Hopp til innhold
Kronikk

Sjølv små menneske kan endre framtida

Hobbitane sto saman i kampen mot Sauron. Nå må me stå saman i kampen mot klimaendringane.

Margit Fausko ingress crop

Det finst diverre ikkje éin Frodo som kan gå med ringen for oss. Me har alle fått ein ring kvar, som me sjølv må kaste i elden, skriv kronikkforfattaren.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

«Det er ikkje opp til oss å velje kva tid me er fødd i. Men det er opp til oss kva me vil gjere med tida me er tildelt.»

Desse orda sa ein trollmann, ved namn Gandalv, til ein liten og redd hobbit, som aller helst ville late att auga for det fæle som truga verda.

Eg drøymer av og til sjølv at eg vart fødd bland frodige heier ved Irlands vestkyst, midt på 1900-talet. Lenge etter hungersnauden, men før globaliseringa tok av.

Der skulle eg vore sauegjetar, kjøkkenhagegartnar og naturelskar. Eg skulle spelt sekkepipe og regelmessig drukke meg full, og flira meg igjennom livleg folkedans på puben. Mitt eige Hobsyssel.

Som ringens brorskap, kan me lære av styrkane til kvarandre for å kvitte oss med ringen.

Tida eg er fødd inn i let meg ikkje leve i ei slik fred. I vår tid pregar det lokale det globale, og det globale det lokale.

FNs nye klimarapport stadfester at måten me lev på trugar oss alle, at trusselen no er nærmare. Verda står på vippepunktet.

Som 28-åring tilhøyrer eg den fyrste generasjonen i nyare tid som vil få det vanskelegare enn foreldregenerasjonen sin. Klimarapporten hugg dette i stein.

Havet stig 3,7 mm kvart år. Hyppigare og kraftigare ekstremvêr og utrygge avlingar vil prege oss unge si framtid, og det er for seint å forhindre det.

Skjebnespørsmålet er kor ille det blir.

Stoppar oppvarminga på 1,5 gradar, 4 gradar, eller meir?

Stoppar det på 4–6 gongar så mykje ekstremvêr, 9–10 gongar, eller meir?

Blir det 20 % mindre matproduksjon, 30–50 %, eller blir det berre att matproduksjon langt mot sør og nord?

Verda står på vippepunktet.

Visjonen om å nå det scenariet som er minst ille, må me klamre oss til og kjempe for. Eg ber særleg godt vaksne om å ofre litt. Gjere sitt for å gje oss unge ei framtid med eit avgrensa og leveleg kriseomfang, som gir gode sjansar for fred og matsikkerheit.

Verda treng solidaritet, samarbeid og ambisiøst leiarskap i møte med denne krisa.

Me må slutte fred på tvers av grenser og folkeslag, og saman erklære krig mot klimaendringane – slik hobitar, alvar, dvergar, trollmenn, menneske og entar saman erklærte krig mot Sauron i Ringenes Herre.

Å avstå frå denne krigen fordi akkurat me har det fint her, nett no, vil ikkje redde vårt alles gode Hobsyssel.

Det finst diverre ikkje éin Frodo som kan gå med ringen for oss. Me har alle fått ein ring kvar, som me sjølv må kaste i elden.

Eg ber særleg godt vaksne om å ofre litt.

«Ringen» er kanskje eit symbol på vår avhengigheit av den fossile livsstilen som trugar oss alle. Ein livsstil som er basert på overforbruk og forbrenning av olje, kol og gass.

Som ringens brorskap, kan me lære av styrkane til kvarandre for å kvitte oss med ringen.

Når storparten av oss har kasta ringen i elden, er Sauron så svekka at me kan vinne kampen.

Då skal eg ta fram sekkepipa og danse på bordet!