Til leige: Eittroms brannfelle med mugg

I desse dagar er det samordna opptak. Bustadtilboda til deg som er fersk student i ein by er ikkje dei beste, og det er mange fallgruver.

Studentboliger på Sogn i 1952

Alle dei store byane er langt unna det nasjonale målet for dekningsgrad på 20 prosent, skriv bustadrådgjevar i Bergenstudenten, Knut Knapskog, i denne kronikken. Biletet er tatt ved opninga av Sogn Studentby i Oslo i 1952.

Foto: NTB scanpix
Knut Knapskog byline
Bustadrådgjevarar i Bergenstudenten
Kronikkvignett Ytring

Kjære komande student, i dag vert resultata frå Samordna opptak publiserte. Då skal du og eit lass med andre håpefulle prøva dykk på leigemarknaden – dei fleste av dykk i ein av dei større byane. Det meste ved studentlivet er fantastisk, men forvent ikkje at fyrsteinntrykket passar til dét biletet.

Det er ei rekke grunnar til at mange i din situasjon får vanskar med å finne ein bustad med god standard og ein leveleg pris. For det fyrste har de ofte ikkje noko sosialt nettverk lokalt, slik at dei mange leilegheitene som det ikkje vert annonsert for – men der ein ven av ein ven treng eit nytt medlem til sitt kollektiv – er utanfor rekkjevidd. For å nå denne skjulte marknaden må ein ha budd nokre månader fast i byen.

Hald hovudet kaldt!

Vi skjønner at prosessen med å finne bustad kan vera vanskeleg. Kjenner du ikkje byen, kollektivsystemet eller kor utdanningsinstitusjonane ligg, er det ikkje alltid like lett å vite kva delar av byen du skal konsentrere deg om.
Det kan vera vanskeleg å halde oppe ei kritisk haldning til standarden bustaden held og kva som står i kontrakten, når fleire titals andre verkar å vere ute etter den same bustaden.

Hugs at leilegheita du seier ja til er plassen du ofte er bunden til i minimum eitt år!

Knut Knapskog

Då må du halda hovudet kaldt, og hugse at leilegheita du seier ja til er plassen du ofte er bunden til i minimum eitt år. For dei totale utgiftene er det viktig å undersøke trekken i vindauga, og forhøyre seg om kor godt det er isolert. Særleg er dette viktig for nye og unge studentar, fordi studentar på 25 år og eldre i snitt har 47 prosent betre råd enn dei mellom 19 og 21, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) si undersøking om studentlevekår.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Les kontrakten!

For livskvaliteten og helsa er det viktig at det ikkje er mugg. Og er det ikkje godkjend rømmingsveg, kan det stå om livet.

For livskvaliteten og helsa er det viktig at det ikkje er mugg. Og er det ikkje godkjend rømmingsveg, kan det stå om livet.

Knut Knapskog

Ikkje skriv under ein kontrakt utan å lese skikkeleg gjennom den. Frå tidlegare år har vi døme på kontraktklausular med ei risikofordeling som skil seg vesentleg frå den som husleigelova legg opp til – der leigetakarane kan sitje att med det økonomiske ansvaret for problem som dels er utanfor deira kontroll. Kvart år kjem det titusental studentar som deg til dei byane, men til forskjell frå deg, tør ikkje alle dei å vente dersom dei fyrst får eit tilbod. Desse lever utriveleg og dyrt.
Berre hugs: Det finst flotte stadar å bu òg i dei større byane. Lukka til med bustadjakta og studia!

Verst dekningsgrad i byane

Det er naturlegvis Bergen vi i Bergenstudenten kjenner best. Her håper vi at samskipnaden sine 727 nye studentbustader i år vil gjera situasjonen mindre akutt enn tidlegare år. Med opninga går byen frå 12 til 15 prosent dekningsgrad. Denne er lågare i dei store studentbyane Oslo, Stavanger og Trondheim.

Alle er langt frå det nasjonale målet, som er ei dekningsgrad på 20 prosent.

Knut Knapskog

Alle er langt frå det nasjonale målet, som er ei dekningsgrad på 20 prosent. Slike tall finn ein berre i Ås og i dei tre nordlegaste fylka, ifølgje tal frå Norsk Studentorganisasjon.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Bygg fleire leilegheiter

Vi oppmodar lokale og nasjonale politikarar om å legge opp til å bygge fleire leilegheiter for leigemarknaden slik at studentar og andre har ein reell valfridom for bustad òg i sommarmånadene.
Både studentsamskipnadene og bustadbyggelaga står klare. Kanskje slepp samskipnaden å reie opp madrassar på sovesalane om nokre år.

Bergenstudenten er eigd av Velferdstinget i Bergen, og har tre bustadrådgjevarar sommaren 2013 som svarar på praktiske og juridiske spørsmål om husleige.