Spontanabortar i det stille

Ufrivillig abort er noko mange opplever, men det er likevel ikkje noko ein snakkar om. Det gjer det enno vanskelegare for dei som opplever ei slik sorg.

Ill. foto

Ein spontanabort er ei stor sorg for dei det rammer, og både dei næraste, helsepersonell og andre må bli betre til å snakka opent om det, hevdar kronikkforfattaren. (Ill.foto)

Heidi Furre
Fotograf og forfattar
Kronikkvignett Ytring

Den siste dagen i april står eg og mannen min i ein park og ler med skjelvande hender. Eg har tatt ein positiv graviditetstest. På berre minuttar kan me sjå heile livet vårt framom oss, på rosa skyer. Få dagar seinare har eg ein spontanabort. For oss er det eit sjokk. Likevel er det som har skjedd heilt normalt. For mange par er dette ein del av det å prøve å få barn.

Anonyme historier

Medan me ventar på tilvising til gynekolog, gjer me det vår generasjon brukar å gjere når me lurar på noko. Me byrjar å google. Både eg og mannen er overraska over kor lite me veit frå før, og kor vanskeleg det er å finne relevant forsking. Det me finn mest av, er andre i same situasjon, kvinner og par som lurar på det same som oss. På internett finst hundrevis av historier. Ofte skrekkhistorier. Alle anonyme.

Ved å skrive «spontanabort» i søkefeltet finn ein forum etter forum om temaet. Det er ingen tvil om at kvinner har behov for å snakke om dette.

På internett finst hundrevis av historier.

Ofte skrekkhistorier. Alle anonyme.

Heidi Furre

Anonyme forum er noko mange forbind med nettrolling og høgreekstreme meiningar. No også spontanabort, som om dette er eit tabu som ikkje toler verken namn, ansikt eller dagens lys.

Rammar mange

Risikoen for at du, partnaren din eller nokre av dine næraste opplever ein spontanabort, er veldig stor. Tal frå NHI viser at ti-femten prosent av alle registrerte svangerskap ender i spontanabort, og at det kan gjelde opp mot femti prosent av alle befrukta egg. Mørketala er altså store. Dessverre samsvarer ikkje desse tala med kor vanleg det er å snakke om. Ved ufrivilleg abort aukar også risiko for angst og depresjon. Derfor er det viktig å bearbeide ei slik hending ved å kunne snakke om det. Både med helsepersonell, dei næraste og kanskje også arbeidsgjevar.

Ved å halde alle desse historiene skjult vil spontanabort bli verande eit tabu.

Heidi Furre

«12-vekersregelen» oppmodar om å halde svangerskapet skjult dei første vekene grunna risiko for abort. Denne tradisjonen held oppe bildet av at spontanabort er noko du skal halde for deg sjølv. I verste fall kan denne uskrivne regelen hindre par i å få bearbeida sorga gjennom samtalar med sine næraste. Ved å halde alle desse historiene skjult vil spontanabort bli verande eit tabu.

Følg debatten: NRK Debatt på Facebook

Ei einsam kjensle

Samstundes, på internetts lyse side ser me gravide magar og nyfødde babyar. Nyleg gjekk Facebook gründar Mark Zuckerberg ut med si historie om gjentatte spontanabortar. Noko nytt i den lette, glade facebookverda.

Facebook-gründer Mark Zuckerberg og Priscilla Chan

Facebook-gründer Mark Zuckerberg og ektefellen Priscilla Chan.

Foto: Noah Kalina / Ap

«You feel so hopeful when you learn you're going to have a child. You start imagining who they'll become and dreaming of hopes for their future. You start making plans, and then they're gone. It's a lonely experience». Sitat: Mark Zuckerberg.

Han har heilt rett, det er ei einsam kjensle. Som er vanskeleg å dele i eit samfunn som ikkje er van med å diskutere spontanabortar rundt kaffimaskina på kontoret. Sjølv om det kanskje er like vanleg som å ha ei kaffimaskin på kontoret.

2015 MET Museum Costume Institute Benefit Gala Jay-Z, Beyonce

Beyoncé Knowles og Jay-Z har også vore opne om ufrivillig abort.

Foto: Evan Agostini / Ap

Kjendisar med viktige historier

Tidlegare har også Jay Z og Beyoncé fortalt om si erfaring med spontanabort. Dei er namn med stor påvirkningskraft. Slike historier gir andre i same situasjon kjensla av å vere litt mindre einsame. Og kanskje er det eit lite steg på vegen til ei verd der spontanabortar framleis kjennest sårt, men mindre einsamt.

Felles for både Mark Zuckerbergs, Beyoncés og mi historie er at den sluttar lukkeleg. Med eit nytt svangerskap. Det gjer det lettare for både meg og sannsynlegvis dei to andre å fortelje om sorga me har bearbeida. Eg håpar at det blir like enkelt å snakke om for alle andre som står midt oppi det. For å bearbeide sorg trengst meir enn eit forum utan namn og ansikt.

Det trengst informasjon basert på forsking, opplyst helsepersonell og støtte frå dei næraste.