Hopp til innhold
Kommentar

Korleis møtte Treholt skuldingane?

Det er historisk sus over at lydbandopptaka frå Treholtsaka no blir frigitt. Men dei store avsløringane kan vi neppe vente.

Rettssaken mot Arne Treholt
Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Arne Treholt blei arrestert på Fornebu i januar 1984. Det var kald krig. I avhøyr like etter fortalde han at han hadde hamna i ein orgie i Moskva. Det blei tatt kompromitterande bilde, han blei pressa av KGB …

Honningfelle?

I spionlitteraturen er dette kjent som ei «honningfelle». Men Treholt trakk seinare forklaringa, og hevda han leid under eit slags tilståingssyndrom like etter arrestasjonen. Under rettssaka året etter blei Treholt konfrontert med opplysningane han gav i avhøyr om korleis han blei pressa. Dette er eit døme på kva type materiale offentlegheita no får innsyn i. Korleis ordla Treholt seg i si eiga forklaring i retten, korleis svara han på spørsmåla han fekk, kva sinnsstemning var han i?

Det er den opne delen – den delen av forhandlingane presse og publikum sjølv sat inne i salen og høyrde – som er frigitt. Derfor er det heller ikkje grunn til å vente dei store nyheitene

Knut Magnus Berge

Treholt blei dømt til tjue års fengsel for spionasje. Retten fann det bevist at han hadde skada rikets tryggleik ved å levere frå seg hemmeleg materiale til Sovjetunionen og Irak. Og at han hadde motteke pengar tilsvarande «fleire årslønner» frå begge land. Igjen, korleis svara Treholt, kva sa han i si eiga forklaring i retten?

FØLG DEBATTEN: Ytring på facebook

Treholts eiga forklaring

Lydbanda som no er frigitt utgjer drygt 70 timar, vel ein firedel av rettsforhandlingane. Det er den opne delen – den delen av forhandlingane presse og publikum sjølv sat inne i salen og høyrde – som er frigitt. Derfor er det heller ikkje grunn til å vente dei store nyheitene. Det mest interessante er nettopp Treholts eiga forklaring i retten, korleis han møter skuldingane. Kanskje kan også nokre myter stå for fall?

Samtidig med at lydbandopptaka frå den opne delen av rettssaka blir frigitt, går det føre seg eit arbeid med å vurdere det resterande materialet. Det bør ende med at lydbanda frå den lukka delen av rettsforhandlingane blir avgradert i løpet av hausten. Noko anna ville vere nedstemmande. Det er langt viktigare enn at vi no har fått tilgang til det som var ope allereie den gongen.

LES OGSÅ: – Glad for at dette kommer ut.

Politiets metodar

Eit av punkta det er knytt spenning til er kva som kom fram i retten om politiets metodebruk. Treholt og hans familie blei sett under omfattande overvaking. Leilegheita i Oscarsgate i Oslo blei videoovervaka frå ei dekkleilegheit i etasjen over, noko som seinare er fastslått ulovleg. Tenestemenn frå overvakingspolitiet tok seg også inn i leilegheita.

Korleis blei pengebeviset presentert under rettssaka, kva blei sagt om metodebruken? Slike svar vil lydbandopptaka kunne gi

Knut Magnus Berge

Under ei ransaking i Oscars gate 17. mai 1983, blei det såkalla pengebeviset framskaffa.Ein konvolutt full av dollarsedlar blei funne i Treholts attasjekoffert. Akkurat som i spionromanane. I rettssaka blei pengane brukt som bevis for at Treholt tok imot store beløp frå Sovjetunionen, noko Treholt nekta for. Han vedgjekk å ha tatt imot større summar frå Irak som konsulentbidrag, mens han frå Sovjetunionen berre hadde motteke dekning for reiseutgifter. Korleis blei pengebeviset presentert under rettssaka, kva blei sagt om metodebruken? Slike svar vil lydbandopptaka kunne gi.

FØLG DEBATTEN: Ytring på twitter

Oppattaking?

Treholtsaka er – ved sidan av 22. julirettsaka – den største straffesaka i etterkrigstida i Norge. I 28 år har det stått strid om rettssaka, om dommen og om politiets metodebruk. Gjentekne gongar har Treholt bedt om at saka blir tatt opp igjen, gjentekne gongar er kravet avvist. Dommen mot Arne Treholt blei ståande, og er avgradert, den hemmelegaste delen rett nok for berre to år sidan. Det har nemleg sete langt inne. Treholtsaka har heile vegen vore innhylla i eit slags mystikkens slør. Påtalemakta har stride imot.

Derfor er det historisk sus over at lydbandopptaka frå rettssaka no blir gjort tilgjengelege for publikum. Og at det venteleg blir gitt innsyn også i den lukka delen av rettssaka. For dette er også eit innsyn i ei anna tid. Men i det store blir nok frontane meir eller mindre som før. Noko avgjerande ny erkjenning er neppe å vente, til det er saka endevendt for mange gongar – i retten, i media og i bøker. Slik sett er dei frigitte lydbanda meir av historisk – enn av nyhetens interesse.