Hopp til innhold
Kronikk

Stem på framtida i kommunen din !

Norske kommunar kverkar no ein barneskule kvar einaste veke. Det er ei vitlaus handling, der politikarane sagar av føtene kommunen skal stå på.

Otterøy skole

Elevar og foreldre på Otterøy skole i Namsos vann fram med protestane: Skulen deira blei berga. Men eit femtital skuler leggjast ned kvart år, det er eit trugsmål mot både bosetjing, barnas helse og framtidas økonomi, hevdar kronikkforfattaren.

I den tida vi går inn i, vil det verte bruk for alle dei lokalsamfunn og skular vi har. Men dei siste 10 åra har i snitt 55 skuler blitt nedlagt kvart år. Barnefamiliar og næringsliv etablerer seg ikkje i lokalsamfunn utan skule. Landet vert sakte mørklagt.

Se: Tal frå Utdanningsdirektoratet: Nedlagde skuler 2003-14

Politikarane talar vakkert om eit grønt skifte. Men kvar finst det ekte grøne? Hovudsakleg i Distrikts-Noreg. Knytt til det økologiske grunnlaget jord, vatn, skog og hav. Her skal og må framtida bløme. Då trengst tette, nære lokalsamfunn der transport av folk og varer er redusert til eit minimum.

Kommunane vert no styrte i motsett retning: Rasering av eigne lokalsamfunn. Tåkeprat om ei gigantisk kommunesamanslåing. Nytale om robuste einingar og arbeidsområde. Tanketomt oppgulp om kvalitet. Stakkars ettertida vår, om halvparten vert gjennomført.

Unntakstilstand

Ingen treng vere i tvil om at dette inneber eit alvorleg trugsmål mot folkestyret. Nærleik og tryggleik er grunnleggjande verdiar i liva våre. Den velferda som er tettast på oss i det daglege, vert no styrt av oss sjølve gjennom kommunevalet. Systemet fungerer overraskande godt. Best i mindre kommunar. Maktapparatet i direktorat og departement klør seg i hovudet. Men dei har alltid på hand ein professor eller to som, for god betaling (les forskingsmidlar), kan bortforklare det meste.

Kommunen kan stengje skulebygget,

men ikkje leggje ned elevane.

Torodd Fagerheim

Når det gjeld born sine oppvekstvilkår – familiane sin livsnerve – herskar det rein unntakstilstand. 1300 skular er fjerna sidan 1986.

Skolebuss
Foto: Joar Elgåen

Ein tredel av alle skular er med andre ord borte. Borna blir frakta på timelange, helseskadelege bussreiser, forbi den nedlagde nærskulen sin. So vert dei stua trøytte inn i overfylte klassar med færre lærarar.

Det er visst oppskrifta på ein robust og berekraftig kvalitetsskule. Måten det skjer på, er eit lærestykke i korleis dei økonomiske elitane no styrer Noreg i feil lei:

Dårleg økonomi

Heile greia er naturlegvis eit gigantisk bokføringstriks. For å leggje ned ein skule er ikkje det same som å stengje ei kva som helst anna verksemd. Kommunen kan stengje skulebygget – men ikkje leggje ned elevane. Dei bur der dei bur – og skal ha si lovfeste grunnskule-opplæring ogso på mottakarskulen.

I dei fleste kommunar utgjer lærarlønene 85-90% av kostnaden med å drive skule. Dermed er det pengar å spare berre om ein samstundes nedbemannar.

Heile greia er naturlegvis eit gigantisk

bokføringstriks.

Torodd Fagerheim

Ei sikker oppskrift på pressproblem i sentra. Skulane der sit att med sterkt auka elevtal og færre lærarar. Snakka nokon om eit "lærarløft"? Skysskostnadane eksploderer. Heldigvis (for rådmennene) kan storparten av den rekninga sendast vidare til fylkeskommunen.

Flyttar rekninga

Studerer ein lureriet knytt til skulenedlegging, stig det fram eit lite vakkert bilete. Forvaltinga i kommunar, fylke og stat praktiserer prinsippet om å skjule kostnader – og sende rekninga vidare til andre: Dermed kan kommunane leggje ned grunnskular som det eigentleg løner seg å halde oppe. Til uboteleg skade for born, foreldre, lokalsamfunn og distrikt. Fylkeskommunen får av dette so store nye utlegg til skyss, at dei no går laus på dei vidaregåande skulane. Til uboteleg skade for ungdom, lokalsamfunn og fylke.

Ein kunne tru det var barnefakter. Men det er sett i scene av vaksne politikarar frå alle parti. Dei ventar seg endå til respekt.

Følg debatten: Ytring på Facebook

Lokalsamfunnet er livsnerven

Uansett storleik, er nærmiljøskulane umissande kvalitetsskular – for borna som bur der, for lokalsamfunnet dei er ein del av – og for nasjonen Noreg.

Dei ligg ofte på topp, både fagleg og sosialt, på kvalitetsmålarar som Nasjonale prøver, Pisa, Elevundersøkelsen og Grunnskulepoeng. Det veit foreldra. Derfor slåst dei for å halde på desse skulane.

Nett no tek fleirtalsmakta strupetak på lokalsamfunn over heile landet. I ei grøn omstilling vil det måtte snu seg. For i framtida skal vi leve i, av og for det rike lappeteppet som lokalsamfunna våre då må utgjere. Politikarar som enno føreskriv den gamle medisinen sentralisering, gjev sjølve ein peikepinn til veljarane om kven dei ikkje må røyste på ved kommunevalet.

Stem på framtida!