Hopp til innhold
Replikk

Særinteresse kan du vere sjølv

Ola Borten Moe tek grundig feil når han meiner at grøne satsingar er «svada», og at framtida ligg i olje og gass.

Sveinung Rotevatn

Eg har drive lenge nok med politikk til å vite at lobbyistar er flinke til å hive seg rundt for å sikre betre vilkår for seg og si næring, skriv Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen

«Det grønne skiftet kan bli en kostbar lek for særinteresser, uten reelt innhold», skriv nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe på NRK Ytring, og klagar sin song over havvind og plastsortering.

Eller er det medeigaren i Okea som skriv? Oljeselskapet som trur på ein positiv likviditetsvekst på 60 millionar dollar etter at Stortinget i vår vedtok meir gunstige skattereglar for oljebransjen.

Ein skal verkeleg ha frekkheitas nådegåve for som oljeinvestor å raljere med norske miljøsatsingar nærast før blekket er tørt på det nemnde stortingsvedtaket.

Manglar tiltru til bedriftene

Det er veldig mykje å ta tak i i innlegget til Borten Moe. Alt frå kritikk av skogvern til resirkulering av plast. Det som provoserer meg mest, er likevel Borten Moe si manglande tiltru til det norske næringslivet. Mange norske bedrifter har tent gode pengar på olje og gass. Men det finst faktisk andre måtar å tene pengar på også.

Du skal vere rimeleg fastlåst for å ikkje tru at verda vil vere villige til å betale for grøn klimateknologi.

Det danske energiselskapet DONG er eit godt døme. I 2007 var dei eit selskap med føtene godt planta i petroleum, og berre 6 prosent av inntektene kom frå fornybar. Selskapet skifta strategi (og namn), og 11 år seinare hadde Ørsted 94 prosent av inntektene sine frå fornybar. No kappast dei med Equinor om å ha størst marknadsverdi.

Det nemnde Equinor har dessutan lansert ambisiøse planar for havvind, som Borten Moe er så kritisk til, og byggjer no ut verdas største flytande havvindpark. Dei planlegg også ein kraftig auke i fornybarinvesteringar over heile verda.

Det norske hydrogenselskapet NEL har òg hatt ein kraftig vekst på børsen det siste året og har mange lovande prosjekt på gang.

Det som provoserer meg mest, er Ola Borten Moe si manglande tiltru til det norske næringslivet.

Fastlåste haldningar

«Vi har aldri lyktes med industrireising basert på å produsere noe vi selv ikke har bruk for, eller verda ikke er villige til å betale for», skriv Borten Moe. Det har han sjølvsagt rett i. Men med mindre ein trur at Paris-avtalen berre er tull, eller at EU ikkje meiner det dei seier om utsleppskutt, skal du vere rimeleg fastlåst for å ikkje tru at verda vil vere villige til å betale for grøn klimateknologi.

Sjølvsagt kjem ikkje alle til å lukkast. Sjølvsagt vil det bli investert i klimaløysingar som viser seg å vere blindspor. Men den massive veksten som no skjer over heile Europa i investeringar i batteriteknologi, hydrogen, vind- og solkraft m.m. skjer faktisk av ein grunn. Og grunnen er at dette er industrireising som det er bruk for, og som verda er villig til å betale for.

Store moglegheiter

Når vi no er inne i ei tid med store omveltingar, og stor offentleg pengebruk for å stimulere økonomien, er dette viktig å ha i bakhovudet. Noreg har strategiske moglegheiter til å både kutte klimagassutslepp og skape arbeidsplassar innanfor ei rekke industrielle satsingar. Grøn skipsfart er eit godt døme, der Noreg allereie har veletablerte og komplette maritime klynger med verdsleiande teknologi og kompetanse.

Borten Moe, Okea og Senterpartiet står fritt til å meine at grøne satsingar er «svada».

Dette er grunnen til at heile 4,5 milliardar av krisepakkane frå regjeringa denne våren er retta inn mot grøn teknologi. Ikkje fordi vi skal subsidiere alt som ikkje kan stå på eigne bein, men fordi målretta støtte til banebrytande teknologi også utløyser store private investeringar. Og viser vilje til å bidra med risikoavlasting i ei krevjande tid for norsk næringsliv.

Oljelobbyen

Så har eg drive lenge nok med politikk til å vite at det finst særinteresser i dette landet, og at mange lobbyistar er flinke til å hive seg rundt for å sikre betre vilkår for seg og si næring. Gjerne med fagre løfte om arbeidsplassar. Men at dette skulle vere ei slags spesialøving for dei som jobbar med grøne investeringar, har vel denne våren vist til fulle at ikkje er tilfelle.

Ein skal verkeleg ha frekkheitas nådegave for å som oljeinvestor raljere med norske miljøsatsingar.

Borten Moe, Okea og Senterpartiet står fritt til å meine at grøne satsingar er «svada», og at framtida ligg i olje og gass. Tigeren kan vanskeleg klandrast for å ha striper. Eller pølseseljaren for å meine at pizza ikkje har framtida framfor seg.

Eg for min del trur det mest fornuftige er å ta med oss det beste frå fortida, ikkje minst all den fantastiske kompetansen i olje- og gassnæringa, og bygge framtidas grøne industrisatsingar på skuldrene av denne.

Les også: Ola Borten Moes kronikk: