NRK Meny
Kommentar

Tvilens tyngde

Terroristens eigne forsvararar var delt i synet på om han var tilrekneleg – også etter at dommen var falt. Det er verd å merke seg for alle som aldri har vore i tvil ...

Anders Behring Breivik og Geir Lippestad
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Blei Breivik riktig dømt den 22. juli? Ja, svarar ein rungande majoritet. Då er tvilen større i hans eige forsvararteam, får vi vite i den nye boka til Geir Lippestad. Boka utløyser allereie ein etisk debatt om forsvarar, klient og teieplikt. Men utløyser den også ein debatt om sjølve dommen?

Sterk tvil undervegs

Rett nok skriv Lippestad at han i dag er trygg på at Breivik er riktig dømt, men han var sterkt i tvil undervegs i prosessen. Og i hans eige forsvararteam på fire advokatar var meiningane delte også etter at rettssaka var over. I boka skildrar Lippestad stemninga på bakrommet rett etter at forsvararane fekk medhald då dommen fall 28. august 2012: «Vi er fremdeles uenige om tilregnelighet eller utilregnelighet, så det utløser ingen felles jubel.»

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Boka utløyser allereie ein etisk debatt om forsvarar, klient og teieplikt. Men utløyser den også ein debatt om sjølve dommen?

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Lippestad skriv også om eit møte på Ila nokre månader før rettssaka tok til, der alle fire forsvararar var til stades. Breivik spør alle fire direkte:

«Mener du jeg er tilregnelig, eller mener du jeg er utilregnelig? Som ventet ble svarene forskjellige. De inneholdt vel egentlig alle avskygninger, fra forsøk på å unngå å svare direkte på spørsmålene og i stedet argumentere for fordelene og ulempene ved å bli dømt som det ene eller det andre, til direkte uttalelser om både tilregnelighet og utilregnelighet.»

Evne til skuld

Grunnleggjande er det slik i Norge: Ein tiltalt er uskuldig til det motsette er bevist. For at tiltalte skal kunne straffast må han ha evne til skuld. Han må altså vere strafferettsleg tilrekneleg. Og det skal bevisast. Er retten tilstrekkeleg i tvil, skal den tiltale sjåast som utilrekneleg, og dermed utan evne til skuld. Han skal altså sleppe straff.

Det er det prinsipielle. Så kan vedkomande bli sperra inne på sjukehus – såkalla tvungent psykisk helsevern – dersom han utgjer ein fare for andre.

Sprenger rammene

Langt dei fleste fagfolka frå psykiatrien som uttalte seg meinte han var tilrekneleg. Både dei som deltok i den offentlege debatten, og dei som vitna i retten. To par psykiatrisk sakkunnige var oppnemnt av retten. Dei kom som kjent til kvar sin konklusjon. Det første paret, Husby og Sørheim, meinte han var utilrekneleg. Par nummer to, Aspaas og Tørrisen, meinte han var tilrekneleg. Men Aspaas og Tørrisen uttrykte også ein viss grad av tvil. Dei meinte terroristen var eit så spesielt tilfelle at han var svært vanskeleg å plassere.

Tvilens tyngde

Aktoratet la ned påstand om at Breivik var utilrekneleg, men også der var det tvil. I prosedyren sa statsadvokatane at dei gjorde det; ”ikke fordi vi er sikre, men fordi vi er i tvil”. Dei meinte altså at tvilen var stor nok til at det ikkje var bevist at han var tilrekneleg. At han følgjeleg måtte erklærast utilrekneleg og sleppe straff, i tråd med grunnregelen om at ein kvar er uskuldig inntil det motsette er bevist.

Lippestad hadde solid støtte då han prosederte på at klienten hans var tilrekneleg. No veit vi at det heile vegen var sterk tvil i forsvararteamet om klientens tilrekneleghet.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Aktoratet viste til ein høgsterettsdom frå 1979, og argumenterte for at det ikkje var nok med sannsynleghetsovervekt. For å kunne dømme nokon tilrekneleg måtte retten vere nesten heilt sikker, meinte statsadvokatane. Altså at beviskravet for tilrekneleghet er nesten like strengt som for å dømme nokon for sjølve handlinga.

Opinionen pressar på

I 22. juli saka var det eit massivt press for å få terroristen dømt tilrekneleg. Frå opinionen, brorparten av mediene, stortingspolitikarar. Til og med statsministeren uttalte seg slik at han blei oppfatta å ønske Breivik straffa.

Til TV2 sa han at det ville vere ein fordel for offera om Breivik blei dømt tilrekneleg.
Mange var skråsikre; ein psykotisk mann kan ikkje planlegge i årevis og gjennomføre ein slik aksjon. Lippestad hadde altså solid støtte då han prosederte på at klienten hans var tilrekneleg. No veit vi at det heile vegen var sterk tvil i forsvararteamet om klientens tilrekneleghet: «Vi ble egentlig aldri helt enige hverken med oss selv eller hverandre om tilregnelighetsspørsmålet», skriv Lippestad.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Som å argumentere med eit barn

Han skildrar dragkampen med Breivik om vitnelista og skriv at det var som å argumentere med eit barn. Han er overraska over at mediene i så sterk grad syntest å helle i retning av at Breivik var tilrekneleg, og at engasjementet rundt utfallet av dette var så stort.

Riktig dom?

Heile nasjonen var utmatta etter rettssaka mot Anders Behring Breivik, og truleg er det for tidleg med ein ny stor debatt om terrorsaka no.
Men Lippestads bok varslar at debatten etter kvart vil kome – kanskje med opning for ein større grad av tvil?