Hopp til innhold
Kronikk

Takk, Ivar Aasen!

Så lenge nynorsken fyrer opp kvilepulsen vår, er den sterk. Og det gjer den. Så til dei grader.

Ivar Aasen portrett

Ivar Aasen gjekk for det beste, og enda med den ordlista som best representerte det daglege folkespråket i landet. Det må ha kravd både tålmod og mot, skriv direktør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard. Her ein xylografi etter eit fotografi av Aasen teke av Carl Christian Wischman.

Foto: Nasjonalbiblioteket (CC BY 2.0)

I dag er Ivar Aasen 200 år. Eitt år eldre enn grunnlova. Språket han samla og festa til skrift er mykje eldre. Aasen reiste landet rundt for å samle daglegspråket i Noreg, han tok ingen snarvegar, fall ikkje for freistinga å bruke den første dialekta han kom over, heller ikkje det første ordet for eitt eller anna. Han gjekk for det beste, og enda med den ordlista som best representerte det daglege folkespråket i landet. Det må ha kravd både tålmod og mot.

Gevinsten av det nitide arbeidet var stor for folk. Med eitt kunne dei skrive nærare slik dei snakka, og forstå språket frå innsida. Slik gjorde han den nynorske litteraturen mogleg. Slik gav han eit stort bidrag til demokratiseringa av nasjonen. Kort avstand mellom språket og livet gjer det lettare å skrive slik ein sjølv kjenner seg trygg på det ein ytrar. Slik vinn ein språkleg sjølvtillit. Det er lese- og skrivedugleik som opnar dørene til deltaking i det offentlege livet og i demokratiet.

LES OGSÅ: Heile avisa på nynorsk.

Kulturnasjonen Noreg

Nynorsk og bokmål er mellom dei hundre mest robuste språka i verda ifølgje Ottar Grepstad. Under overskrifta «Eit sant mirakel» skreiv Kjartan Fløgstad i fjor sommar i Aftenposten om alle dei gode, nynorskskrivande forfattarane. Han viste til markante yngre forfattarar som Olaug Nilssen, Agnes Ravatn, Maria Parr, Sigmund Løvåsen, Carl Frode Tiller og Marit Eikemo. Det er nærliggjande å spørje oss om kvifor den nynorske litteraturen står sterkare enn nokon gong.

Verdien av denne slitesterke semja kan ikkje målast i pengar. Men kanskje i kvaliteten på oss som kulturnasjon, og Noreg som demokrati.

Edmund Austigard, direktør i Det Norske Samlaget

I mangel på handfaste bevis, må eg ty til hypotesar for å forklare mirakelet. På eine sida fins ei rørsle bygt på dugnadsand, som dagleg slåss for språket sitt. På andre sida, og som eit resultat av det føregåande, eit politisk vedtak som jamstiller nynorsk og bokmål. Det er utan tvil også viktig at det i forlenginga av vedtaket fins nynorske basisinstitusjonar som Nynorsk Kultursentrum, Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget, for å nemne nokre av dei.

Og ikkje minst har det såkalla norske litterære systemet vore avgjerande. Dei ordningane og reguleringane som vi som folk har jobba fram gjennom våre folkevalde, gir alle over heile landet tilgang på nynorsk litteratur i alle sjangrar, frå krim til lyrikk. Verdien av denne slitesterke semja kan ikkje målast i pengar. Men kanskje i kvaliteten på oss som kulturnasjon, og Noreg som demokrati.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Krava til kvart ord

Kvaliteten i den nynorske litteraturen handlar om krafta i språket. Like mykje handlar det om dugleiken og iveren til forfattarane som utviklar det. Nynorsken som språk er avgjerande for diktinga for mange forfattarar, som i neste omgang legg ein alen til språket. Til dømes understrekar Jon Fosse gong på gong kor avgjerande og uløyseleg forfattarskapen hans er knytt til nynorsken.

Kanskje er forklaringa at nynorskskrivande beviseleg blir skjerpa dagleg, gjennom aktive val. Store og små.

Edmund Austigard, direktør i Det Norske Samlaget

Det er umogleg å skrive klisjear på nynorsk. Eg veit ikkje kven som sa det. Påstanden kom truleg under ein festtale, kanskje utpå kvelden. Den er ikkje heilt sann, men kanskje litt. Det blir som rockebandet som for første gongen skal syngje om kjærleik på norsk. Kjærleiken blir brått konkret, og kjem skremmande nær ein sjølv. Krava til kvart ord blir større. Språket er avslørande og forståeleg.

Leite, prøve, forkaste

Kanskje er ein som nynorskskrivande klar over denne utfordringa, kanskje kjempar ein dagleg med dette. Og kanskje er forklaringa at nynorskskrivande blir skjerpa dagleg, gjennom aktive val. Store og små. Det startar med at foreldra spør, og så du sjølv: nynorsk eller bokmål? Kva er best? Ein blir språkmedviten av å vekse opp med slike vurderingar.

Og same kva du vel, landar du på ei statleg nettside der bokmålet møter deg. I forlenginga av jamstillingsvedtaket er alle statlege institusjonar pålagt å publisere tospråkleg. Altså fins det vanlegvis ein ørliten knapp langt oppe til høgre der det står «nynorsk». Det skal krevje litt innsats å finne den. Du skal ville det. Du skal helst vere svært språkmedviten for å finne den, slik mange nynorskskrivande forfattarar må vere.

Nynorsk eller bokmål? Kva er best? Ein blir språkmedviten av å vekse opp med slike vurderingar.

Edmund Austigard, direktør i Det Norske Samlaget

Som nynorskskrivande møter du i det daglege så å seie aldri reklamespråk på ditt eige språk. Riksavisene har lite eller ingenting på nynorsk. Tekstinga på kinofilmane er på bokmål. Du må med andre ord sjølv finne dei orda du treng for alt som aldri blir skrive offentleg på nynorsk. Du må leite, prøve, forkaste, prøve på ny. Akkurat som Aasen gjorde.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Kritisk masse

Alle me som arbeider med nynorske tekstar, står i stor gjeld til Aasen. Arbeidet hans har gitt oss valmoglegheiter. Anten ein leitar etter det presise uttrykket i fagleg samanheng, eller det som gir den poetiske klangen ein søkjer, er kjelda rik på ord, uttrykk, og vendingar som ein ordsmed fritt kan nytte seg av på hjartespråket sitt.

Og finn ein ikkje akkurat det ordet? Ja, då får ein lage eit nytt. Det er kanskje slik at ein eller annan gong i løpet av dei siste 30 åra nådde nynorsk tekstproduksjon den såkalla kritiske massen, den blei stor nok til å setje i gang ei kjedereaksjon. Når den unge generasjonen nå gjer seg meir gjeldande litterært enn den føre, ausar han av ei kjelde som veks for kvar generasjon.

Alle me som arbeider med nynorske tekstar, står i stor gjeld til Aasen.

Edmund Austigard, direktør i Det Norske Samlaget

Nynorsk har vakse fram under tøffe, men demokratiske kår, der brukarane heile tida må bevise, forsvare og stå opp for levedugleiken til språket sitt. Utgivingslistene vise at stadig fleire forfattarar blir inspirert til å jobbe med det nynorske språket. For den litterære kvaliteten er kampen med teksten og dialogen med språket viktig. Styrken til nynorsken kan også målast i temperaturstiginga i norske heimar kvar gong den kjem under debatt. Så lenge nynorsken fyrer opp kvilepulsen vår, er den sterk.

Og det gjer den. Så til dei grader. Det såg vi då kunnskapsminister Kristin Halvorsen baud opp til diskusjon om nynorsk i skulen i fjor vår. Eg vil takke alle som brenn for språket sitt, det gjer oss alle rikare, og nasjonen rausare. Takk, Ivar Aasen.