NRK Meny
Kronikk

Talentfabrikken ved havgapet

Dei gamle heltane i cupfinaleklubben Hødd brukar ikkje tida på å vere gamle heltar. Dei utviklar nye talent, skriv Arne Flatin, NRK-journalist og Hødd-entusiast.

Erik Sandal

Hødds Erik Sandal feirar framfor fansen på Høddvoll etter sigeren over Brann i cupsemifinalen. Arne Flatin skriv om talentfabrikken Hødd i denne kronikken.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Då Kjell Rune Sellin sette inn 3-1-målet i semifinalen for Hødd mot Brann kom gledestårene. Endå ein gong er Hødd på leppene til heile fotball-Noreg. Akkurat som då laget sensasjonelt rykte opp i dåverande toppdivisjon i 1965. Alle toppklubbane låg langflate etter storspelaren Kjetil Hasund, som fekk 16 A-landskampar som Hødd-spelar. Men han var trufast mot heimklubben og kameratgjengen som han hadde spelt saman med sidan guteåra.

I dag er fleire av Hødd-spelarane på nytt ettertrakta hos toppklubbane. Og dei kjem til å forsvinne. Nokre av dei etter årets sesong, nokre litt seinare. Slik er fotballen i dag. Det er alltid større fiskar i havet. Og slik har Hødd funne sin plass i fotballen sitt økosystem. Som talentutviklaren, eller talentfabrikken, som enkelte vil kalle det.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Tvieggja sverd

For supporteren er dette eit tvieggja sverd. På den eine sida er du stolt av gutane som gjer det så bra at dei er gode nok til spel for betre klubbar, på ei anna side ber du på ein draum om at akkurat desse flotte spelarane skal spele på høgste nivå for din klubb. Men om vi grev litt djupare i problemstillinga vil vi sjå at Hødd også er ein av dei større fiskane i systemet. Fleire av spelarane kjem frå endå mindre naboklubbar. Talent i Noreg utviklar seg gjerne i klubbar der seniorlaget er i tredje, fjerde eller femte divisjon.

Talent i Noreg utviklar seg gjerne i klubbar der seniorlaget er i tredje, fjerde eller femte divisjon.

Arne Flatin, NRK-journalist og Hødd-entusiast

Så tar dei steget til klubbar som Hødd, som foredlar talentet, før dei beste tek steget opp til eliteserien og nokre veldig få endå vidare til klubbar ute i Europa. Nokre av dei må ta eit steg ned for kanskje å kome opp igjen. Som Adama Diomande. Han var i Hødd i to sesongar etter mislykka forsøk i toppklubbane Lyn og Vålerenga. I Hødd fekk han orden på talentet sitt og har spelt tidvis gode kampar for topplaget Strømsgodset i år. Pål Andre Helland kan vere på veg til å gjere det same. Han var talentet som ikkje greidde å trenge gjennom det tronge nålauget i Rosenborg, men utviklar seg no i Hødd, før han kanskje på nytt får sjansen.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

På denne måten er det ein fin dynamikk i fotballen sin talentutviklingsstige, i alle fall så lenge klubbane greier å sjå det. Og det gjer dei fleste. Sjølv om mange leiarar for klubbar i lågare divisjonar truleg helst hadde sett at storscoraren deira ikkje gjekk til Hødd eller andre klubbar på same nivå, og vi i Hødd helst hadde sett at dei beste ikkje forsvann til eliteserien.

Spelar ikkje oldboys-fotball

Men kvifor er Hødd så flinke på talentutvikling? Spelarar som Børre Meinseth, Jan Åge Fjørtoft, Arild Sundgot, Ole Bjørn Sundgot, Åge Hareide, Karl Oskar Fjørtoft, Kenneth Giske, Geir Hasund, Egil Ulfstein, Roar Breivik, Knut Ertesvåg og Morten Moldskred, med fleire, har alle hatt ei utvikling i Hødd før dei vart eliteseriespelarar. Nokre av dei til og med mellom landets aller beste.

Då Hødd rykte opp i 1965, vart det karakterisert som eit eventyr. Det var Hødd i toppdivisjonen mot trikkeserien på Austlandet. Hødd, klubben frå havgapet, klubben som laga gull av gråstein, klubben som spelte best på blaute haustbaner, klubben som aldri gav opp. Denne arven har klubben teke med seg vidare. Dei gamle heltane spelar ikkje oldboys-fotball. Dei brukar heller fritida si som trenarar for aldersbestemte lag for å få fram nye talent. Kjetil Hasund var trenar for sonen Geir Hasund, som igjen er trenar for Peter (13) og Henrik (7). Her ligg litt av forklaringa.

Alle toppklubbar i landet, i dei to øvste divisjonane, definerer eit område dei vil hente talent frå, og treng då aksept frå klubbane i dette nærområdet for å få dette til å gå knirkefritt.

Arne Flatin, NRK-journalist og Hødd-entusiast

LES OGSÅ: Arne Scheie om Hødd

Opp gjennom åra har Hødd vorte flinke til å samarbeide med naboklubbane, og mange av spelarane på cupfinalelaget kjem derfrå. Alle toppklubbar i landet, i dei to øvste divisjonane, definerer eit område dei vil hente talent frå, og treng då aksept frå klubbane i dette nærområdet for å få dette til å gå knirkefritt. Det er då avgjerande at klubbane som utviklar talenta på første og andre nivå får ein kompensasjon frå dei større klubbane når talenta tek steg vidare. På den måten kan dei oppretthalde jobbinga med å utvikle gode spelarar som er til det beste for norsk fotball.

Klarte det naturstridige

Ein annan vesentleg faktor for Hødd sin suksess er miljøet. Hødd har eit tett og godt miljø som gjennomsyrer klubben. Stemninga er god på Høddvollhuset, litt som på Rosenborgbrakka i Eggen si tid kanskje? Hødd har plass til alle i systemet. For nokre år sidan tok fotballformannen saman med fleire andre pådrivarar initiativ til å etablere eit lag for utviklingshemma, som fekk namnet Hødd United. Ein stor suksess og ein ny miljøfaktor i Hødd-familien.

Talentfabrikken Hødd har for ei lita stund teke innpass på arenaen til dei aller beste.

Arne Flatin, NRK-journalist og Hødd-entusiast

LES OGSÅ: Lise Klaveness kritiserer NFF

Så når gledestårene kom for alle innbitte Hødd-patriotar etter at Brann vart slått i semifinalen, så var det fordi ein liten, men likevel stor klubb, på nytt har greidd det naturstridige. Hødd-eventyret starta med opprykket til kameratgjengen i 1965. No er ein ny kameratgjeng, over 45 år seinare, allereie i ferd med å skrive neste kapittel i Hødd-eventyret, med finalekamp på Ullevål i november mot eit av topplaga i norsk fotball. Talentfabrikken Hødd har for ei lita stund teke innpass på arenaen til dei aller beste. Hødd er nemleg klubben som alltid kjem tilbake. Alltid...

Kronikkforfattaren er journalist i NRK Møre og Romsdal, og har skrive bøkene «Heia Hødd: 1919-1994» og «Heia Hødd: 1995–2009». Han er tillitsvalt og keepertrenar i IL Hødd, og spelte åtte A-kampar for Hødd mellom 1984–1986.