Slik var Ytringåret 2015

Vi lever i ei tid der den amerikanske førstedama må rappe om utdanning for å nå ut til «kidsa» og «smileys» blir tatt opp i Oxford Dictionary. Det kan vere hardt å trenge gjennom den offentlege ytringskakafonien. Her er nokre av våre bidrag i året som har gått.

Fyrverkeri nyttårsaften

2015 har vore året for dei store og utfordrande debattane om flyktningar, innvandring og integrering. Men terror, klima og valkamp har også teke ein stor og viktig plass. Ja, også pappakroppen og Eias kjønnskrangel sjølvsagt.

Foto: JOHN VIZCAINO / Reuters

Heftig kjønnskrangel

Vi startar denne årsoppsummeringa i november. For då Harald Eia debuterte som spaltist i Ytring – på radio og nett – gjekk det nemleg ikkje upåakta hen. Han fortalde om «Menn som elsker menn», fekk eit realt ballespark frå Linn Skåber, delte landets feministar i to leirar, hissa opp leiarskribentane i avisene og serverte deskane overskrifter som «Skåber og Eia i heftig kjønnskrangel». Då han enda opp i Nytt på nytt og i Lørdagsrevyen var medierunddansen komplett. I tillegg vart Skåbers verbale ballespark årets definitive klikkvinnar på Ytring.

Harald Eia i Nytt på nytt

Sjå! Ein Ytring-spaltist i Nytt på Nytt.

Foto: Skjermdump NRK Nytt på Nytt

Ytring på radio

Det var då vi drog med oss Ytring-universet over til radio på P2, at Eia og dei andre spaltistane i Tenketanken kom med på laget.

ØYAFESTIVALEN

Musikar og kultursosiolog Knut Schreiner er Ytrings musikkekspert som koplar musikken til det aktuelle.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Der fekk vi også med oss ein annan kjenning, særleg for musikkinteresserte. For kven har sagt at ikkje musikk også kan vere ein del av samfunnsdebatten, Knut Schreiner?

Flyktningar og innvandring

Lite har prega debattåret 2015 meir enn krigen i Syria, flyktningstraumen til Europa, innvandring og integrering.

Året starta der det førre slutta, med saka om lengeverande asylbarn. Justisminister Anders Anundsen tok bladet frå munnen: «Når noen angriper min etterrettelighet, forventer jeg etterrettelighet tilbake».

Deretter såg vi spennet frå den store flyktningdugnaden

«Alle barn liker klistremerker» skreiv forfattar Line Baugstø i «Refugees welcome to Norway». «En gang var det meg» skreiv Nejra Majdanac om korleis det var å kome som flyktning til Norge for 20 år sidan.

til debattane om innvandring og integrering:

I september skreiv Helge Lurås om innvandringsdebattens tabu. Han fekk til svar at «lite tyder på at innvandring truar Europa».

Berre to månader etter den første kronikken skreiv Lurås på nytt om stemningsskiftet i Norge:«Norsk innvandringsdebatt er vesentlig endret i løpet av høsten. Det som inntil nylig var politisk ukorrekt, er ikke det lenger».

Terror, IS og ...

Mange sperra nok opp auga då professor John Mueller i august skreiv at IS-trusselen er fullstendig overdriven. Og sjølv etter at IS tok på seg skulda for angrepa i Paris 13. november meinte han at IS ikkje er ein militær trussel.

Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen skildra Vestens avmakt overfor IS slik: «IS kan ikke beseires fra luften. Til det trengst militære midler som Vesten mangler både vilje og evne til å ta i bruk.»

... islam

«Dagen etter angrepene i Paris tok jeg av meg hijaben før jeg gikk ut døren hjemme», fortalde Sania Ahmed om korleis det var å møte samfunnet som muslim etter terroren.

Antropolog Marit Kiste godtok ikkje forklaringa om at «dei er ikkje muslimar, dei er terroristar» og bad muslimane rope høgare mot terroristane.

Ismail Acar frå tankesmia Minareten innrømma at majoriteten av muslimar ikkje har klart å mobilisere godt nok mot misbruk av religionen.

Valkamp

Kommune- og fylkestingsvalet tok sin del av mediebildet dette året, også hos oss. I mengda av riks- og lokalpolitikarar med innøvde bodskapar, løfta vi fram veljarane sine hjartesaker med serien «Hvis jeg var ordfører».

Iselin Steiro

I serien «Hvis jeg var ordfører» skreiv veljarar frå heile landet og med ulike bakgrunnar om kva saker dei ville ha satsa på i heimkommunen sin. Her representert ved tidlegare toppmodell Iselin Steiro.

Foto: Dusan Reljin

Tekst er vel og bra, men det kan også vere bra å setje litt farge på kvardagen tenkte vi og slo oss saman med teikneserieskapar Jenny Jordahl under valkampen. Eit sentralt spørsmål var om Miljøpartiet De Grønne eigentleg støtta høgre- eller venstresida.

Hvilken side er MDG på?

Mange meinte at MDG burde fortelje veljarane sine kva side dei ville støtte dersom dei kom til makta. – Vi er blokkuavhengige, sa MDG og sto på sitt.

Foto: Jenny Jordahl

Klima

Både vi journalistar og lesarane veit at debatten om klimakutt, berekraftig utvikling og ikkje minst «det grøne skiftet» er svært, svært viktig. Likevel blir dei viktige analysane og dei politiske utspela sjeldan klikkvinnarar. Då er det bra at det av og til dukkar opp saker som dreg dei store spørsmåla ned til ei konkret sak som engasjerer, som i tilfellet med «Svartisen blir isbiter i de rikes glass». (Du kan høyre debatten der isbit-gründeren forsvarer prosjektet her.)

Medan verdas topp-politikarar forhandla om klimakutt i Paris, gjekk ein mann på Karl Johan og opplevde brått «en slags akutt depresjon, som en sort sky over hodet mitt». Det enda opp i kronikken «Diagnose: miljødepresjon».

Snakkisane

Fenomenet «pappakroppen» vart raskt ein av dei store snakkisane, men det viste seg etter kvart å vere basert på syltynn journalistikk. Ytringa frå Magnus Hoem Iversen punkterte ballongen/den oppblåste pappamagen.

Politikarar brukar også MDMA, skreiv ein anonym bystyrerepresentant i ein større norsk by. «Etter å ha tatt MDMA føler jeg at jeg har blitt et bedre menneske».

Å ha vaskehjelp eller ikkje, det har blitt det sentrale spørsmålet for småbarnsfamiliar i middelklassen i dag. Og vidare; å betale svart eller ikkje. «Det er på tide å slå et slag for tjenerskapet» skreiv Mathilde Tybring-Gjedde i kronikken «Vaskehjelp til folket»​.

Spørsmålet «What would Jesus do» blir brukt av mange som skal ta viktige val i livet. Då Sylvi Listhaug meinte at også Jesus ville ha gjort som Frp, å hjelpe flyktningane i nærområda, vart ho utsett for følgande teologiske harselering: «Da Listhaug så lyset».

Hugsar du han som korrigerte Erna Solbergs skrivefeil, for så å få passet sitt kraftig påskrive av Erna sjølv? «Jeg vet hvem jeg er. Jeg er dysleksidödaren. En fjern, fjern fetter til nettrollet.» skreiv han hos oss i etterkant og kunne stille med ein av årets beste byline-titlar: «Tidligere besserwisser».

Erna vert kritisert for skrivefeil.

Etter at Erna Solberg svarte ein besserwissar på Facebook at ho har dysleksi, hamna saka på alle framsider. Besserwissaren skreiv om lærepengen på Ytring.

Foto: Junge, Heiko/NTB scanpix, faksimile fra facebook (montasje)

«De nære ting»

Ein god kronikk kan vere alt frå ein oversiktleg analyse, eit knallhardt personangrep til ei personleg historie. Ofte er det den siste kategorien som gir samfunnsdebatten det vesle ekstra. Enkeltpersonar som hjelper oss med å zoome inn i kvardagen til folk. Den vesle biten i det store bildet, om du vil.

Sjølvpisking

Og sidan vi no går inn i tida for rituelle framoverpeik med ønsker og lovnader for eit nytt og betre liv, får vi ta med litt sjølvpisking på tampen:

  • NRK er ARK av Frp-politikar Ole T. Hoelseth: «Sosialismen sitter i veggene, men NRK-journalister er ikke i stand til å se det selv».
  • Ingen på dekk av Olav Brostrup Müller skildra NRKs underdekking av maritim sektor slik: «Plasseringen av et kommunalt museum, Munch-museet, har i løpet av noen få år blitt viet mer oppmerksomhet enn den norske kystflåten til sammen.»

Takk for laget i året som har gått frå oss i Ytring-redaksjonen.

Måtte 2016 bli eit godt debattår!

Illustrasjonsfoto Julenisse med mobiltelefon

Og sjølv om vi gjerne ser at de følger oss på nett i romjula, håper vi at de også koplar litt av!

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

Har du forslag til tema og debattar vi bør ta opp i 2016? Har du sjølv lyst til å skrive for oss? Ta kontakt! Retningslinjene finn du her.