Hopp til innhold
Replikk

Støv på hjernen

Norske museum fornyar seg heile tida, men det har ikkje NRKs kulturkommentator oppdaga.

Oslo 20160504. Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon besøker Norsk Maritimt Museum. Kronpri

Norske museum er på plass i samtida med relevante utstillingar, og det burde NRKs kulturkommentator ha fått med seg, meiner kronikkforfattaren. Eit av mange døme er Norsk Maritimt Museums utstilling i fjor om forureining i havet. Biletet er frå Kronprinsparets besøk på utstillinga.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Museum får berre merksemd av NRKs kulturkommentator Agnes Moxnes når dei har leiar-konfliktar eller når ho vil verke digital og moderne med å kritisere musea for å vere støvete. Moxnes har rett i at mange museum bør fornye seg. Mange har òg gjort det. Det har gått spaltisten hus forbi.

Både fortidas kulturhistorie og notidas kunst- og kulturuttrykk skal bli tatt vare på framtida. Derfor har vi museum, og derfor er det positivt at musea får kritisk merksemd. Det å ta vare på dei materielle og immaterielle minna av folkeliv, næringsliv, foreiningar, kvardag, fest og anna er viktig. Samlingane på musea er til saman eit viktig bidrag til historia om landet vårt; kva det er og kva det har vore.

Det kan verke som om Agnes Moxnes har støv på hjernen når ho skal skrive om og diskutere museumspolitikk. Ho skildrar musea som noko avleggs og irrelevant som treng fornying. Førre gongen var det at musea burde satse på Pokémon Go, og no er ho berre generelt sett oppgitt.

Moxnes nyttar anekdotar som fakta når ho seier at musea er keisame.

Gode besøkstal

Eitt av to utgangspunkt for artikkelen hennar er ein påstand om at færre går på museum. Det første framheva sitatet i kronikken hennar er «Besøkene på museene går ned». Den nøyaktige lesaren vil sjå at Moxnes syner til besøkstala i Paris, London og New York. Ho let vere å seie at besøkstalet på musea i Noreg auka med 449 207 til 11 248 850 i fjor. Det tyder at det var litt over 2 museumsbesøk per innbyggjar i Noreg i fjor. Med andre ord så flyktar ikkje publikum frå musea. Det kjem fleire dit.

Moxnes nyttar anekdotar som fakta når ho seier at musea er keisame, og at det gjer at folk ikkje kjem att. «Det finnes en del trøtte museer,» skriv ho blant anna. Det har ho sjølvsagt rett i. Som på mange andre område finst det nokon som heng etter og noko mange heng etter på. Alle museum har eit forbetringspotensial, og nokon har større behov for fornying enn andre.

Viktige i lokalsamfunna

Det kan hende at det smale blikket på museum skuldast at Moxnes held til i hovudstadsregionen. Der er det mange museum, men òg mange andre kulturtilbod. Rundt om i landet finst det ei rekkje museum som er storarrangørar av debattar, utstillingar og andre kulturtilbod som verkeleg er relevante for dei som bur der. Mange stader er museet med på å finne fram til og fornye identiteten til staden. Det er ei stor og vanskeleg oppgåve, men som imponerande mange museum maktar.

NRK driv, i likskap med andre, ikkje systematisk journalistikk eller kritikk av museumsfeltet, sjølv om dei gjer det med til dømes litteratur og musikk. Dersom dei hadde tatt pressemeldingane frå institusjonane på alvar kunne dei ha skrive meir om musea, og kritisert kva musea faktisk gjer i staden for å lage anekdotar om ei tid som har stått stille.

Det kan hende at det smale blikket på museum skuldast at Moxnes held til i hovudstadsregionen.

Heng med i tida

Nokre døme på museum som nyttar fagkompetansen og utstillingsmediet til å delta i samfunnsdebatten er at Ivar Aasen-tunet i fjor lagde ei ny utstilling som såg på kva som skjer med språk når menneske og språk er på vandring. Der har institusjonen nytta sin eigne kompetanse på språk til å seie og syne noko nytt i og om innvandrings- og integreringsdebatten.

Justismuseet har sett nærare på koplinga mellom rettsstell og psykiatri. Kva er det å vere tilrekneleg, og kva har det vore tidlegare? Vest-Agder-museet har laga utstillinga «Ikke bare greit» om fattigdom på Sørlandet. Og viss NRK ikkje ville reise alt for langt frå Marienlyst så hadde Norsk Maritimt Museum på Bygdøy ei ny og god utstilling om forsøpling i havet i fjor.

Eg voner Moxnes med å ha starta denne debatten byrjar å ta musea på alvar, og byrjar å følgje med på kva dei gjer og ikkje berre på CV-ane til leiarane.