Normal

Slut alert! Statsminister tok foto

Ikkje kom hit med dei skandinaviske beina dine, Helle Thorning-Schmidt.

Obama og Thorning-Schmidt

David Cameron, Helle Thorning-Schmidt og Barack Obama poserer for kamera.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

Godt ment vignett RIKTIG

Førre veke var Nelson Mandelas. Men det var også veka då eit selfiebilete vart blåst ut av alle proporsjonar og ein love story mellom ein dansk statsminister og ein amerikansk president vart dikta opp.

Helle Thorning-Schmidt fanga spontant ein augneblink saman med kollegaene David Cameron og Barack Obama på mobilen sin. Ein AFP-fotograf fekk med seg Michelle Obamas reaksjon på kamera. Historia fekk raskt skandinaviske bein å gå på. For såg ikkje Michelle Obama litt sjalu ut? Og kven var eigentleg ho blonde dama som sat i midten? Det var noko av det The Wire la stor vekt på i sin "fotoanalyse". (Dei nemnde også, for så vidt, kva land ho er statsminister i.)

LES: «An Analysis: Is Michelle Obama Really Throwing Shade at Denmark's 'Gucci' Helle? »

Ansvarspulverisering

At fotografen som fanga augneblinken fortalde at Michelle Obama sekunda før hadde tøysa med den danske statsministeren, var det få som fekk med seg i virvaret.

For no var vi over på ansvarsfordelinga. Var det ikkje uansvarleg av Helle Thorning-Schmidt å gå med tynne strømpebukser på ein slik dag? Og lene seg mot Obama? No kom han i alle fall ikkje til å få seg noko på heimebane.

Skam

Ein kommentator i New York Post bestemte seg likså godt for å vise fram eit eldgammalt kvinnesyn for anledninga, og oppkonstruere ei verd der blonde, slu bimboar lurer menn som blir blenda av venleik. I «Flirty Obama owes us an apology» hevdar Andrea Peyser om statsministeren at «The Danish hellcat hiked up her skirt to expose long Scandinavian legs covered by nothing more substantial than sheer black stockings».

Slutshaming der, altså. Kvinner bør sjå bra ut, men ikkje vere for sexy. Ikkje kom hit med dine skandinaviske bein og tru at du er noko.

Kan vi ikkje avskaffe kvinnelege statsministrar?

Den danske avisa Politiken kom fredag 13. desember med svar på kommentaren. «Således slutshames en statsminister» har blitt mykje omdiskutert og delt på sosiale media både i Noreg og i Danmark i løpet av helga.

«Hvad har vi lært her? Kvindelige statsledere må ikke have ben. Især ikke skandinaviske. De må ikke tage selfies. De må ikke hygge sig. (...) Faktisk må de helst ikke være kvindelige statsledere. Det er vist nemmest sådan. »