Hopp til innhold
Kronikk

Risikabelt å skrive nynorsk?

Det har gått greitt å vere prinsippfast nynorskbrukar i skuletida. Men kor lurt er det å skrive jobbsøknadar på nynorsk?

Nynors eksamen

«KVISLEIS» skal det gå om vi ikkje tør å skrive jobbsøknadar på nynorsk? Kva er ein passande dose nynorsk for ein bokmålstalande arbeidsgjevar, undrar kronikkforfattaren. Bildet viser utsnitt av ei eksamensoppgåve frå NTNU. Den var full av feil og hadde til og med reine tulleord i teksten.

Foto: Ingeborg Steine Jensen / Privat

Nok eit russekull pakkar no skulesekken for siste gong. Standpunktkarakterane er sett, og mellom desse finn vi den evig omtalte sidemålskarakteren.

Historier om korleis nynorsken øydela karaktersnittet til unge, lovande studentar går på repeat kvart år. Takka vere nynorsken kjem dei ikkje rett inn på jussen, må vite. Rett nok var ikkje spanskkarakterene akkurat til hjelp, men det var definitivt nynorsken som sette spikaren i kista. Kjære bokmålsvener, hald ut, denne teksten er til dykk.

Ein optimistisk minoritetselev

Eg var ein prinsippfast nynorskskrivande russ, og ifølgje statistikken gjer det meg til ganske sjeldan vare. I 2015 hadde berre 12 % av norske grunnskuleelevar nynorsk som hovudmål, på vidaregåande var det truleg færre, men dette var meg rivande likegyldig då eg rocka diktanalyse på vidaregåande.

Seinare har det vist seg utfordrande å vere ein så liten del av statistikken, for kva skjer med ein nynorskbrukande optimist utanfor skulestova?

Ved eksamen må ein ofte rekke opp handa for å få delt ut eksamen på nynorsk, og det kjennest som eg er del av ufrivillig protest når eg, som ein av åtte i ein eksamen med minste hundre studentar, stikk armen i været.

Men verre er det at eg føler eg tek ein risiko når eg rekk opp den sta nynorskarmen min, då eksamensoppgåver på mystisk vis kan verte ugjenkjennelege når dei vert omsett til nynorsk. Nyleg såg vi eit nærast komisk skrekkeksempel på dette på NTNU. Og vidare, om kollokviegruppa mi ikkje forstår ordet «eining», gjer sensor det?

Eg føler eg tek ein risiko når eg rekk opp den sta nynorskarmen min.

Den vanskelege jobbsøknaden

Trass desse utfordringane grusar eg på nynorsk og det er gått fint så langt. Men nye problem melder seg framleis, hin dagen enda eg opp i ein ny diskusjon med to venninner.

Dei to nyttar kvar si målform; lat oss for å gjere det enkelt (og for provokasjonen sin del) kalle dei NYfiken og BOrtkomen:

Nyfiken skal søke jobb og er redd for å bli sett som sær og vanskeleg om ho skriv jobbsøknader i Oslo på nynorsk. Bortkomen meiner at det er gode sjansar for dette og at Nyfiken difor bør nytte seg av bokmål. Eg er, ikkje overraskande, ueinig og seier at Nyfiken må ta seg saman: Så klart skal ho skrive søknader på si eiga målform!

Bortkomen meiner eg må sjå realitetane i kvitauge og spare nynorsken til eg kjem heim att til Vestlandet. Eg smell i lufta og seier at nynorsk er del av identiteten min. Bortkomen seier ho synest nynorsk både ser og høyrest finare ut enn bokmål, men at ein ikkje kan tre språket nedover hovudet på resten av landet. Raud i fjeset seier eg at nynorsken vil døy om vi ikkje brukar han.

Kva skjer med ein nynorskbrukande optimist utanfor skulestova?

Ville du tatt meg ut av søkarbunken om eg hadde skrive «eg ynskjer å jobbe hjå dykk, vonar snarleg svar»? Hadde du tenkt eg var litt for mykje? Kva om eg skreiv «eg ønskjer å jobbe hos dykk, håpar på snarleg svar». Er det framleis for mykje? Eller er dette ein passeleg dose nynorsk?

For ei tid tilbake spurte eg nokre vener om dei nytta nynorsk utanfor privaten. Mange gjer ikkje det, ikkje fordi dei ikkje helst vil bruk nynorsk, men fordi dei ikkje tek sjansen.

FØLG DEBATTEN: Facebook og Twitter

Ikkje ein kuriositet

I denne teksten har eg mellom anna omtalt meg sjølv som «sta» i min bruk av nynorsk. Ordet gir ein negativ konnotasjon – at eg står på mitt uavhengig av rasjonalitet – men eg har ikkje noko ønskje om å vere sta, kanskje konsekvent, men ikkje sta.

Det eg ønskjer er å sleppe å vere i tvil om eg kan nytte mi eiga målform. Eg vil ikkje vere sta, men eg vil heller ikkje unnskylde meg: Eg vil ha ei levande målform, ikkje ein kulturell kuriositet.

Det eg ønskjer er å sleppe å vere i tvil om eg kan nytte mi eiga målform.

Difor vil eg vil vere unge, lovande bokmålselevar evig takknemleg om dei legg inn litt ekstra innsats når dei skal ta nynorskeksamen opp att. Eg håper dei gjer sitt yttarste for å ikkje skrive svensk i staden for nynorsk, ei ganske vanleg fallgruve ifølgje fleire bokmålsvener. Sluttar dei å lære nynorsk vil det til slutt vere umogleg for slike som meg å bruke språket, og det vil døy.

Heilt til sist vil eg legge til at eg stiller meg bak NTNU si innføring av ordet «kvisleis», som i mi erfaring er alle austlendingar sitt favorittord. Kanskje dette kan gi nynorsken fleire tilhengjarar.