NRK Meny
Kronikk

Saka mot rettspsykiatrien

Vi må revurdere vilkåra for rettspsykiatrien, men det må ikkje bli meir makt til dei sakkyndige. I ein rettsstat skal domstolane ha det siste ordet, skriv justispolitisk talskvinne i Senterpartiet, Jenny Klinge.

Sakkyndige Breivik-saken

Det må vere dommarane som avgjer i straffesaker, ikkje rettspsykiatrane, skriv Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet. Her, dei rettspsykiatrisk oppnemte i 22.juli-saken i diskusjon.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Terroristen var strafferettsleg tilrekneleg den 22. juli 2011, det vart konklusjonen på dommens dag. Dommarane i Breivik-saka festa meir lit til den andre sakkyndigrapporten enn den første. Den heftige debatten om Breivik faktisk var utilrekneleg, eller ikkje, viste kor nødvendig det er å ta ei ny vurdering av rettspsykiatriens rolle i rettsvesenet.

Det er viktig for den enkelte tiltalte, for offer, pårørande og samfunnet at diagnosane er korrekte. Det betyr noko kva slags reglar vi har for kven som skal bli kjent tilrekneleg og ikkje. Rettsavgjerda avgjer reaksjonen på lovbrotet: Fengsel eller tvunge psykisk helsevern. Det er avgjerande for kor lang tid det kan gå før dei slepp ut på gata igjen.

Ulike metodar

Det første psykiatar-teamet såg personlegheitstrekka og ytringane til gjerningsmannen som symptom på sjukdom og psykose. Det andre såg dei i ein samfunnsmessig kontekst, og meinte han var ein del av ein større subkultur av folk som deler haldningane hans. Evnen og viljen til dei to psykiatar-teama til å sjå på større samanhengar var ulik. Metoden var ulik.

Det er usannsynleg at terrorsaka er den einaste saka der det er gjort feilvurderingar i spørsmålet om nokon er tilrekneleg eller ikkje. Slike feil kan gje alvorlige konsekvensar.

Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet

Det er usannsynleg at terrorsaka er den einaste saka der det er gjort feilvurderingar i spørsmålet om nokon er tilrekneleg eller ikkje. Slike feil kan gje alvorlige konsekvensar. Kor lett er det for fagdommarar og lekdommarar å vera ueinig i det sakkyndige har lagt fram? Har rettspsykiatrien fått for stor makt?

Ingen eksakt vitenskap

Psykiatri er ikkje nokon eksakt vitenskap, og det har vi no fått demonstrert. Difor må retten kunne krevje høg kvalitet på sakkyndigrapportar. Tvil hos dei sakkyndige eller den rettsmedisinsk kommisjonen må koma fram og bli ein del av vurderinga i retten. Det er trass alt dommarane som skal ta den endelege avgjerda, også i spørsmålet om tilreknelegheit.

I Noreg finst det ikkje ei eiga spesialitetsutdanning innan rettspsykiatri og heller ikkje noko organisert utdanning eller vidareutdanning. Det er eigne institutt for rettspatologi og -genetikk, men ikkje eit eige institutt for rettspsykiatri. Fleire har teke til orde for å opprette eit slikt, og eg støttar dette.

Avgrense oppgåvene

Jusprofessor Ulf Stridbeck har saman med andre utarbeidd fleire framlegg til korleis ein kan forbetre arbeidet. Dei meiner det bør opprettast rettspsykiatriske klinikkar, der observasjon blir gjort i standardiserte miljø. Målet er grundige og meir standardiserte undersøkingar for å avgrense risikoen for feil.

Fleire foreslår å flytte makt over frå rettspsykiatarane til dommarane. Det er etter mi meining på tide.

Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne for Senterpartiet

Dei vil dessutan avgrense oppgåvene til dei sakkyndige, og gje retten eit meir uavhengig juridisk grunnlag for å ta avgjerder. I klårtekst: Flytte makt over frå rettspsykiatarane til dommarane. Det er etter mi meining på tide.

Leiaren av den rettsmedisinske kommisjon har etter rettssaka på sett og vis beklaga at dei godkjente den første rapporten. Han framheva at kommisjonen berre skal sikre kvaliteten på rapportane, og at deira oppgåve er å finne eventuelle «vesentlege manglar». Han hevda vidare at dette er diffust og vanskeleg for kommisjonen å avgjere, grunna uklåre retningsliner. Her er det ein velutdanna og rutinert fagperson som seier han ikkje kan klårleggje kva vesentlege manglar i ein rapport er. Korleis skal nokon andre klare det då?

Dette svekkjer rettssikkerheita

Dette er eit symptom på at det ikkje er klåre formeiningar om kva jobben går ut på, kva slags metodar ein skal bruke og korleis faget skal utøvast. Dette svekkjer rettssikkerheita. Det er viktig at gjerningspersonar blir vurderte etter dei same kriterium, slik at det ikkje er bortimot tilfeldig om ein blir kjent utilrekneleg eller ikkje. Det er uhaldbart om ulik praksis fører til at somme tilreknelege gjerningspersonar ikkje blir straffa for grov vald og drap.

Her er det ein velutdanna og rutinert fagperson som seier han ikkje kan klårleggje kva vesentlege manglar i ein rapport er. Korleis skal nokon andre klare det då?

Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet

I Noreg kan ein bli kjent utilrekneleg om ein er psykotisk på gjerningstidspunktet, uavhengig av om ein er klår over følgjene av handlinga og vil utføre denne likevel. I Danmark og Sverige må den straffbare handlinga vera eit klårt resultat av psykotisk sjukdom for at ein skal sleppe fengselsstraff. Personar med psykosesjukdommar kan også gjera straffbare handlingar med vitande og vilje. Då er det ikkje rett at dei skal sleppe straff, etter mi meining. Ulf Stridbeck meiner det må vera krav til full psykose og klår realitetsbrist for at nokon skal bli kjent utilrekneleg.

Den vonde viljen

«Eg meiner det er rett å revurdere dei rettslege kriteria for utilreknelegheit.»

Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet

Eg meiner det er rett å revurdere dei rettslege kriteria for utilreknelegheit. Dette handlar om kven som må stå til ansvar for handlingane sine, og kven som ikkje må det. Psykisk sjuke menneske som bryt lova på grunn av at dei er sjuke og ikkje veit kva dei gjer, kjem i ein annan kategori enn friske menneske. Slik må det vera. Men likevel må ein erkjenne at det er glidande overgangar her.

I Noreg er det dessutan ikkje berre handlingane i seg sjølv som kan straffast. Vi straffar også folk for det vi kan kalle den vonde viljen. Ein kan få straff for å planleggje eller forsøke å utføre straffbare handlingar.

Galskapen og vondskapen

Det er mange som er psykisk sjuke, men som ikkje utøvar vald eller tek liv – dei aller fleste gjer ikkje det. Når nokon først har vist seg i stand til å utføre grusame handlingar, ja, då bør vi ha særs strenge kriterium for kven som slepp å ta ansvar for handlingane sine.

«Dersom det ikkje er galskapen, men vondskapen som forårsaker ugjerningane, er det ikkje urimeleg om ein gjerningsmann må i fengsel.»

Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet

Har du eit handlingsalternativ og vel å bryte lova likevel, bør handlinga vera straffbar. Planlagt og overlagt vondskap bør kunne føre til straff, sjølv om vondskapen framstår som ein gal manns verk. For å seie det slik: Dersom det ikkje er galskapen, men vondskapen som forårsaker ugjerningane, er det ikkje urimeleg om ein gjerningsmann må i fengsel.

No må vi sikre oss at lovverket er godt nok og at sakkyndige vurderingar blir best mogleg. Det er derfor tid for å gjera grep for å styrke rettspsykiatrien. Det må likevel ikkje føre til endå meir makt til sakkyndige, i ein rettsstat må det vera domstolane som har det siste ordet.