Hopp til innhold
Kronikk

Så vart det stille

Det er ikkje lenge sidan Høgre-politikarar ropte høgt om menneskerettsbrota i Russland. Det er påfallande kor stille det vart når flyktningane byrja å sykla over Storskog.

Erna Solberg Statsminister Erna Solberg møter russiske menneskerettsgrupper under Sochi-OL

Erna Solberg møtte representantar frå russiske menneskerettsgrupper under OL i Sochi i 2014. 'Det mest oppsiktsvekkande var at dei frå regjeringspartia som har kritisert Russland sterkast dei siste åra – Solberg, Sanner, Brende, Søreide og andre – ikkje hadde kome med eitt einaste kritisk utspel om menneskerettsbrota etter at asylsøkarane byrja å kome frå Russland over Storskog', skriv kronikkforfattaren

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Vi hugsar alle då forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide kom med kraftsalvane om Russland på CNN. Ho er kanskje den norske politikaren som har gått lengst i å kritisere den mektige naboen i aust. Ho sa at «forholdet til Russland er grunnleggende endret. Etter Ukraina blir forholdet til Russland aldri det samme». Ho kunne opplyse at situasjonen var så alvorleg at Norge valde å innstille alt militært samarbeid med Russland.

Ho var ikkje den einaste Høgre-politikaren som kritiserte Russlands mange menneskerettsbrot.

Så seint som i 2013 nominerte Jan Tore Sanner, statsråd og nestleiar for Høgre, den russiske dissidenten Ljudmila Aleksejeva til Nobels fredspris. I grunngjevinga skreiv Sanner at ho er eit viktig symbol på at kampen mot undertrykking og for fridom i Aust-Europa ikkje var over med Sovjetunionens fall. Både rettsstaten, grunnleggande menneskerettar og demokrati var under press i Russland. Han viste også til eit eksempel med at frivillige organisasjonar som får pengestøtte frå utlandet vert tvungne til å registrere seg som utanlandske agentar.

Tydeleg fordømming

Dei framstormande i Unge Høgre har også tidlegare vore tydeleg i si fordømming av menneskerettsbrota i Russland. Under vinter-OL i Sotsji i 2014 oppmoda dåverande leiar Paul Joakim Sandøy statsministeren til å bere ein pin i regnbogefargar på jakkeslaget. «Regjeringen har lovet at de skal ha en meir menneskerettighetsfokusert utenrikspolitikk, og jeg mener Sotsji-OL er en god anledning til å vise hva vi mener med det», sa Unge Høgre-leiaren den gongen.

Det er i grunn fascinerande kor lett det er for regjeringa å gløyme det ein tidlegare har meint om menneskerettsbrot.

Det er heller ikkje lenge sidan statsminister Erna Solberg var skarp i sin kritikk av dei dårlege tilhøva for menneskerettar i Russland. I sin tale til Høgre-landsmøtet i fjor vår tok ho eit generaloppgjer med russarane. «Det er trist å se at dette landet, som har gitt verden så mye, nå utvikler seg i negativ retning. I Russland er demokrati og ytringsfrihet under hardt press. Homofile, frivillige organisasjoner og politiske opposisjonelle opplever trakassering og overgrep», sa ho før ho konkluderte: «Dessverre var det liten grunn til den optimismen vi hadde rundt årtusenskiftet om et mer samarbeidsorientert Russland». Under FN si hovudforsamling eit halvår seinare, sa ho følgande: «Norge fordømmer Russlands brot på internasjonal lov, og Russland si pågåande destabilisering av Aust-Ukrainia.»

Det er snart to år sidan Børge Brende stod på Stortingets talarstol og varsla eit sterkare menneskerettsfokus i utanrikspolitikken. «Vi kan ikke ta menneskerettighetsvernet for gitt. Derfor er det viktig i vår utenrikspolitikk å forsvare menneskerettighetene», sa han då.

Bryt menneskerettar

Kritikken frå framståande Høgre-politikarar har vore på sin plass. I den internasjonale demokratiindeksen frå Freedom House er Russland karakterisert som eit ufritt land, der både sivile og politiske rettar har gått i feil retning dei siste åra. Vi snakkar trass alt om eit land som drep journalistar, som forfølger opposisjonelle og som kvar dag bryt grunnleggande menneskerettar. Russland er eit land som nyleg vart dømt av Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) for å sende syriske asylsøkarar tilbake til krigen i Syria.

Situasjonen er særs ille for innvandrarar og etniske minoritetar som møter diskriminering og trakassering frå både styresmakter og vanlege folk. Attpåtil fekk president Vladimir Putin gjennom ei lov rett før jul som undergrev respekten for internasjonale menneskerettsavtalar, ved at russiske styresmakter lettare kan avvise vedtak mot Russland frå eksempelvis EMD. Sidan juni 2014 har 114 frivillige organisasjonar blitt oppført på russiske styresmakter si liste over «utanlandske agentar». Det er ikkje rart at talet på russarar som søker asyl i utlandet har auka kraftig dei siste åra.

FØLGJ DEBATTEN: NRK Ytring på Twitter og Facebook

Kritikken stilna brått

Det mest oppsiktsvekkande med Børge Brende sitt utspel førre helg, der han på ein subtil måte beklaga at sivile, norske borgarar brukte ytringsfridomen på ein måte som «såra» Russland, var ikkje at han ville ha oss til å snakke lågare om dei russiske menneskerettsbrota. Det mest oppsiktsvekkande var at dei frå regjeringspartia som har kritisert Russland sterkast dei siste åra – Solberg, Sanner, Brende, Søreide og andre – ikkje hadde kome med eitt einaste kritisk utspel om menneskerettsbrota etter at asylsøkarane byrja å kome frå Russland over Storskog. Det hadde allereie vore stille i fleire månader då Brende bad folk om å dempe seg.

Vi snakkar trass alt om eit land som drep journalistar, som forfølger opposisjonelle og som kvar dag bryt grunnleggande menneskerettar.

Tvert imot vart det jobba intenst frå regjeringspartia Høgre og Frp med å skape eit heilt anna inntrykk av Russland. Innvandringsminister Sylvi Listhaug har dei siste månadane sagt at Norge vurderer Russland som eit trygt land for asylsøkarar og flyktningar. På spørsmål om kva som er grunnlaget for vurderingane har ho berre svart at «det kan jeg ikke gå inn på». Det kan i alle fall ikkje vere dei tidlegare utspela til regjeringskollegaene hennar. Om landet som Norge har innført sanksjonar mot, seier statsminister Erna Solberg no at ho er trygg på at asylsøkarar vil få behandling i tråd med internasjonale forpliktingar. Eit land som opposisjonelle russarar flyktar frå, og som ifølge Solberg og andre, manglar ein fungerande rettsstat.

Gjeld mennekrettar berre på solskinnsdagar?

Det er i grunn fascinerande kor lett det er for regjeringa å gløyme det ein tidlegare har meint om menneskerettsbrot, enten dei skjedde i Kina før Dalai Lama ville kome på besøk eller i Russland før flyktningane ville kome hit. Det kan virke som om tanken er at dette maset om menneskerettar ikkje gagnar oss i tider med press.

Viss menneskerettspolitikken til Norge berre skal gjelde på solskinsdagar, så er den ikkje verdt meir enn papiret den er skrive på. For å sitere Jan Tore Sanners (H) Nobel-nominasjon av den russiske dissidenten i 2013: «Vi som er så heldige og født i trygge og demokratiske stater har en forpliktelse til å stå opp for grunnleggende menneskerettigheter og de som kjemper for dette i andre deler av verden». Då kan vi ikkje snu kappa etter vinden når det passar oss.