på anbod saman med anna søppelhandtering, og same år reagerte Likestillings- og diskrimineringsombodet på dei rasistiske utsegnene frå Rusken-generalen i Oslo, som såg romfolk «som et kriminalitets- og renovasjonsproblem».

Politiet har fleire gonger uttalt at dei ser rom-tiggarar som eit stort ordensproblem. I 2012 leverte organisasjonen Folk er folk 24 meldingar av Oslopolitiet for trakassering av rom, m.a. for gjentekne gonger å ha køyrt rom-tiggarar ut av byen og etterlate dei på ukjend stad. Politiet innrømte forholdet. Spesialeininga for politisaker påpeikte ein klanderverdig praksis og «gruppetilnærming overfor romfolk».

Heimehøyrande og framande

Då Lausgjengarlova i sin heilskap blei fjerna, uttalte Straffelovkommisjonen at alminneleg tigging ikkje kvalifiserte til bruk av straff, sjølv om det vekte ubehag hos dei forbipasserande. Dei viste til at det å vere rusa på offentleg stad, noko som kan vekke det same ubehaget, blei avkriminalisert alt i 1970. Åtte år seinare, etter at romfolk er blitt eit vanleg syn i norske storbyar, har ubehaget brått blitt for stort for oss.

Det er ikkje eigentleg tigging vi vil forby, og ikkje våre «eigne» tiggarar heller.

Aina Basso, forfattar og historiker

Med opprettinga av velferdsstaten blei det ikkje lenger skilt mellom «verdig» og «uverdig» fattigdom, men skiljet mellom dei «heimehøyrande» og dei «framande» er blitt vidareført til i dag. Sjølv om regjeringa og Senterpartiet seier at ingen treng å tigge i Noreg i dag, gjeld ikkje dette rom-tiggarar. Dei sender vi berre vekk.

Det er ikkje eigentleg tigging vi vil forby, og ikkje våre «eigne» tiggarar heller. Det er dei framande.