NRK Meny
Kronikk

Sjarkromantikk for vidarekomne

Vi ser han er blitt eldre sidan sist. Men fiskarlivet er hardt. Og politikarane som heile tida skal føle på sitt, gjer det ikkje lettare, skriv forfattar, journalist og forskar Gunnar Grytås.

Kjell Inge Røkke

Sjarken til Røkke blir ofte brukt som bakgrunn for intervju der norsk fiskeripolitikk får så fillene fyk, skriv journalist, forfattar og forskar Gunnar Grytås.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Det er tid for nye sanningsord frå sjarken «Trygg», oppankra i indre Oslofjordbotn. Kjell Inge Røkke poserer i ein ikkje altfor sliten blå kjeledress. Overlevingsdrakt treng han neppe. Og ledningen til NRK-mikrofonen er nett no ei perfekt livline. Klart for opptak til «Fiskerlivets farer. Del II» Anno 2012.

Sjarken blir ofte brukt som bakgrunn for intervju der norsk fiskeripolitikk får så fillene fyk. Med sine 14,95 meter er «Trygg» i denne fartøygruppa. Røkke er registrert på A-lista i fiskarmanntalet; Ei opning for fiskarar som også må ha ei inntekt utanfor fisket for å klare seg økonomisk.

Lys i alle rom

Det er ein risiko med dette. Om du har fiska for lite, eller tener for godt i det andre yrket, kan du bli kasta ut av lista og mister retten til å vere fiskar. Mange har opplevd dette når dei har tent litt for mykje i jobben som bussjåfør eller som vaktmeister på skulen. Røkke slepp å oppleve det. For det er berre lønsinntekter som gjeld. Finansinntekter blir ikkje rekna med. Fiskeridirektør Peter Gullestad trong ikkje kjenne på kva han følte da han skreiv Røkke inn i manntalet. Regelverket er klart nok.

Det går an å overleve også i svartaste motgang. Ovanfor støa heime i Asker blir det nok ei råd med både mat, hus og lys i alle rom.

Gunnar Grytås, forfattar, journalist og forskar ved Universitetet i Tromsø

Med ein eksklusiv minstelott på ein milliard eller så, er fiskaren Røkke på trygg grunn. Rett nok har ikkje fisket hittil i år vore noko å skryte av: 2,7 tonn reker og 110 kilo sei (jfr. oppslag i Fiskeridirektoratet sine register) er lite å leve av, i alle fall når denne sjarken kosta bortimot 10–12 millionar, eller var det kanskje 15? Dette gjer Røkke sin moderne fiskarbondekombinasjon til ei unik historie frå norsk fiskerinæring. Det går an å overleve også i svartaste motgang. Ovanfor støa heime i Asker blir det nok ei råd med både mat, hus og lys i alle rom.

Trålarromantikk

Det er viktig å vite dette. Ikkje minst for alle dei som trudde at sjarkromantikken var daud, nedsalta og gravlagd på eit kontor ved Noregs Fiskerihøgskule som snart skal avstengjast. For alt eg veit, kanskje mitt eige. Heretter skal det handle om trålarromantikk. Mykje meir komplisert, forførande og farleg.

Kor farleg fekk vi sjå i «Brennpunkt» sist tysdag. Ein amper Røkke tok oppgjer med politikarar som «føler og føler heile tida, utan sans for realitetane». Kven var det han meinte?

Skal vi tru VG, er det Helga Pedersen som har irritert Røkke, men tanadialekten var vel for vanskeleg å etterlikne? VG har ein lang tradisjon som talerøyr når storkapitalen vil modernisere fiskerinæringa og motkrefter frå ein ukjend næringskultur står i vegen. På 1950-talet skreiv VG-journalisten Asbjørn Barlaup side opp og ned om velsignelsen med not i Lofoten og tusenvis av sjarkar som burde erstattast av ein stor trålarflåte. Jens Steffensen, truleg den største politikaren Nord-Noreg har fostra, var eit hatobjekt i spaltene. VG-historikar Martin Eide skriv at VG dreiv kampanjejournalistikk lenge før ordet var påtenkt. Når avisa sin kommentator Frithjof Jacobsen slår fast at Røkke har rett, går han i kjende spor.

Trua på Røkke

Sidan Røkke starta oppkjøpsraidet sitt på Melbu i 1995, har han blitt heia fram av politiske miljø på alle nivå. Det starta hos næringsminister Jens Stoltenberg og SND-direktør Tore Tønne som vart ein slags privatpraktiserande fiskeriminister på denne tida. Røkke var Tønne sin utvalde mann, og reiskapen var «fiskerilokomotiv» med filetanlegg og trålarar i same konsern. Jan Henry T. Olsen var ein av dei få som var kritisk, og likte dårleg at Tønne tura fram som han gjorde.

Ein amper Røkke tok oppgjer med politikarar som «føler og føler heile tida, utan sans for realitetane». Kven var det han meinte?

Gunnar Grytås, forfattar, journalist og forskar ved Universitetet i Tromsø

Men makta låg i kjenslene, og det var trua på Røkke som rådde. Hos ordførarane, i dei lokale fagforeiningane, om bord i trålarane og ute på gata. På Stortinget og i LO. Alt av økonomisk støtte vart mobilisert for å hjelpe Røkke med oppkjøp av landanlegg, og tilgangen på billige konkursbu var god. Kvotetaket var heva for å gje plass til stadig fleire trålarar. Etter tur vart båtane ombygde til å fryse eigen fangst. Både gamle leveringsavtalar og deltakarlova kom under press.

Vi oppdaga det ikkje før landingane av fersk og billig russisk torsk til nordnorsk industri forsvann. I ti år hadde ikkje politikarane «følt» det russiske rovfisket i Barentshavet som eit problem. No «følte» dei alvoret i utviklinga, og dei som såg at norske trålarar heldt fram å bryte leveringsplikta, «følte» at dei måtte gjere noko med det. Så kan vi diskutere i kor stor grad Svein Ludvigsen «følte» at han måtte gjere dei gamle leveringsvilkåra om til ei generell plikt om å tilby fangsten dit det var meininga at den skulle leverast som råstoff.

Ein vinnar

Leveringsplikta er i spel samstundes som retten til å fiske er privatisert. Ein ny strukturpolitikk er bygd opp rundt at norske fiskarar kan kjøpe kvarandre ut av fisket gjennom handel med kvotar. Ein slik handel har både vinnarar og taparar. Her har mange sjøsamiske fiskarar grunn til å vere meir forbanna på Helga Pedersen enn Røkke er. Samstundes som Barentshavet sender store mengder torsk inn mot kysten, fekk dei eit tarveleg tilbod då staten «følte» det måtte gjerast opp for gamle synder og tapte rettar. Om nokon «føler» at dei ikkje bør røyste Arbeidarpartiet til hausten er det fullt forståeleg.

Alt av økonomisk støtte vart mobilisert for å hjelpe Røkke med oppkjøp av landanlegg, og tilgangen på billige konkursbu var god.

Gunnar Grytås, forfattar, journalist og forskar ved Universitetet i Tromsø

Røkke står fram som ein vinnar på alt som har skjedd i norsk fiskeripolitikk dei siste 20 åra. Problemet hans der er at det også mellom dei andre vinnarane er mange som «føler» at han har fått kvotemakta i Aker Seafoods alt for billig – sjøl om han investerte to milliardar i nye trålarar. Om Lisbeth Berg Hansen skulle finne på å fjerne dei siste restanse av leveringsplikt vil ho gje Røkke ein større konkurransefordel enn han nokon gong har hatt.

Når ho seier at dersom Røkke ikkje leverer fisk til eigne anlegg så må han setje konsesjonane att på kaien, så er det mange som «føler» dette som rette ord til rett tid. Det var på Melbu han sjølv plukka opp desse konsesjonane i 1995. Det vil ikkje gå lang tid før nye fiskarar melder seg. Då bør nokon «føle» at tida er moden for å inngå ein meir bindande avtale.