Hopp til innhold
Kronikk

Skam til jul

Har du vore ein tur innom skammekroken mellom kaker, konjakk, kos og konsum?

Suzanne Tucker / Shutterstock / NTB scanpix

Å føla skam er så skambelagt at det nesten ikkje finst språk for det. Skam er eit kort og fyndig ord som slår godt og treff tøft, men for somme blant oss er skam ei gift som ikkje motiverer, men lammar, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Suzanne Tucker / Shutterstock / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Skamkjensla, som før i tida var noko me for ein kvar pris skulle unngå, er ikkje berre blitt stoverein. Den er hjarteleg velkommen, og den kjem i eit rikt utval av form og farge.

Flyskam, kjøttskam, kjøpeskam, bilskam eller hytteskam, og det finst sikkert fleire.

Me ler litt av det, me vrir oss litt unna det, men enkelte meiner i ramme alvor at skamfølelsen kan berga verda.

Eg tvilar sterkt på at me skal berga kloden med sjølvpisking.

«Å føle kjøttskam er bra», sa nasjonal talsmann for Grønn Ungdom, Teodor Bruu, då dei i august proklamerte krig mot kjøtt som kvardagsmat.

I same intervju beskriv han skam som ei følelse av å ha gjort noko gale, og at skam kan vera fruktbart fordi det kan føra til politisk endring.

Bakteppet var ein ny rapport frå FNs klimapanel som viste illevarslande tal om klimaendringar og ein konklusjon om at kjøttproduksjonen må drastisk ned.

Bruu konstaterte overfor Dagbladet at «det er alvor nå», og at verkelegheita overgår alle skremselshistorier.

Skam er ikkje nokon button å festa på jakkeslaget.

Det er ikkje lysteleg lesing. Og med dette anslaget er det truleg også nødvendig å fastslå at eg verken er klimafornektar, at klodens tilstand er i orden eller at forbruket vårt er noko å vera særleg stolt av.

Tvert om.

Men at me skal berga kloden med sjølvpisking og skam-salt i såra, det har eg mine sterke tvil om. Eg trur heller ikkje at skam plutseleg kan vera bra uansett kor nobelt målet er.

Mål helgar ikkje alle middel, heller ikkje når det står om klodens framtid.

Skam er eit kort og fyndig ord som slår godt og treff tøft, men for somme blant oss er skam ei gift som ikkje motiverer, men lammar.

Skam er ikkje nokon button å festa på jakkeslaget eller eit vaskevatn for flyborne kroppar som føler seg litt ille tilmote etter fly tur-retur Thailand.

Skam kan på sitt beste vera ein regulator. Eg er vaksen opp i ein kultur der «skammevetet» skulle vera med når ein forsynte seg frå kakefatet.

Å føla skam er så skambelagt at det nesten ikkje finst språk for det.

Men skam i si reine form rettar seg ikkje mot konkrete handlingar (slik skuld gjer det), skam er meir uhandterleg og diffus. Fagfolk beskriv eit landskap av kjensler og mekanismar som er så vanskeleg for den som av ulike grunnar lever med det, at det ikkje er særleg aktuelt å gå rundt og vaia med ordet.

Sagt på ein enklare måte: å føla skam er så skambelagt at det nesten ikkje finst språk for det.

Eller med psykiater Finn Skårderuds ord: «Den dype skammas fremste uttrykk er tausheit; å snakke om sin skam aktiviserer skamma».

Å styra menneske gjennom å påføra skam kan ikkje svanemerkast eller miljøsertifiserast.

Så ja, det blir litt merkeleg når skam plutseleg er relansert som den rette bensinen, orsak uttrykket, for det gode miljøengasjementet.

Den lettvinte omgangen med eit ord som ber i seg så mykje destruktivitet, står fram som rimeleg dekadent. Menneskesynet den avslører er ikkje særleg mykje stiligare.

For på botnen ligg jo det gode gammaldagse mørkemannssynet som særleg venstresida har brukt dei siste tiåra på å overvinne med nebb og klør.

Å styra menneske gjennom å påføra skam kan ikkje svanemerkast eller miljøsertifiserast. At handa som driv med sånt er grøn, gjer det ikkje betre.

Eg trur rett og slett ikkje på metoden, slik eg heller ikkje trur på å skremma folk frå sans og samling med dommedagsprofetiar.

Bilde av isbjørnar på sviktande isflak og kvalar fulle av plast, kan og bør få oss til å gråta, men det må også finnast ei oppleving av at det nyttar å gjera noko anna enn å synka inn i Kleenex-boksen eller å ta oppstilling i skammekroken.

Barn og unge treng å vita at det nyttar å gå ut og plukka søppel langs vegen eller plast-skrot i fjøra.

Barn og unge har klima-trugsmåla i ryggradane sine, dei responderer med fornuft og kjensler mot det som øydelegg naturen og verda.

Dei treng ikkje skam, men handlingsopsjonar, og dei må vera fleire og meir varierte enn å finna måtar å kryssa Atlanterhavet på utan å fly.

Barn og unge treng å vita at det nyttar å gå ut og plukka søppel langs vegen eller plast-skrot i fjøra.

Og me vaksne som skal følgja og oppmuntra dei, må hjelpa både dei og oss sjølve med håp, sjølvdisiplin, glede og motivasjon i møte med korleis me lever våre liv i verda og i naturen.

Kloden har aldri trengt nedbøygde, redde menneske som er motiverte av frykt og tabu.

Det grøne skiftet lar seg ikkje enkelt definera, men det handlar også om eit nytt medvit om forholdet mellom mennesket-natur der ei av erkjenningane er at me menneske ikkje kan tura fram slik me har gjort i mange år.

Det er ei erkjenning som appellerer til ansvar, og det er eit ord som til forskjell frå skam har eit svar i seg.

Det er ikkje vanskeleg å finna teikn på at jorda går mot sin undergang. Det har sivilisasjonar og tider lenge før oss også vigd store spekulasjonar med tilhøyrande dommedags-aktivitetar, anten det var sjølvpisking eller utagerande festing.

Men kloden har aldri trengt nedbøygde, redde menneske som er motiverte av frykt og tabu.

Det er berre å reisa seg opp, kosta av seg skamma og ta sine val med sitt eige hjarte og sin eigen hjerne.