Kronikk

Taus vår - støyande sommar

Denne våren vert fjelltoppar sprengde og planerte, og på toppane kjem enorme master med støyande vindturbinar.

Vindmøllepark Fitjar

Turbin for turbin veks vindmølleparkane fram som denne på Fitjar, og desse inngrepa i naturen uroar kronikkforfattaren.

Foto: Siri Løken, NRK

Våren 2020 er til endes. Etter covid-19 og stenginga av Noreg, vil han truleg verte ståande som ein merkestein i minnet og historiebøkene.

Men for store delar av landet er det ei anna sak frå våren 2020 som vil sette meir varige spor enn koronaviruset. For i store område av Noreg vert det no gjort omfattande og irreversible inngrep, som set sterkt preg på villmark, kulturlandskap og menneske.

I tidlegare urøyvd natur vert det lagd milevis med nye vegar, skjeringar og fyllingar bryt gjennom skog og mark, myr og fjell, og på dei høgaste fjellryggane vert det montert enorme master med støyande vindturbinar.

Sjeldne landskapsområde får vindturbinar på toppane.

Utbygginga av vindkraft er ein del av det «grøne skiftet», forankra i klimapolitikk, energipolitikk og industripolitikk. Til grunn ligg tekniske analysar og prognosar, med målsetningar om å skape grøn vekst og oppfylle internasjonale klimamål.

Men på sida av dette står menneske, nokre med norske flagg og raude huver, i motstand mot utbygging av vindindustri i sine lokalmiljø. Nokre har tapt kampen, somme står midt i han og andre rustar seg i lokale lag og foreiningar for å slåst mot Staten og kraftutbyggarane.

Folk som til vanleg går på arbeid og følgjer borna sine på fotballtreningar og korpsøvingar på fritida, brukar all si ledige tid på å lese vanskeleg tilgjengelege rapportar om emne som støypåverknad og skuggekast eller skriv klager og motsegner til vedtak og MTA-planar.

Rekreasjonsområde vert endra og sterkt forringa av støy, iskast og terrengendringar.

Ja, somme av dei står endåtil opp mot utbyggarane og ordensmakta på måtar som gjer dei til sivilt ulydige, og får utskrive sine fyrste bøter frå Politiet. Korleis skal vi forstå dette?

I artikkelen «Naturliv?» skriv Jon Bojer Godal om Ingvald Jåma, sørsame i Verran, Åfjord og Rissa. Jåma fortalde i si tid Godal om tanta si, som budde i Lierne, i ei gamme der:

-Framfør døra i gamma lå der en sten. Hu hadde vatn i ei kjelde som lå en 50 meter unna den gamma. Når hu henta vatn der så sto hu på en sten. Mellom de to stena var det itj sti. Hu hoppa så lett frå side til side på forskjellig måte kvar gong. Det vart itj sti mellom de to stena. Av det skulle vi førstå at når vi førlot verda så skulle det itj visast at vi hadde vore her.

Godal sjølv kallar desse orda for «ei moralpreike om å levere livsgrunnlaget vidare til neste generasjon» og konkluderer: dei einaste minnesmerka som burde stå att etter oss er «ingenting og takk».

Kulturlandskap som er stelt i generasjonar vert nedbygt.

Kva så med oss? Det som skjer denne våren er mellom anna at fjelltoppar vert sprengde og planerte. Vindindustrianlegg vert bygde midt i det tettaste fugletrekket langs kysten.

Konsesjon er gitt for utbygging av havvindanlegg midt i matfatet til sjøfuglen som hekkar i Sør-Noreg sitt einaste fuglefjell. Kulturlandskap som er stelt i generasjonar vert nedbygt. Beiteareal vert bandlagt. Flyttevegar for tamrein vert stengde.

Sjeldne landskapsområde får vindturbinar på toppane. Truga naturtypar vert nedbygde, kystlyngheia vert ikkje skåna. Anlegg vert bygde tett inntil naturreservat. Leveområde for fugl og vilt vert avskorne og øydelagde av tilførselsvegar. Rekreasjonsområde vert endra og sterkt forringa av støy, iskast og terrengendringar.

Beiteareal vert bandlagt.

For mange menneske i landet vårt er naturen ein viktig faktor og motivasjon for kvar og korleis dei har valt å busette seg og leve livet sitt. Mange som har vakse opp i nærleik til natur har gode og sterke minne av naturopplevingar i oppvekst og ungdom.

Og mange har framleis ein djup respekt for elementa og livet under open himmel, opparbeidd gjennom generasjonar sine minne og forteljingar om å skape eit levebrød i eit rikt, men krevjande land. Når naturen då brått er så lite eller mykje verdt at han kan øydeleggast, då gjer det vondt, alvorleg vondt, for mange!

Kan hende er det for seint, kan hende har dei som kjempar mot vindkraftutbyggingane allereie tapt. Det kan hende at all naturen vi hadde ein dag er gløymd.

Husk oss då, som dei som ikkje ville gje borna sine verken ein taus vår eller ein støyande sommar.