Hopp til innhold
Kronikk

Sjakk i norsk skule?

Sjakk betrar konsentrasjonen og minnet. Difor ber eg Stortinget vurdere om sjakk bør vere ein del av opplæringa i skulen.

Magnus Carlsen

Magnus Carlsen har bidratt til å skape sjakkfeber i Noreg. Det bør vi dra betre nytte av, meiner Bård Vegar Solhjell. Han vil vurdere å få sjakk inn som ein del av undervisninga i skulen.

Foto: Jeff Roberson / Ap

Som barn var eg ein aktiv sjakkspelar, særleg fram til 12-årsalderen. Frå tidleg av følte eg at sjakk er meir enn eit spel, at eg lærer og utviklar meg av å spele det. Det er eg ikkje åleine om.

Ein som tidleg formulerte kva utbytte ein kan ha av sjakk, var den amerikanske vitskapsmannen, forfattaren og oppfinnaren Benjamin Franklin. Franklin, som var ein av leiarane i den amerikanske revolusjonen, var også ein ivrig sjakkspelar. I 1786 publiserte han eit essay kalla «The Morals of Chess», best oversett til «Sjakkspelets verdi». Her skriv han at «Sjakkspelet er ikkje berre eit morosamt tidsfordriv; verdifulle eigenskapar for intellektet, nyttige på ulike felt i liva våre, kan bli tileigna og styrka av det så dei blir internaliserte vanar».

Gir betre konsentrasjon

Det stemmer med mi personlege erfaring. Sjakk betrar konsentrasjonen og minnet ditt. Du kan ikkje spele eit sjakkparti godt, ikkje ein gong brukbart, utan å konsentrere deg djupt.

Kanskje Noreg skulle prøve ut sjakk i skulen?

Bård Vegard Solhjell, stortingsrepresentant

For å tenke mange trekk fram, må du sjå for deg stillingar i hovudet, noko som kan trene opp minnet. Ikkje minst er det ein sterk samanheng mellom sjakk og logisk tenking, eller problemløysing.

Ein sjakkspelar gjer konstant val mellom ulike alternativ, og løyser små «nøtter».
Desse eigenskapane ved sjakk har gjort at spelet interesserer pedagogar og skulefolk. Det går faktisk ei bølgje av sjakkinteresse i skulesystem over heile verda.

LES OGSÅ: Magnus Carlsen skaper sjakk-feber

Sjakk i skulen?

I kjølvatnet av den norske sjakkfeberen bør vi nøye vurdere om vi kan dra nytte av gleda den gir sjakkspelarar og TV-sjåarar.

Sjakk betrar konsentrasjonen og hukommelsen din.

Bård Vegar Solhjell, stortingsrepresentant

Kanskje Noreg skulle prøve ut sjakk i skulen? Ein fornuftig start kunne vere å etablere eit forsøk i norsk barneskule. Å la nokre kommunar og skular som ønskjer det prøve ut sjakk som del av undervisninga over nokre år, i eit forsøk som vert evaluert systematisk. Eg vil ta initiativ til eit første steg. Ei høyring på Stortinget om sjakk i skulen, som får fram korleis dette kan gjerast, og kva vi veit om samanhengen mellom sjakk og læring.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Obligatorisk i Armenia

Armenia er ein nasjon med sterke sjakktradisjonar, og har ein av verdas beste spelarar, Levon Aronian. Der vart sjakk innført i 2010 som obligatorisk fag i skulen i 1. og 2. klasse. Armenia vart med det det første landet som gjorde sjakk obligatorisk, men fleire indiske og russiske delstatar har gjort det same. Storbritannia, Spania, Tyskland, Hellas, Kina, Sør-Afrika og USA er blant dei mange titals landa som har program for sjakk i skulen.

Eg vil ta initiativ til eit første steg. Ei høyring på Stortinget om sjakk i skulen.

Bård Vegar Solhjell, stortingsrepresentat

To døme: Den britiske sjakkentusiasten Malcolm Pein starta for fem år sidan opp «Chess in Schools and Communities (CSC).» Dei var på plass i det første klasserommet i september 2010, og tre år seinare nådde dei ut til 250 skular over det meste av Storbritannia. Dei tilbyr eit ferdig opplegg for undervisning, med pedagogar som kan spele sjakk som lærarar. Desse går gjennom enkle kurs før dei underviser. Elevane kan vere i litt ulik alder frå skule til skule, men stort sett i norsk barneskulealder.

LES OGSÅ: Slik ble Magnus verdens beste

På den andre sida av Atlanteren vart America’s Foundation for Chess etablert i år 2000. Dei utvikla eit opplegg for å undervise sjakk i skulen kalla «First Move», eit utdanningsprogram som Magnus Carlsen støttar. Programmet er for andre- og tredjeklassingar, ein time pr. veke, og dei når i 2014 ut til 140.000 elevar i om lag 5000 klasserom i heile USA. Etter først å ha arbeidd etter same mal som britiske CSC, gjorde dei ei viktig endring.

Mange studiar underbyggjer at elevar som lærer sjakk i skulen får betre resultat.

Bård Vegar Solhjell, stortingsrepresentat

Dei etablerte eit videobasert læringsprogram som kan brukast i klasserommet, og baserte seg på at den enkelte lærar ikkje trengde kunne sjakk. Tankegangen bak var å unngå den hindringa som ligg i å rekruttere nok sjakkspelande lærarar, men også at læraren i klasserommet skulle fokusere på det pedagogiske utbyttet medan læringsprogrammet skulle sikre det sjakk-faglege.

Sjakk og læring

Ein viktig grunn til veksten er at det no finst mange studiar som underbyggjer at elevar som lærer sjakk i skulen får betre resultat. Både i USA, Storbritannia og Tyskland er det gjort ei rekke studiar som ser på utviklinga i resultat i matematikk og språk for elevar som lærar sjakk, og samanliknar med kontrollgrupper som ikkje lærer sjakk. I mange av studiane finn ein sterke samanhengar mellom sjakkspel i skulen og problemløysing generelt og matematikk spesielt.

I kjølvatnet av den norske sjakkfeberen bør vi nøye vurdere om vi kan dra nytte av den.

Bård Vegar Solhjell, stortingsrepresentant

Andre studiar har sett breiare på samanhengar mellom sjakk og oppleving av meistring, og på læringsmiljøet på skulen. Lærarane på skular som tek i bruk sjakk i undervisninga rapporterer særs positivt om det, ikkje minst om korleis det påverkar konsentrasjon og læringsmiljø.

LES OGSÅ: Kongen av sjakk.

Når eg les rapportar kjenner eg meg igjen. Då eg som 15-åring starta opp igjen Naustdal sjakklubb, dreiv ein kamerat og eg opplæring av ei gruppe born som anten ikkje kunne reglane eller berre så vidt kunne dei. Eg var ein middels spelar og ukvalifisert lærar, heilt utan pedagogisk innsikt eller kompetanse og med litt uklåre mål for opplæringa. Likevel opplevde eg ei gruppe – og vi snakkar opptil 40 born – som var konsentrert og interessert.

Det er som om sjakk inviterer til konsentrasjon, det dreg merksemda inn mot brettet snarare enn ut av rommet. Eg såg at mange barn, på ulike nivå, kunne oppleve ei kjensle av meistring og framgang. Dei kunne i løpet av få timar lære seg eit spel som ser avansert ut, og i løpet av nokre fleire timar få til det som er kjernen i sjakk – å få brikker til å samarbeide om å setje motspelaren sjakk matt. Desse eigenskapane er overførbare til og nyttige på andre felt.