Hopp til innhold
Kronikk

Statskog til folket

Regjeringa vil selja Statskog samstundes som konsesjonsordningane i landbruket skal bort. Eigarskapet av Noreg vert sett i spel.

Furuskog på Flesberg

Skogbruk er ei mogen næring med svært kompetente, velutdanna kandidatar som gjerne vil forvalta skog, skriv kronikkforfattarane Per Wegge og Torstein Storaas.

Foto: Randi Hausken CC BY-SA 2.0

Dette er eit framifrå høve til å tenkja nytt på kven som skal eiga utmarka i Noreg og korleis me skal bruka henne. Statskog kan spela ei ny rolle med hovudføremåla naturvern, klimatiltak, jakt, fiske og friluftsliv for folket.

Skog og fjell

Noreg er dette fura, vêrbitne landet som stig or hav og fjord. Danskekongen gav delar som Nordmarka og Siljan til sine menn. Etterkomarane har hegna om den arva. Men stort sett eig odelsbonden eller generasjonar med odelsbønder Noreg.

Skogen veks om je er fyllsjuk, hermar dei ein skogeigar i Østerdalen.

Per Wegge og Torstein Storaas

Etterkomarane til alle dei yngre syskena driv byar, skular, sjukehus, fabrikkar og verksemder. Heldigvis kan me framleis med lova i hand bruka utmarka. Me kan gå dit me vil, la telt stå 3 netter, plukka bær og sopp, nyta utsikta og slitne kroppar etter lange turar.

Skal me plukka bær bak bomma veg, må me be om nøkkel. Skal me fiska i bekken, må me betala for fiskekort. Når same bekken truar med flaum, må me betala for flaumvern. Skal skogeigar verna skog, betalar statsråd Sundtoft han for å verna skogen. Dersom det ikkje svarar seg å hogga skogen, betalar statsråd Listhaug han for å byggja veg. Skogen veks om je er fyllsjuk, hermar dei ein skogeigar i Østerdalen.

Skogbruk er ei mogen næring med svært kompetente, velutdanna kandidatar som gjerne vil forvalta skog. Det er flott å eiga skog. Opplysningsvesenets Fond har slutta å selja skog. Velståande folk kjøper skog. Berre regjeringa vår vil selja skog, vår skog, Statskog.

Statskog er blitt ein supereffektiv organisasjon

Statskog har gått gjennom eit hamskifte. Dei var byrjinga på ei verdikjede til fordel for arbeidarar i skog og sag i mang ei bygd. I dag er dei slanka til ein supereffektiv organisasjon for inntening til Staten. På heimesida ser Statskog veldig bra ut.

Velståande folk kjøper skog. Berre regjeringa vår vil selja skog, vår skog, Statskog.

Per Wegge og Torstein Storaas

Men: Dei flinke skogbrukarane i Statskog vert pressa so hardt av eigaren, Listhaug, at dei lyt hogga skog som skulle vakse lenger. Dei lyt driva so hardt at hønsehaukreir og tiurleikar går med på kjøpet. Mistanken er å pressa Statskog til å driva so upopulært at eit sal av skogen vil verta populært.

Etter krigen måtte finnane hogga all skogen i Finland for å betala krigsskulda si til Sovjet. I dag vil regjeringa selja Statskog for å kjøpa kvartal i London. I kapitalistiske USA er føremålet med deira enorme statsskog, National Forest, å driva økosystemforvaltning.

Kven kjøper skog?

Alle som har spelt Monopol veit korleis fri konkurranse verkar. Tomas Piketty skildrar fint korleis kapital avlar kapital. Dei har råd å kjøpa skog som har masse skog frå før. Dei får billege lån.

I dag vil regjeringa selja Statskog for å kjøpa kvartal i London.

Per Wegge og Torstein Storaas

Om Staten gjev skog eller laksekonsesjonar billeg til lokale som treng det, sel dei vidare til rikingar med god forteneste. Eit frislepp frå konsesjonar og samstundes sal av Statskog vil føra areala i Noreg til få hender. Me ser døme på at nye eigarar av store eigedomar trekkjer seg ut av fellesskap som sel jaktkort for å tena meir på privat utleige.

Om me bur i bygde-Noreg, har me i framtida ingen garanti for tilgang til skogsbilvegar, jakt eller fiske. Men me alle, organisert i Staten, er rike. Saman kan me kjøpa.

Store tankar

I tider med mykje kapital i usikker olje og gass, er det økonomisk klokt å investera store beløp i trygge verdiar. For nordmenn er inga investering tryggare enn Noregs land. Noreg har strengt begrensa areal.

For nordmenn er inga investering tryggare enn Noregs land. Noreg har strengt begrensa areal.

Per Wegge og Torstein Storaas

Gjennom å kjøpa skog som kjem på sal om konsesjonsordningar vert oppheva, kan eigarskapen av Noreg koma attende til dei mange etterkomarane av dei nest eldste. Verdiane av Noreg ligg der, skogen veks og vil kasta av seg eit overskot. Største overskotet vil vera verdiauken som ikkje trengst realiserast på mange hundre år.

Presset på drifta må endrast frå økonomi til økologi. Føremålet til nye Statskog må vera: Verdiauke, naturvern, jakt, fiske og friluftsliv for folket.