Hopp til innhold
Kronikk

Snusfornuftig humor

Norsk humor er langt frå så modig som den gjev seg ut for.

Ola Halvorsen (Herman Flesvig) i Førstegangstjenesten

Førstegangstjenesten er morosamt, men latterleggjer dei som er annleis og ekstravagante, skriv kronikkforfattaren.

Foto: NRK

Humor og satire er høgt verdsett. Me liker å tenke at humor er utfordrande, opprørsk og kanskje til og med viktig for demokratiet.

Sanninga er ei ganske anna: Vanlegvis er nemleg norsk humor konservativ, konform og beint fram snusfornuftig. Dette gjeld særskilt den typen humor som blir sendt på fjernsyn i beste sendetid.

Men vent no litt – etterlyste ikkje Kringkastingsrådet meir høgrevridd humor for nokre år sidan? Jo, men eg meiner ikkje at norsk fjernsynshumor har ei slagside til fordel for partiet Høyre.

Fjernsynshumoren burde kanskje utfordre oss litt meir?

Norsk fjernsynshumor er konservativ fordi den vanlegvis står på sida til det konforme, sanningar og verdiar me sjeldan stiller spørsmål ved, jantelova og sunt bondevett.

TV-humor skal appellere til flest mogleg, og då kan den ikkje sjokkere og fornærme. Dessutan fungerer humor aller best når me allereie er samde med premissen som ligg under.

Det velbrukte uttrykket «Den tok du jammen meg på kornet» er ein vanleg reaksjon når ein ven eller kollega har kome med ein vel plassert vits. Det syner at humor ofte stadfestar det me allereie veit, tykkjer og er samde om – og at det altså ikkje er så lett for humor å vere nyskapande.

Førstegangstjenesten er langt frå åleine i å latterleggjere dei som er annleis og ekstravagante.

Likevel finst det jo humor som er rebelsk og nyskapande, som utfordrar makta og som får oss til å tenkje nytt om ting – elles hadde me neppe hatt denne sterke trua på at humor er ei opprørsk og frekk kraft. Så då burde kanskje fjernsynshumoren utfordre oss litt meir enn det den gjer?

Ein av dei største humorsuksessane på TV dei siste åra er NRK sin serie Førstegangstjenesten. Her følger me fire heller merkelege karakterar, alle spelt av Herman Flesvig. Førstegangstjenesten er morosamt, i blant hylande morosamt.

Men kven ler vi av, og kvifor?

Me ler av at Flesvig sine karakterar er rare og ekstravagante, at dei ikkje skjønner korleis dei burde oppført seg, noko som blir spesielt tydeleg i kontrasten til dei strenge reglane og formene i ein militærleir.

Me ler av den hardbarka og steintøffe, men også storbrysta og manneglade finnmarksjenta Tanja Gaup fordi ho bryt med alle ideal og forventingar til korleis ei ung kvinne skal vere.

Tanja Gaup (Herman Flesvig) i Førstegangstjenesten
Foto: NRK

Me ler av Ola Halvorsen, den blonde bleike guten frå Haugenstua som snakkar overdriven kebabnorsk og aldri har ete brunost, fordi han er heilt framand for «typisk norsk» kultur og prøver så utruleg hardt å passe inn i miljøet han har vakse opp i.

Me ler av Preben Lohrengren, pappaguten frå Asker, fordi han er ufordrageleg bortskjemt, oppesen og trur pengar kan fikse alt.

Kanskje ler me av dei dels fordi det er godt å sjå at nokon faktisk bryt dei stivbeinte reglane, at det er eit lite opprør i å sjå på nokon som rett og slett gir blaffen og er ekstremt sære.

Det hjelp at fleire av karakterane, særskilt Ola Halvorsen, får meir å spele på etter kvart og blir skildra med mykje varme i tillegg til latterleggjeringa.

Likevel er det ingen tvil om at reglane i militærleiren representerer det normale, når me ser kor irriterte bikarakterane blir av meinig Gaup, Halvorsen og Lohrengren - for ikkje å snakke om dei meir eller mindre katastrofale resultata krumspringa deira får både for dei sjølv og for Forsvaret.

Johan Golden er snusfornuftens fremste forsvarar på norsk fjernsyn.

Førstegangstjenesten er langt frå åleine i å latterleggjere dei som er annleis og ekstravagante. Det er ein klar tendens i norsk TV-humor. Spørsmålet er då om slik humor er så viktig for demokratiet som den liker å gje seg ut for – og her vil eg svare et klart nei.

Den gamle, suksessrike travaren Nytt på Nytt er eit klart døme på høg ambisjon og låg måloppnåing på satiren sine vegne.

Johan Golden er snusfornuftens fremste forsvarar på norsk fjernsyn. Han er prototypen på den litt gretne, men artige onkelen din som bruker ein tørr vits til å fortelje at du må ta deg saman, noko du kan sjå ved å skru på fjernsynet kvar fredag.

Odd Nordstoga og Johan Golden i Nytt på nytt

Johan Golden i Nytt på Nytt. Her med Odd Nordstoga på laget.

Foto: NRK

Nytt på Nytt liker å framstille seg som dristig politisk satire, men programmet er slett ikkje skarpt i kantane.

Golden, og dei andre programleiarane, snakkar aldri frå noko sterkt ideologisk og moralsk standpunkt, men ut frå eit verdssyn som kan formuleras som «det er dumt å vere dum, og det er bra å vere grei».

Eit sympatisk standpunkt, og sikkert det som skal til for å nå så breitt ut med satire som Nytt på Nytt har gjort, men det er ganske langt frå målsetjinga NRK formulerte for programmet i 2018:

«Ta modige valg, slik at de bidrar til å utvide ytringsrommet. Forsiktighet kan krenke den frie ytring».

Slike høge lovnadar på humoren sine vegne er funderte i ein ganske sterk tru på at humor er opprørsk og difor demokratisk viktig, ei tru me finn fleire stadar i NRK sine styringsdokument – som i overskrifta «Humor og satire med mål om å styrke demokratiet» i årsrapporten frå 2018.

Vanlegvis er norsk humor konservativ, konform og beint fram snusfornuftig.

Vi finn den også i meiningsstoff og akademisk stoff om ytringsfridom, til dømes i Kjetil Jakobsen si bok «Etter Charlie Hebdo», der han gjekk så langt som å skrive at utan humor er det ikkje mogleg å forstå verda på ein fornuftig og ikkje-religiøs måte.

Det franske satiremagasinet Charlie Hebdo er definitivt kontroversielt og modig, men at det skal vere såpass mektig og viktig som Jakobsen foreslår her er humoroptimisme, som me bør vere skeptiske til.

Humor er ofte ganske banalt og uviktig, og iblant ikkje på det gode si side i det heile når den tar form av latterleggjering og hersketeknikkar. På norske skjermar er humoren dessutan langt frå anarkistiske og grove Charlie, men aller oftast ein kraft som jobbar for konformitet, snusfornuft og jantelov.

Og desse tre tinga er det ikkje noko gale med – me treng dei, både i politikken og i vårt sosiale liv, dersom me skal henge saman som samfunn.

Men dersom humoren verkeleg skal vere ei vital kraft i demokratiet, ei kraft som stiller spørsmål ved etablerte sanningar, då treng me satire som tørr å vere skarp, modig og frekk heller enn snusfornuftig, og situasjonskomediar som gjer narr av andre ting enn dei som er for rare og ekstravagante.

I staden for å kvotere inn høgre-humor bør ein difor kanskje kvotere inn kva og kven ein skal spøke med.

Då kan me kanskje få sjå eit program som Førstegangstjenesten som gjer narr av militæret som institusjon, ikkje av raringar som ikkje heilt passar inn der.