Hopp til innhold
Kommentar

Sex, sladder og selfie

Julemånaden er høgtid for sladder. Både heime og ute. Som då verdas farvel med vår tids største leiar blei overskugga av ei pikant trekanthistorie – tatt rett ut av lause lufta.

Selfie

Med dette fotografiet vart Selfiegate skapt. David Cameron, Helle Thorning-Schmidt og Barack Obama gjorde seg, saman med ein haug andre brot, skuldig i å vanære Nelson Mandela.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

Det er kanskje berre eit rykte, men forståsegpåarane skal ha det til at desember er høgsesong for sladder og ryktespreiing. I alle fall kokte det i årets siste månad. På sosiale medier – og tildels i etablerte medier – var det plass for både moralistar og umoral. Pass skulle påskrivast, og skrev påpassast. Det kravde sin mann å skilje mellom viktig og uviktig.

Selfiegate

Det er eit knallgodt bilde. Tre vitale toppleiarar poserer muntert for ein «selfie» på tribunen under minnehøgtida for Mandela. Barack Obama, David Cameron og Helle Thorning-Schmidt. Fanga i telelinsa til ein pressefotograf. Det er noko frigjerande uhøgtideleg over situasjonen, nesten privat. Som skulle dei vere vanlege folk. Ved sidan av sit Michelle Obama og ser ein annan veg, utan å ense dei tre andre.

Pass skulle påskrivast, og skrev påpassast.

Knut Magnus Berge

Kanskje blir det årets bilde, men rare storyen er det jo ikkje. Eller? Dei som følgjer med på sosiale medium veit betre. Bildet er nemleg historia om ei maktkåt skandinavisk blondine og ein trulaus amerikansk president. Og ei amerikansk presidentfrue som demonstrativt snur seg bort.

Det tok rett nok litt tid å identifisere blondina, men det blei etter kvart klart at det handla om den danske statsministeren. Britanes statsminister, stakkar, blei noko av ein statist etter kvart som saka vaks under hashtagen «Selfiegate».

Vanæra Mandela

Det var nemleg ikkje lite dei gjorde seg skuldige i. Det starta med ein debatt om vanæring av Mandelas minne. President Obama mangla klasse, danning og finkjensle der han ope kurtiserte blondinestatsministeren for open tv-skjerm, i nærvær av si eiga kone. Før Mandela var i grava.

Og Helle Thorning-Schmidt? Respektlaus. Danskane skamma seg.

Knut Magnus Berge

Og Helle Thorning-Schmidt? Respektlaus. Meir opptatt av sitt eige private skrytealbum enn av å heidre Nelson Mandela. Danskane skamma seg. Og saka vaks etter kvart inn i etablerte danske media. Tabloide Ekstrabladet: «Starfucker Helle på eventyr». At ho er kjendiskåt har nemleg vore kjent lenge. Kven hugsa ikkje då ho kasta seg over «Sex and the City»-stjerna Sarah Jessica Parker for ei tid tilbake?

Blond bimbo

Apropos sex. Kjendiskåt var nemleg berre halve historia. Saftene rann i julemånaden. Trekantdramaet mellom den skandinaviske bomba, den siklande presidenten og den forsmådde presidentfrua blei rulla ut. Bildet fortalde historia, her kravdest ingen ytterlegare dokumentasjon.

Kjendiskåt var berre halve historia. Saftene rann i julemånaden.

Knut Magnus Berge

Det toppa seg i spalta til Andrea Peyser i New York Post. Ho forlanga ei orsaking frå den amerikanske presidenten, som: « ... flirta, sikla ... og dumma seg loddrett ut frå første blikk på Danmarks velforma, yppige, men gifte statsminister». Som «eksponerer sine lange skandinaviske bein dekka berre av svarte strømper». Helle Thorning-Schmidt er «ei blond bimbo utan vet til å dekke seg til», ei «cupcake», kjent i Danmark som fan av kåtingserien «Sex and the City».

Dermed fann historia også vegen inn i dei store, seriøse avisene, som danske Politiken. Og då i form av kommentar- og debattartiklar om fenomenet som spreidde seg i tabloidane og på sosiale media.

Homo-Jens

Visst var det ryktespreiing også før dei sosiale media kom. Sikkert også i desember, og til og med i Noreg. Kven hugsar ikkje perioden då Jens Stoltenberg var homo? Vekselvis i forhold med Arve Tellefsen og Vegard Ulvang. Men den historia held media seg unna, heilt til Stoltenberg sjølv gjekk til VG for å dementere.

Kven hugsar ikkje perioden då Stoltenberg var homo? Vekselvis i forhold med Arve Tellefsen og Vegard Ulvang.

Knut Magnus Berge

Med sosiale medium sit alle på reiskapen til å massekringkaste eit rykte. I ungdomsmiljøet kan det vere livstruande, men også i politikken blir perspektiva snudd på hovudet. Og fenomena veks seg så store at dei etablerte media kastar seg på. Som «dramaet» i Sør-Afrika.

La gå at det kan diskuterast om det var passande å ta selfiebildet under minnestunda. Men seremonien utanfor Johannesburg varte altså i fire timar og var full av musikk og latter. Det var meir karneval og feiring av Mandelas liv, enn dødstungt minnesamvær. At Obama blei introdusert som Afrikas eigen son og held dagens mest gripande tale blei nesten borte. Også fordi det stod ein døvetolk ved sidan av han som viste seg å vere fake. Eventuelt gal. I alle fall skulle han ikkje vore der han var. Og det var reelt nok.

Kva er viktig?

I motsetning til historia frå tribuna. For det er i forteljinga av sjølve trekantdramaet, sex- og sjalusihistoria, at det tar fullstendig av. Fotografen som tok bildet seier Michelle Obama slett ikkje sat for seg sjølv å furta. Tvert om. Bilde kan lyge, skriv fotograf Roberto Schmidt i bloggen sin. Presidentfrua deltok i samtalen med liv og lyst. Likevel levde historia. Og vaks.

Eit fiktivt sjalusidrama og ein reell – men fake – døvetolk er det som står igjen.

Knut Magnus Berge

Ein stad undervegs blei det historia om korleis sosiale media endrar mediebildet og pregar også dei etablerte media. Om offentlege personar som må passe kvart steg dei tar, for teknologien til å lage ein story er over alt, fantasien også. Ein kan undrast kva spelerom som er igjen for offentlege personar, og kor mange som orkar køyret.

Men det mest urovekkande er flyttinga av perspektiv. Kva er viktig og kva er uviktig? Eit fiktivt sjalusidrama og ein reell – men fake – døvetolk er det som står igjen.

Det var vel eigentleg Nelson Mandela det skulle handla om i Sør-Afrika. I desember.