NRK Meny
Kronikk

Traumeturisten i Dealey Plaza

Kva kan vi lære av Kennedymordet, i Noreg i 2013?

JFK Anniversary

Her ligg den viktigaste lærdommen frå drapet på Kennedy for oss, skriv forfattar Øyvind Vågnes: Korleis skal ein unngå den tvangsaktige omgjeringen av åstaden til turistattraksjon? Dealey Plaza i dag, og eit bilete av Dealey Plaza 22. november 1963. Ein Secret Service-agent klatrar opp på presidentens limousine kort etter dei dødelege skota.

Foto: Cody Duty / Ap

Då John F. Kennedy vart skoten og drepen den 22. november for femti år sidan, ei hending som i dag raskt ville ha vorte omtalt som ei terrorhandling, gjekk den nordamerikanske nasjonen inn i ei djup landesorg. Attentatet, som alltid vert trekt fram som eit av dei store kollektive trauma i USA i det tjuande hundreåret, gjekk føre seg i løpet av eit kort, fortetta augeblikk, som er rita inn i det historiske medvitet til meir enn ein generasjon.

I dei åra eg har forska på og skrive om kulturhistoria til Abraham Zapruders 8 mm amatørfilm, som fanga drapet i grufull detalj, har eg fleire gonger spurt meg kva lærdom ein kan trekkje frå ikkje berre det som hende, men like viktig, måten det har vorte forstått på i åra som følgde. I seinare år har særleg eit svar på dette spørsmålet utkrystallisert seg som viktig: Ein nasjon som vår eigen, som er i ferd med å prøve å verte samde om korleis vi skal hugse og tenkje på vårt eige, ferske kollektive traume, kan vere tente med å rette blikket mot Dealey Plaza, åstaden for drapet for femti år sidan. Kvifor?

HØYR OGSÅ: Kronikkforfattar Øyvind Vågnes på Ekko på P2.

Augneblikkets lærdom

Omgrepet «a teachable moment» vart mykje brukt i debattane som følgde arrestasjonen av den afroamerikanske Harvard-professoren Henry Louis Gates sommaren 2009. I etterkant av hendinga inviterte president Obama både Gates og politibetjenten som hadde arrestert han på ein øl i hagen utanfor Det kvite hus. Arrestasjonen, håpa Obama, skulle vere det han kalla «a teachable moment» – eit augeblikk alle kunne lære noko av, gjennom dialog med kvarandre.

Ein nasjon som vår eigen, som er i ferd med å prøve å verte samde om korleis vi skal hugse og tenkje på vårt eige, ferske kollektive traume, kan vere tente med å rette blikket mot Dealey Plaza.

Øyvind Vågnes, forfattar

Omgrepet var ikkje nytt, og det var ikkje første gongen nokon brukte det om eit traumatisk augeblikk. W.J.T. Mitchell, professor ved University of Chicago, løfta fram omgrepet igjen året etter. Vi tenkjer på «augeblikket» vekselvist som flyktig og «momentous», sa Mitchell, og opna opp omgrepets elastisitet. Eit augeblikk kan representere eit vendepunkt, ein epokemarkør, som skil mellom noko som var, og noko som er i emning.

Augeblikket er slik høveleg som pedagogisk verktøy, hevda Mitchell: Når vi deler kunnskap med kvarandre i undervisning og andre former for utveksling, går vi inn i prosessar som har noko uavslutta over seg, der ikkje alle svar er klare på førehand, og bestemte, motsetningsfulle augeblikk kan tene godt som utgangspunkt.

Kennedymordet er eit slikt augeblikk. Og om ein rettar blikket mot hendinga frå eit norsk perspektiv femti år seinare, vel to år etter at vi vart ramma av vår eiga landesorg, innbyr særleg historia om forvaltninga av drapsstaden i Dallas som minneplass til ettertanke og kritisk refleksjon. Dealey Plaza har utvikla seg til noko som farleg liknar ein dødens «theme park».

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Kva skulle ein bruke åstaden til?

Plassen er i dag tilgjengeleg for alle verdsvevens reiseglade, virtuelle turistar, for i vindauget Lee Harvey Oswald skaut frå er det plassert eit webkamera som viser bilde frå området døgnet rundt. Inn til sjølve vindauget kjem vi likevel ikkje, for rommet utgjer no ei permanent, forsøksvis autentisk utstilling i museet som har flytta inn i etasjen, The Sixth Floor Museum.

Dealey Plaza har utvikla seg til noko som farleg liknar ein dødens 'theme park'.

Øyvind Vågnes, forfattar

Dealey Plaza er ein tragisk plass, og det på meir enn ein måte. Området, som er kalla opp etter samfunnsmennesket George B. Dealey, vart teikna og bygd midt på trettitalet for å regulere trafikk, og vart opphavleg kalla «inngangsdøra til Dallas» av dei lokale myndigheitene, som ikkje lenger visste kva dei skulle bruke Plazaen til etter drapet. Eit museum opna der i 1989, slik at dei mange som kom innom skulle ha ei offentleg sanksjonert framstilling.

Tvangsaktig turisme

Då eg rusla inn i området for ti år sidan, på dagen førti år etter at Kennedy vart skoten der, vart eg slegen av korleis plassen var prega av ei omfattande, nærast tvangsaktig, visualisering og iscenesetjing. Eg vandra rundt og såg på at folk fotograferte kvarandre, filma kvarandre, og poserte, ved boklageret, ved det store, kvitmalte krysset på asfalten akkurat der kula trefte Kennedys hovud.

Dealey Plaza er ein tragisk plass, og det på meir enn ein måte.

Øyvind Vågnes, forfattar

All denne aktiviteten vart utfylt av ein kommersialisert minneindustri. I museets gåvebutikk kunne du kjøpe caps og t-skjorter. Dealey Plaza stod fram som møteplass for arge konspirasjonsteoretikarar som baud på sine heimelaga fanziner, ein stad der ulike enkeltpersonar og grupper har kjempa og kjempar om eigarskapet på det kulturelle, politiske og historiske minnet om president Kennedys dødsfall, men, like viktig – som turistattraksjon.

Her ligg den viktigaste lærdommen frå Dealey Plaza for oss, idet vi stirer inn i webkameraets mekaniske, uavlatelege dokumentasjon, for denne reiser det uunngåelege spørsmålet: Kva vil vi med slike stader?

John F. Kennedy drap

John F. Kennedy i limousinen på gatene i Dallas, Texas. Bilete teke få minutt før skota som drap presidenten.

Foto: Walt Cisco / Wikimedia Commons

Dagen deretter, året deretter

Minnet er den einaste relasjonen vi har med dei døde, men kanskje vi legg for mykje vekt på det å minnast, og ikkje nok vekt på det å tenkje, har Susan Sontag skrive. Når Plazaen natt til laurdag til slutt er tømt for menneske, og trafikkmaskinen tek til å summe igjen, og graset er nedtrakka som etter ein musikkfestival, vil det vere nattemørkeret webkameraet viser oss, før det igjen fangar opp morgonlyset som legg eit forsiktig slør over alt, likt den første morgonen etter drapet for femti år sidan.

Folk fotograferte kvarandre, filma kvarandre, og poserte, ved boklageret, ved det store, kvitmalte krysset på asfalten akkurat der kula traff Kennedys hovud.

Øyvind Vågnes, forfattar

Dealey Plaza vaknar til ein ny kvardag, fanzine-seljarane så vel som dei tilsette i museet, etter at dei store fjernsynskanalane med sine anker har reist. Panelistane, pressen, dei som tok del i seremonien, dei har alle forlate byen no, det ser den virtuelle turisten på skjermen sin, for webkameraet fangar det banale like godt som det spektakulære. Kanskje er det mest autentiske besøket du kan føreta til området virtuelt, slik at du kjem nærare på om du held deg ved lyset frå skjermen.

Tenk på det. Noko fælt har skjedd, noko du knapt orkar å tenkje på, og så går åra, og så er vi der – enten i gåvebutikken, eller i stoverommet, med webkameraets maniske bod om å sjå, om å stire, om å vere der utan å vere der – om å verte traumeturisten med flakkande blikk.

Tapet av ein åstad

Historia om Dealey Plaza er historia om tapet av ein åstad som minneplass, om tapet av åstaden for det uhyrlege som eit samlingspunkt for noko heilt anna enn fotografering og kjøp av traumekitsch og grelle suvenirar – og det er eit tap som er eigna til å fylle alle og ein kvar av oss med uro, for ikkje å seie frykt.

Tenk på det. Noko fælt har skjedd, noko du knapt orkar å tenkje på, og så går åra, og så er vi der – i gåvebutikken.

Øyvind Vågnes, forfattar

Det er ei krevjande oppgåve å leggje til rette for kollektive minneprosessar på slike stader. Når vi no går inn i ei tid der så må skje både i Regjeringskvartalet og på Utøya, så kan ein med fordel rette blikket mot staden der John F. Kennedy vart drepen for femti år sidan – men då for å få betre greie på kva for minnestrategiar ein bør unngå, snarare enn gjere bruk av. For ein ting er sikkert: Det er ikkje turismens parameter som bør gjere seg gjeldande når slike strategiar tek form.

Øyvind Vågnes er forfattar av Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture (University of Texas Press). Denne veka gir Flamme Forlag ut essayet «Kennedybildet.»