Hopp til innhold
Kommentar

Spekulantanes fredspris

16-årige Malala er årets vinnar av Spekulantanes Fredspris. Om Nobelkomiteen er enig får vi vite fredag.

thorbjørn jagland og geir lundestad

Fredag 11. oktober klokka 11.00 gjer dei oss svaret. I mellomtida kan vi spekulere.

Foto: NTB Scanpix

No er det på’n igjen. Denne eine gongen i året då Norge blir ei merksemd til del som langt overgår Framstegspartiets regjeringskandidatur. Vonaleg også med eit meir positivt forteikn frå verdspressa, skjønt - ein veit aldri…

Neppe kjedeleg

For ein ting har åra med Jaglands som komiteleiar lært oss: det blir neppe kjedeleg!

For ein ting har åra med Jaglands som komiteleiar lært oss: det blir neppe kjedeleg.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Prisen til ein fersk Barack Obama var eit sjokk, og blei møtt med vantru der ute.

Så var det Liu Xiaobo året etter, som resulterte i alt frå ovasjonar i vest, til kinesisk raseri mot Norge.

Litt meir nedpå var kvinneprisen i forfjor, før komiteen slo til med prisen få trudde var mogeleg frå ein norsk komite – EU!

Berre komiteen kjenner svaret

No er altså dags. Nobelkomiteen har gjort si siling. Meir enn 250 nominerte er kokt ned ei handfull kandidatar gjennom våren.

Desse er granska og vege av forskarar og ekspertar gjennom sommaren, før komiteen i haust har gjort sitt val. Berre dei fem komitemedlemmene og komitesekretær Lundestad kjenner svaret.

Spekulasjonane

Blir det 16 år gamle Malala Yousafzai – det ville vere både verdig og spektakulært! Men er ho ikkje alt for ung? Kan ein belaste hennar framtid med ein så stor pris?

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Dermed er det klart for eit nytt årvisst ritual. Spekulasjonane ... og jakta på visse. Kjem nokon til å finne ut av det på førehand i år?

Sikkert ein viktigare disiplin innanfor media enn for det breie publikum, men likevel: Det er grunn til å håpe at det heller ikkje i år blir kjedeleg.

Malala?

Blir det 16 år gamle Malala Yousafzai (?) – det ville vere både verdig og spektakulært! Jenta som blei skoten i hovudet av Taliban på ein buss i fjor, fordi ho fronta skulegang for jenter.

Men er ho ikkje alt for ung? Kan ein belaste hennar framtid med ein så stor pris?

Kva med demokratiseringa i Myanmar – bør ikkje den settast pris på? Menneskerettsforkjemparar i både Latin Amerika og Aust-Europa er aktuelle. Eller kan religionsdialog vere eit stikkord denne gongen?

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Kva med demokratiseringa i Myanmar – bør ikkje den settast pris på? Eller har generalane for mykje blod på hendene? Er der andre?

Menneskerettsforkjemparar i både Latin Amerika og Aust-Europa er aktuelle; Ales Bjaljatski, aktivisten som sit fengsla i Europas siste diktatur Kviterussland.
Eller kan religionsdialog vere eit stikkord denne gongen?

11. oktober – seinast

Det er Nobelkomiteen og prisen sjølv som har mest å tene på at spekulasjonane går. Det held oppe merksemda om Nobels fredspris. For også dei internasjonale nyhetsbyråa kjem til å kaste seg på. Mange oppsøker nettsidene til Fredsforskingsinstituttet, PRIO. Der kan dei lese at også direktør Harpviken held ein knapp på Malala. Ein spekulasjon som vil gi dårlege odds hos internasjonale bookmakere.

Dermed har du eit triangel med ein sjølvforsterkande dynamikk. Norske og internasjonale medier, Fredsforskingsinstituttet Prio og internasjonale bookmakarar er dei brave riddarar av Spekulantanes fredspris.

Men det er Nobelkomiteen som bestemmer. Svaret kjem fredag - seinast.