Hopp til innhold
Kronikk

Sviket mot dei fattige borna

Dei siste ti åra har det blitt fleire fattige born i Noreg. No er det på tide at politikarane legg til rette for sivilsamfunnet og den avgjerande rolla organisasjonane har i arbeidet for å redusere fattigdommen.

Liten gut er lei seg fattig illustrasjon barn

Sanninga om fattige born i Norge utfordrar oss alle på korleis vi snakkar om pengar, eigedom og rikdom, skriv Emil André Erstad (KrFU) og Inger B-A Nygaard (Norges KFUM-KFUK) i denne kronikken. Biletet er ein illustrasjon.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dei siste ti åra har talet på barn i fattige familiar i Noreg gått oppover, til tross for ein stor og tverrpolitisk innsats for fattigdomsreduksjon. Over 74.000 born lever i familiar som over ein lengre periode kan kallast fattige – i norsk målestokk. Sjølv den norske velferdsstaten har sine grenser, og det er skremmande å høyre korleis verkelegheita er for dei borna som fell utanfor.

Eit interjvu med ei ni år gammal jente i Drammen, skrive av forskaren Karin Gustavsen, kan fungere som eksempel: «Jeg merker at vi har lite penger. Jeg ønsker meg et nytt penal, men jeg kan ikke få nytt, jeg har et gammelt penal. Jeg tenker mest på bursdagen min (6 mnd til). For man må ha bursdag! Da får man besøk, og så får man gaver. Jeg vet hva bekymre seg betyr. Jeg bekymrer meg for bursdagen min og for om vi kan feire den sånn jeg drømmer om (far får tårer i øynene og hvisker til oss at det bekymrer han seg for).»

Borna som fell utanfor

Historier som denne er illustrerande for korleis barnefattigdommen i Noreg artar seg. Vi snakkar om born som ikkje får vere med på klasseturar, fordi eigenandelen er for høg til at foreldra kan ta seg råd. Vi snakkar om den lille guten på seks år som kjem heim frå skulen med ein invitasjon til bursdagsselskap for ein klassekamerat, men som kastar invitasjonen i søpla fordi han veit at foreldra ikkje vil kunne kjøpe ei gåve til han.

Vi snakkar om den lille guten på seks år som kjem heim frå skulen med ein invitasjon til bursdagsselskap for ein klassekamerat, men som kastar han i søpla fordi han veit at foreldra ikkje vil kunne kjøpe ei gåve.

Emil Andrè Erstad (KrFU) og Inger B-A Nygaard (Norges KFUM-KFUK)

Dette er born som vert offer for ein dårleg familieøkonomi, og som i det daglege opplever stigmatisering og eksklusjon. Born bør jo vere travelt opptekne med å vere born, ikkje med økonomiske bekymringar for framtida.

Sanninga om fattige born i Norge utfordrar oss alle på korleis vi snakkar om pengar, eigedom og rikdom. Og kva møteplassar vi er med på å lage i nærmiljøa våre. Ellers vil dei negative konsekvensane ramme samfunnet hardt i åra som kjem, ved lågare produktivitet, dårlegare helse, dårlegare skulemessige resultat, arbeidsløyse og stønadsavhengigheit.

Sivilsamfunnet meir effektivt

Helsetilsynet avdekte nyleg at NAV i 85 prosent av kommunane ikkje spør om born i vanskelegstilte familiar har det dei treng – sjølv om etaten er lovpålagt å spørje om nettopp det. Det er vanskeleg å hjelpe utan å vite, og her har det offentlege openbert svikta. Å rette opp i denne uretten er ei oppgåve alle folkevalde bør ta på djupaste alvor, då det handlar om eit svik mot nokon av dei minste og mest sårbare blant oss.

Det er vanskeleg å hjelpe utan å vite, og her har det offentlege openbert svikta.

Emil Andrè Erstad (KrFU) og Inger B-A Nygaard (Norges KFUM-KFUK)

Dei frivillige organisasjonane gjer ein enorm innsats i å redusere dei negative konsekvensane av barnefattigdom her til lands. Med god lokalkunnskap og nærleik til individa, tilbyr dei born frå fattige familier deltaking i fritidsaktivitetar og fellesskap på lik linje med andre barn, og moglegheit til å få eller låne utstyr når det er nødvendig. Organisasjonar som Frelsesarmeen, Røde Kors, Norges KFUK-KFUM og Kirkens Bymisjon har mange styrkar i dette arbeidet som det offentlege manglar. I dei frivillige organisasjonane er det kortare veg mellom idé og handling, i form av mindre byråkrati.

I mange av dei frivillige organisasjonane er det eit stort nettverk av frivillige som har god tid til å møte den enkelte familien i ei setting som ikkje er profesjonalisert slik ho er hjå til dømes NAV. Motivasjonen til å hjelpe menneske som slit, ber nok ofte eit meir personleg preg hjå frivillige organisasjonar, og tidspresset er ikkje like sterkt som i offentleg sektor. Det fører til ein lågare terskel for å få hjelp av frivillige organisasjonar.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Negativ prosjekttankegang

Dei frivillige organisasjonane slit under eit støttesystem i det offentlege som ber preg av ein tankegang om at prosjekt er den beste måten å drive arbeid mot fattigdom på. Eit prosjekt varar per definisjonen i maksimalt to til tre år. Det har den openberre negative konsekvensen at mange vellukka prosjekt vert stoppa etter berre tre år, då organisasjonane ikkje klarar å hoste opp nok pengar i gåver og innsamla pengar sjølv. Ikkje ein gong Frelsesarmeen klarar å samle inn nok pengar i julegryta si, til å drive alle tiltaka dei vil.

Politikarane si oppgåve er å gje dei frivillige organisasjonane føreseielege stønadsordningar som ikkje stoppar opp etter ein gjeven periode, når resultata er positive. Her trengs ei endring. Dessutan er det avgjerande at dei frivillige organisasjonane får støtte til å tilby gratis deltaking for barn og ungdom i fattige familie, slik at færrast mogleg fell utanfor.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Dei som kviskrar lågt

Fram mot valet vert det viktig å diskutere fleire politiske tiltak, deriblant auka barnetrygd, inntektsgradering av barnehage- og SFO-satsar, fritak ved eigenandelar for helsetenester ved låginntektsgrupper og fleire andre liknande tiltak. Vi meiner at desse sakene fortener eit auka fokus i valkampen og oppmodar politikarane til å løfte blikket og hugse på dei som har minst mellom oss. Barnefattigdommen kan ikkje halde fram med å auke i ti nye år.

No pliktar vi å sette inn konkrete tiltak for nokon av dei borna som kviskrar lågast, dei som er å finne i kjellaren i det huset vi kjenner som velferdsstaten Noreg.

Emil Andrè Erstad (KrFU) og Inger B-A Nygaard (Norges KFUM-KFUK)

«Sonen til ein fattig mann skryt ikkje», seier eit gammalt ghanesisk ordtak. Når ein kjem til ein ulykkesstad, skal vi fyrst hjelpe dei som ikkje skrik høgast. No pliktar vi å sette inn konkrete tiltak for nokon av dei borna som kviskrar lågast, dei som er å finne i kjellaren i det huset vi kjenner som velferdsstaten Noreg.